Krev erstatning for sprøytene ho fekk på sjukehuset

2 hours ago 1



Det er ei uvanleg sak som kjem for retten denne veka.

Der er 61 år gamle Inger-Mari Eidsvik frå Ålesund hovudpersonen – og motparten er den norske stat.

Spørsmålet retten skal ta stilling til er om legane kan tvangsmedisinere menneske som er så sjuke at dei kanskje ikkje veit sitt eige beste.

Eidsvik krev at staten blir dømd for brot på menneskerettane hennar då ho var innlagt i psykiatrien.

Sjølv om ho stritta i mot, heldt dei henne fast og sette sprøyter med antipsykotiske medisinar.

– Det er eit overgrep. Eg er forferdeleg traumatisert av dei opplevingane, seier Eidsvik. Ho seier ho framleis har mareritt om at ho blir halden fast og sett sprøyter på.

071124-FRI-Saksøker staten-1977

Inger-Mari Eidsvik meiner at tur og samtale har gjort henne godt når ho var sjuk.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Eidsvik har vore psykotisk og innlagt i psykiatrien fleire gonger, men meiner at medisinen gjorde henne sløv og endå sjukare. Ho ville heller hatt samtaleterapi og tid til å kvile ut, og seier ho har erfart at det har gjort henne frisk raskare.

I dag er ho i full jobb som behandlar innanfor rus og psykiatri i Helse Møre og Romsdal. Det er ni år sidan ho sist var innlagt.

Hevdar det var nødvendig med tvang

Regjeringsadvokaten, som fører saka for Helse- og omsorgsdepartementet, avviser skuldingane. Advokat Bjarne Snipsøyr viser til at fagfolka meinte det var nødvendig å bruke tvang for å hjelpe ålesundskvinna då ho var på det sjukaste.

– Lova om tvang i psykiatrien i Noreg opnar for tvangsinngrep berre dersom det er strengt nødvendig, og det er heilt i tråd med menneskerettane. Her har det vore strengt nødvendig, slår advokat Bjarne Snipsøyr fast.

Oslo tingrett konkluderte med det same då saka blei behandla første gang i retten i fjor vinter.

Bjarne Snipsøyr

Bjarne Snipsøyr er advokat hos Regjeringsadvokaten og fører saka for staten.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Strenge krav

Dei siste åra har stadig fleire nordmenn blitt tvangsmedisinerte, trass i at behandlinga er omstridd. Berre i 2022 blei nærare 3750 menneske tvangsbehandla på ulike måtar.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har følgt nøye med på saka, og er kritisk til bruken av tvang i psykiatrien. Fagdirektør Guri Hestflått Gabrielsen seier det er viktig å få prøvd spørsmålet i retten.

Det er ingen tvil om at Inger-Mari Eidsvik gjer ein stor innsats på vegner av mange personar som blir utsette for tvangsmedisinering i Noreg. Det er grunn til å rose henne for den innsatsen ho gjer ved å ta denne saka, seier Gabrielsen.

Guri Hestflått Gabrielsen

Fagdirektør Guri Hestflått Gabrielsen hos Likestillings- og diskrimineringsombodet følgjer nøye med på saka.

Foto: Christine Brown Vollan / LDO

Advokatar jobbar gratis

Dei siste åra har ekspertane diskutert om det er mogleg å bruke mindre medisinar og mindre tvang. Psykiater Trond Aarre meiner tvangsmedisineringa i norsk helsevesenet er sterkt problematisk, og seier at sjølv Folkehelseinstituttet vedgår at den reelle effekten er usikker.

Inger-Mari Eidsvik stiller med eit koppel med advokatar, fleire av dei jobbar gratis for å sikre at saka kjem for retten.

På benkeradene i Borgarting er det venta folk frå pasientorganisasjonar, helsevesenet og andre støttepersonar.

– Vår pasientgruppe har ingen stemme, difor er saka viktig, seier Eidsvik.

En voksen kvinne holder en liten hund i armene. Hun har langt, grått hår og bærer en blå genser. Omgivelsene er hjemlige, med planter og bokhyller synlige i bakgrunnen. Lyset fra vinduet skaper en lys og varm atmosfære.

Inger-Mari Eidsvik og hunden Kompis har hatt mange turar i skog og mark. Eidsvik meiner fysisk aktivitet har god effekt både på fysisk og psykisk helse.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 26.11.2025, kl. 05.11

Read Entire Article