Kreftlegar utanfor Austlandet i opprør mot Kreftforeningen

47 minutes ago 1



Kreftforeningen har i år delt ut 183 millionar kroner til forsking på kreft. 18 av 24 prosjekt som har fått pengar er i det sentrale austlandsområdet.

– Det er ein veldig skeivfordeling. Det var aktive forskargrupper ved alle universiteta i Noreg. Men dei døyr no ut.

Bjørn Tore Gjertsen har fått med seg Oddbjørn Straume og Christian Beisland. Dei tre er leiande personar i kreftbehandlinga på Haukeland universitetssjukehus.

I ryggen har dei og forskarar frå dei andre store sjukehusa utanfor Helse Sør-Øst, i det dei sjølv kallar eit «kystopprør mot Kreftforeningen».

– På sikt fører dette til dårlegare pasientbehandling. Det tenker eg folk som gir pengar til Kreftforeningen bør vite om, seier Christian Beisland, klinikksjef for klinisk medisin på Haukeland.

en gruppe menn som sitter ved et bord

Oddbjørn Straume, direktør for kreftbehandling, Christian Beisland, klinikksjef for klinisk medisin, og Bjørn Tore Gjertsen, forskar og overlege.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Fagfolka er samstemte i at det i dag er ei skeivfordeling som skaper a- og b-sjukehus innan kreftbehandling.

Det er naudsynt å ha eit forskingsmiljø for å halde seg oppdatert på det nye innan feltet, meiner dei.

Om Kreftforeningen vil ha god forsking i heile landet må dei vere beviste på at dei har eit ansvar for å støtte miljø og utanfor Oslo. Spreiing av kunnskap og kompetanse er avgjerande for at pasientar over heile landet skal få lik behandling, seier Ole-Morten Seternes, professor og kreftforskar ved Universitetet i Tromsø.

Benedicte Sjo Tislevoll, UiB

Bjørnar Gilje, Stavanger universitetssjukehus:

Kreftforeningen burde ha en nasjonal tilnærming til sine tildelinger. Kreftforskning og lokal kompetansebygging er nødvendig for å kunne gi et likeverdig tilbud  i hele landet, en geografisk tildelingsnøkkel burde derfor innføres.

Ole-Morten Seternes, Universitetssykehuset Nord-Norge

Hvis Kreftforeningen vil ha god kreftforskning i hele landet så bør de være bevist på at det har ansvar. Dette er viktig for spredning av kunnskap/kompetanse i hele landet slik at kreftpasientene får likt tilbud til behandling.

Tobias Slørdahl, St. Olavs hospital, Trondheim

Vi har over år sett en veldig skjeiv fordeling. De fleste midler havner i Oslo. Men pasientene flest bor ikke i Oslo. Kreftforeningen har et ansvar når de formidler forskingspenger.

Bjørn Tore Gjertsen, Haukeland universitetssjukehus, Bergen

En evaluering som kreftforeningen gjør gir karakterer med desimaler. Mange søknader blir funnet støtteverdige, men når ikke opp. Nå tror jeg vi må gå for regional støtte etter innsamling.

Meiner manglande søknader er årsaka

Kreftforeinga sine eigne tal viser at dei har delt ut 183 millionar kroner i forskingsmidlar i år gjennom forskingstildelinga.

135 millionar kroner har gått til prosjekt i Oslo-området.

Det er nesten tre av fire innsamla kroner.

Generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross seier dei er opptekne av å styrke fagmiljø over heile landet, men at kvaliteten på forskinga er det avgjerande for tildelingane.

– Kreftforeningen ønsker at fleire skal overleve kreft. For å bidra til det, så gir vi pengar til den forskinga som har høgast kvalitet, basert på søknader frå forskarane.

Ross seier ho er samd i premissen at mindre forsking kan gå ut over pasientbehandlinga på sikt.

Og ho meiner at det ikkje er grunn til å tru at forskinga har lågare kvalitet utanfor Austlandet. Likevel kjem dei aller fleste søknadene frå Oslo-området.

98 søknader kom frå sjukehus og universitet i Oslo og Akershus. Berre 48 kom frå resten av landet. Ross oppmodar fleire til å søke.

Det er nesten som å kjøpe lodd. Sjansen for å få gjennomslag aukar med talet lodd, seier generalsekretæren.

en kvinne med langt hår

Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen seier dei er opptekne av å løfte fram forskarmiljø utanfor Oslo.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Har gitt opp å søke

Dei rett over 300 millioner kronene som Kreftforeningen årleg deler ut til forskarar er ein betydeleg del av forskingsmidlene på kreft her i landet.

Til saman har foreininga samla inn, og delt ut, over 6 milliardar kroner.

Tala frå Kreftforeningen viser at fordelinga mellom det dei sjølv kallar distrikt og Stor-Oslo varierer frå år til år.

I 2022 gjekk nesten halvparten av midla til forskarar utanom det sentrale Austlandsområdet. Året etter fekk «distrikta» berre om lag 13 prosent av den sentrale potten.

– Det er eit viktig ansvar for Kreftforeningen å fordele middel slik at det kjem alle pasientar til gode, seier Tobias Slørdahl som er kreftforskar og overlege på St. Olavs i Trondheim.

– Når folk vert avvist år etter år, og veit at midla stort sett hamnar i Stor-Oslo uansett, då orkar ein til slutt ikkje å sette seg ned å skrive søknaden, meiner Slørdahl.

En mann i hvit laboratoriefrakk

Tobias Slørdahl ved St. Olavs hospital meiner Kreftforeinga har eit stort ansvar

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Det er kollegaene i Bergen samd i. Bjørn Tore Gjertsen seier han gjennom karrieren har fått mange millionar kroner til å forske med av Kreftforeningen.

Han har til og med vunne pris frå organisasjonen, og er medlem i det vitskapelege rådet i Kreftforeinga.

Men no vert det opplevd som umogeleg for unge med ambisjonar om forskarkarrierar å nå fram utanfor hovudstaden.

– Mine kollegaer som har prøvd å søke tre-fire gongar gjev sjølvsagt opp, seier forskingsleiaren.

– Vi må ha med alle talenta. Og talenta er spreidd over heile landet.

Dei tre på Heukeland meiner at det sentraliserande systemet er sjølvforsterkande. Når eit miljø for forskingsmiddel, vert det lettare å nå opp med nye søknader i neste runde.

Opprørs-legane tek difor til ordet for at innsamla forskingsmiddel må kvoterast ut i regionane for å sørge for ei god kreftbehandling i heile Noreg.

Sykehusbygning

Protonbygget er det nye senteret for kreftbehandling i Bergen.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 24.11.2025, kl. 21.24

Read Entire Article