Kulturrådet gav millionbeløp til eigne utvalsleiarar: – Blodig urettferdig

3 days ago 9



I haust har Nettavisen og Subjekt avdekt at utvalsleiarar i Kulturrådet har fått tildelt betydelege millionbeløp.

Ved fleire høve har personar frå faglege utval tildelt pengar til seg sjølve.

Nå skal Kulturrådet granske seg sjølv. Fleire meiner det ikkje er nok.

– Her må det eksterne krefter inn. Dei kan ikkje granske seg sjølve i ei sånn sak, som nettopp handlar om tette band og inhabilitet, seier regissør og kunstnar Morten Traavik.

Morten Traavik

Traavik etterlyser ei ekstern undersøking.

Foto: Joerund F Pedersen / Joerund F Pedersen

– Dette verkar først og fremst som blodig urettferdig, seier Traavik.

Leiar i Kulturrådet har forståing for at det kan oppfattast slik.

– Tildelingane som har vorte diskuterte i haust, er gjort etter dagens lover og retningsliner, men vi ser at det bryt med det mange meiner er rett og rettferdig, seier Sigmund Løvåsen.

En person står foran en bokhylle med bøker og blar i en publikasjon. Omgivelsene inkluderer søyler og vinduer som slipper inn naturlig lys. Bøkene er fargerike og plassert tett sammen. Bakgrunnen viser deler av en bygning som kan indikere et offentlig rom.

Sigmund Løvåsen er leiar i Kulturrådet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Vil behalde 7,5 millionar kroner

– Nå er det fleire skandalar med dobbeltroller, sa Silje Hjemdal (FRP) i Spørjetimen i Stortinget førre veke.

Ei av sakene gjeld dansekompaniet Impure som ber om å få behalde 7,5 millionar kroner som stod att frå førre tildeling.

En mann med grått hår og skjegg står foran en grønn bakgrunn. Han har på seg en svart genser. Mannens ansikt er ikke synlig. Bakgrunnen er jevn og fargerik, noe som gir en moderne følelse.

Hooman Sharifi er leiar for Impure Company, og sit som leiar i eitt av utvala til Kulturrådet.

Foto: Robert Rønning / NRK

Reglane tilseier at slike midlar skal betalast tilbake, men det er framleis usikkert om pengane skal behaldast.

Saka skal nå behandlast av to faglege utval i Kulturrådet. Det eine utvalet blir leidd av Hooman Sharifi. Han er også dagleg leiar i Impure Company.

I SMS til NRK skriv Sharifi at han er sjukmeld, og at det er advokaten hans, Hans Marius Graasvold, som skal svare på spørsmåla på hans vegner.

Hooman Sharifi som danser.

– Det er ikkje riktig at Sharifi har tildelt dansekompaniet Impure Company pengar medan han sat i utvalet. Han har opptredd i tråd med reglane til Kulturrådet, og har ikkje vore til stades då saka blei behandla.

Graasvold seier òg at det er opp til Kulturdirektoratet om Sharifi skal betale tilbake eller ikkje. Han legg til at Sharifi ikkje lenger sit i styret til Impure Company.

– Det er for å sikre ein armlengds avstand til behandlinga av saka. Han kjem til å fungere som dagleg leiar. Sharifi har òg levert ei forklaring for tildelingane han har fått tilbake i tid. Forklaringa strekkjer seg tilbake til tida under pandemien.

Synest du det trengst ekstern gransking av Kulturrådet?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Dette må ryddast opp i

– Dette trur eg handlar om folk si allmenne rettsoppfatning, og ikkje minst tillit til at kulturmidlar blir brukte på den måten som dei er tenkt å bli brukte, seier Traavik.

Venstre-politikar Grunde Almeland meiner det openbert er noko som ikkje fungerer som det skal.

en mann med en hvit maske i ansiktet

Grunde Almeland synest ikkje alt fungerer som det skal i Kulturrådet.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Dette handlar om tillit til heile ordninga. Dette må ryddast opp i, seier Almeland til NRK.

Lubna Jaffery (Ap) svarte i spørjetimen førre veke. Som kultur- og likestillingsminister har ho det overordna ansvaret for Kulturrådet.

en person som står i et rom fullt av mennesker

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) under den munnlege spørjetimen i Stortinget onsdag.

Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB

– Vi tek dette på stort alvor. Dette handlar om tilliten til Kulturrådet og det dei forvaltar. Forvaltningslova lagar reglar for habilitet, og dei er følgde.

– Likevel har det komme tildelingar vi er gjorde merksame på, og som rokkar ved denne tilliten. Eg har difor bede om ein gjennomgang for å sjå korleis dei gjennomfører og praktiserer reglane, og følgjer dei opp, svarte kulturminister Lubna Jaffery.

Publisert 24.11.2025, kl. 18.05

Read Entire Article