Køyrde knivstukken kompis til legevakta – så skjedde det som ikkje skulle skje

7 hours ago 4



Ho kan ha redda livet til kompisen. Likevel får ho straff.

 Mathias Kleiveland / TV 2
DRAMA: Sandane ligg i Gloppen kommune i Vestland fylke. I november i fjor vart ein mann livstrugande skadd på ein fest her. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Publisert 15.04.2025 19:00 Sist oppdatert 28 minutter siden

Fredag 1. november i fjor vart ein mann i 20-åra knivstukken på ein fest i Sandane i Vestland fylke.

Mannen fekk svært alvorlege skadar. Ein jamaldra mann vart sikta for drapsforsøk etter episoden. Ein tredje mann er sikta for medverknad.

Etter knivstikkinga stod det om livet for den skadde mannen. 

Det kjem fram i ein fersk dom i Sogn og Fjordane tingrett.

Handla i naud

Men dommen handlar ikkje om det politiet meiner var eit drapsforsøk. Den saka er framleis under etterforsking.

Dommen handlar om dramatikken etterpå.

Den knivstukne mannen var så hardt skadd at det hasta å skaffe han legehjelp. Han vart difor køyrd til legevakta av ei venninne.

Den unge kvinna var ikkje edru, men i slike situasjonar blir naudretten gjeldande.

Naudrett er enkelt forklart retten til gjera lovbrot for å berge seg eller andre ut av ein naudsituasjon.

 Frode Sunde / TV 2
DØMD, MEN: Sogn og Fjordane tingrett har domfelt kvinna, men ho slepp fengselsstraff. Foto: Frode Sunde / TV 2

Tingretten skriv at mannen var «livstruende skadet etter flere knivstikk». 

Det var difor «ekstraordinære omstendigheter» som var gjeldande då den unge kvinna sette seg bak rattet i rusa tilstand og køyrde kompisen i all hast til legevakta.

Stoppa av politiet

Problemet er at kvinna også forsøkte å køyre heim igjen derifrå.

Då vart ho stoppa av politiet.

No er ho dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar for forsøk på køyring i rusa tilstand. 

Ho slepp med andre ord å sone i fengsel om ho unngår nye straffbare forhold dei neste to åra. Ho mistar førarkortet i to år og må betale 5000 kroner i bot.

– Ho redda kanskje livet til kompisen. Heldigvis har både domstolen og politiet sett kva dramatisk situasjon ho var i og tatt omsyn til det i dommen, seier forsvarar Inger Beth Fosse til TV 2.

– Fekk ikkje helsehjelp

Sogn og Fjordane tingrett legg i dommen formildande vekt på at kvinna nettopp hadde stått i ein «svært krevjande situasjon».

– På tidspunktet ho skulle køyre heim frå legevakta var ho sjølv tilsølt av blod og ho var usikker på om personen ho hadde frakta til legevakta ville overleve på grunn av betydeleg blodtap.

– Trass i denne opprivande hendinga vart ho ikkje der og då tilbode nokon form for helsehjelp. Det kan likevel ikkje unnskylde at ho etter naudrettssituasjonen forsøkte å køyre heim med betydeleg promille, samanfattar dommaren.

Han legg til at tingretten meiner hendinga ber preg av å vera ein «situasjonsbestemt eingongshending».

– Helsepersonell burde køyrd ho heim igjen. Her var ho overlaten til seg sjølv. Ho var sjokkert og ville berre komme seg vekk derifrå. Difor sette ho seg bak rattet på bilen, seier Fosse.

Kvinna tilstod altså forsøket på ruskøyring, og saka gjekk difor som tilståingsdom i retten.

Read Entire Article