«Kutta som er foreslått vil verke direkte inn på kyrkjene våre»

23 hours ago 4



Den norske kyrkja står overfor ei utfordrande framtid dersom dei borgarlege partia får gjennomført sine forslag til kutt i statsstøtta. Høgre, Venstre og Framstegspartiet har alle føreslått store kutt som vil påverke kyrkja si evne til å tene lokalsamfunna våre på Agder.​

I sitt alternative statsbudsjett foreslo Høgre kutt på 96 millionar kroner til Den norske kyrkja og 100 millionar til kyrkebevaring. Samtidig har Venstre føreslått langt større kutt, som kan føre til at opptil 400 prestar mister jobben. I tillegg kjem Framstegspartiet med sitt vedvarande krav om å fjerne all støtte til trus- og livssynssamfunn. Det er ei skremmande utvikling.

Den norske kyrkja er ein viktig pilar i mange lokalsamfunn på Agder. Kyrkjene våre er ikkje berre fine bygg – dei er samlingspunkt for lokalsamfunn, og dei ber på vår felles kulturarv. Vedlikehald av historiske kyrkjer og presteteneste i lokalsamfunn er avgjerande for å oppretthalde den kulturelle og religiøse infrastrukturen vi er avhengige av.

Leserskribenten: Eivind Drivenes, stortingsrepresentant for Senterpartiet. Foto: Bertine Midttun

Kutta som er foreslått vil verke direkte inn på kyrkjene våre på Agder, og det er våre lokalsamfunn som vil merke konsekvensane. Det er viktig at kyrkja får stabile og føreseielege rammevilkår, slik at vi kan sikre at kyrkjene står støtt i framtida.

Senterpartiet har alltid stått fast på at kyrkja treng stabil finansiering. Vi har kjempa for at kyrkjebevaringsfondet skulle kome på plass, slik at dei viktige kulturminna våre blir verna for komande generasjonar. Dette er ei viktig satsing, ikkje berre for kyrkja, men også for lokalsamfunna våre på Agder.

Korleis kan Høgre påstå at dei vil styrkje kyrkja, når dei både kutter i kyrkjesektoren, og skal samarbeide med parti som ønskjer å kutte enda meir?

Senterpartiet kjem til å halde fast på kravet om stabil finansiering for Den norske kyrkja. Kyrkja har ei viktig rolle både som trussamfunn og kulturberar. Vi kan ikkje la borgarleg kaos føre til kutt som setter denne viktige infrastrukturen i fare.

Eivind Drivenes,

Stortingsrepresentant Senterpartiet

Korleis kan Høgre påstå at dei vil styrkje kyrkja, når dei både kutter i kyrkjesektoren, og skal samarbeide med parti som ønskjer å kutte enda meir?

Read Entire Article