Krona svekker seg betydeleg

4 hours ago 3



Krona svekka seg i ettermiddag markant mot dollaren, etter at det kom uventa sterke jobbtal frå USA.

Dollaren var heilt oppe i 11,50 kroner kort tid etter tala vart publiserte 14.30 norsk tid. Like før kosta ein dollar 11,40 kroner.

Det er nivå ein ikkje har sett sidan koronapandemien slo innover landet i mars 2020. På eit tidspunkt, den 19. mars 2020, kor dollaren kosta like i overkant av 12 kroner, greip Noregs Bank inn for å styrke den hardt råka krona.

Klokka 15.08 har krona henta seg litt inn, og ein dollar kostar no 11,45 kroner.

Det vart 256 000 nye arbeidsplassar utanfor landbruket i USA i desember, langt fleire enn det fleire økonomar hadde venta på førehand.

Dette talet seier noko om kor mykje fart det er i den amerikanske økonomien, og gir ofte utslag i finansmarknaden.

– Dagens tal peiker i retning av ingen rentekutt, eller eitt heller enn to rentekutt i USA i løpet av 2025, skriv Dane Cekov, seniorstrateg i Sparebank1 Markets.

Read Entire Article