Kristiansand er i ferd med å bli ein segregert by

5 days ago 19



Planforslaget for Lagmannsholmen svarer ikkje ut politiske vedtak.

– når vi skal bygge ein ny høgprofilert bydel med tusen bustader, så saknar eg ei grundigare vurdering av kostnadsnivået, skriv SV-politikar Alf Holmelid. Foto: Vizbo/Kristiansand kommune

Kristiansand er i ferd med å bli ein segregert by. Alt på åttitalet tok SV opp denne utfordringa og fekk gjennomslag for å satse på variert bustadbygging i alle bydelar. Saka er følgt opp ved fleire høve, og det er mykje verbal velvilje å hente. Men det skortar på praksisen.

Byutviklingsprosjekta på Tangen og Silokaia er eksempel på område som trekkjer til seg bestemte grupper. Dei er dominert av godt vaksne personar med god inntekt og utflytta barn, og innvandrarar er underrepresentert. Samtidig er det område som har lettare tilgang til kulturtilbod enn andre deler av byen.

No står regulering av Lagmannsholmen for tur. Det kan bli ei vidareføring og forsterking av denne utviklinga. Då planprogrammet for Lagmannsholmen blei behandla, fekk SV gjennomslag for ein del krav til planarbeidet, blant anna: “Sosioøkonomiske forhold og bustadprisar skal utgreiast.”

Plandokumentet som no skal sendast på høyring, nemner at kultur og attraktive fellesområde kan ha positive sosioøkonomiske effektar. Det er vel og bra. Men eg kan ikkje sjå at dokumentet inneheld noko analyse av forventa bukostnader og sosioøkonomiske effektar av eit høgt prisnivå slik vedtaket krev.

Byutviklingsprosjekta på Tangen og Silokaia er eksempel på område som trekkjer til seg bestemte grupper.

Dei forventa bukostnadene heng saman med kostnadene for å flytte konteinarhamna. Då har vi ikkje tatt med kostnadene for ny hamnegate som skal finansierast av bompengar og bykassa. SV har fått gjennomslag for at eksterne ekspertar skal gå igjennom den økonomiske analysen av hamneflyttinga. Men i plandokumentet som no skal på høyring, kjem det fram at denne gjennomgangen er utsett til andre gangs høyring. Dermed har vi mangelfull kunnskap om kostnadsnivået og kva konsekvensar det får for bukostnadene og for utvikling av området.

Rett skal vere rett. Plandokumentet nemner at vi seinare i planprosessen kan komme tilbake til eigarformer og finansieringsmodellar som kan legge til rette for at folk med ulik finansieringsevne kan få seg ein bustad på Lagmannsholmen. Men når vi skal bygge ein ny høgprofilert bydel med tusen bustader, så saknar eg ei grundigare vurdering av kostnadsnivået. Kva konsekvensar vil det forventa kostnadsnivået få for bysegregering og andre sider ved den omfattande bytransformasjonen? Dersom det ikkje er realistisk å legge til rette for variert prisnivå på bustader, så er det kanskje betre å auke fellesareal og utelivsaktivitetar slik at heile byen får nytte av området.

Planforslaget for Lagmannsholmen har mange spennande element som det er viktig å drøfte. Men dokumentet manglar tilstrekkeleg grunnlagsmateriale for å diskutere om det er mogeleg å bygge ein variert bustadmasse med variert prisnivå. Dermed har vi heller ikkje eit godt grunnlag for å vurdere kva som må leggast inn som føringar i den vidare planprosessen. Eg vonar like vel at mange høyringsinstansar, ikkje minst potensielle utbyggarar, kommenterer dei bustadpolitiske aspekta ved dette gigantprosjektet som langt på veg vil transformere byen.

Read Entire Article