Kultur og forsvar

9 hours ago 4



 forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Foto: Ronja Sagstuen Larsen

Publisert: 10.01.2025 01:00

Kva kultur skal inngå i totalforsvaret, spør kulturhistorikar Ole Marius Hylland i Aftenposten 4. januar. Eg er mest redd vi skal miste fokus.

Kultur som premiss for motstandsdyktigheit går utover utfordringar ikkje berre i etterkant av den sikkerheitsmessige tornerosesøvnen vi har bråvakna frå, men også i spørsmål som utanforskap i samfunnet.

Kulturen i stort påverkar vårt moralske kompass og den ryggmergsrefleksen som er så avgjerande når krisa rammar. Tilliten som har kjenneteikna oss, svekkast når tilnærmingar i større grad vert prega av «meg og mitt» i staden for det kollektive. Koronapandemien kan tene som eksempel. Faglege råd vart sett til sides grunna press. I forlenginga av dette er vaksinemotstanden vi berre har sett starten på.

«Kultur et struktur til frukost» er eit uttrykk mykje brukt innan organisasjonsutvikling. Dette er relevant også for å byggja ein forsvarsevne som kan understøtte militære og sivile prosessar i krisesituasjonar.

Harald Sve Bjørndal, ordfører, Vågå

Read Entire Article