Koseklede er verdas mest berekraftige plagg!

4 hours ago 2



Når er kleda eigentleg brukt opp? Ei genser eg har, har lenge vore eit døme på eit plagg som er beyond repair, men som eg framleis brukar, skriver Turi Rudningen. Foto: Privat

Den mest berekraftige garderoben er den du allereie har, så det beste du kan gjere, er å spare den!

Publisert: 18.05.2025 09:00

Eg plar skifte til koseklede i det eg kjem inn av døra. Det sparar resten av garderoben min frå slitasje alle dei timane eg sit med katten på fanget, og eg kan alltid vera varm og god, sjølv om eg og sparar energi til å varme opp huset.

Eg har eit par kosebukser i ull som eg bytter på gjennom vinteren, og som er meir eller mindre skamfulle å vise seg i:

Koseklede kan òg vera degraderte jobbklede, for eksempel ein vedunderleg mjuk kasjmirgenser som har vorte slitt, og som eg no har glede av nesten kvar dag heile vinteren, ikkje berre ein kvardag i ny og ne.

Når er kleda eigentleg brukt opp?

No bytter eg frå vinter- til sommargarderobe. Då skifter eg og til sommarkosebukse.

Denne er kjøpt på loppemarknad for kanskje seks år sidan. Posituren er den same sommar som vinter.

Innleggsforfatteren i sommerkosebukse kjøpt på loppemarked.

Og når er kleda eigentleg brukt opp? Ei genser eg har, har lenge vore eit døme på eit plagg som er beyond repair, men som eg framleis brukar.

Eg viste den fram med hol under armen for sju år sidan, då var det allereie ti år sidan eg hadde kjøpt den. No er det så vidt armane sit på, men den er framleis ein yndling i sommarkosegarderoben heilt til dei dett av!

Kvalitet for meg

Den svarte ullkosebuksa er eitt av to plagg eg har kjøpt nye i løpet av dei siste åtte åra. Grunnen til at eg kjøpte denne, i tillegg til at det går an å vise seg semioffentleg i den, er at den og kan brukast som stillongs om eg vil kle av meg ytterbuksa på skitur.

Dette, og at den er i 100 prosent ull, er kvalitet for meg. For det beste for kloden er om den fyrste eigaren av eit plagg kjøper kvalitet, tar vare på det og bruker det opp. Og kvalitet er slik sett mest subjektivt, det viktigaste er at du likar plagget, og at det passar deg.

Så spør deg sjølv i kjøpsaugeblikket: Smiler eg av dette plagget? Treng eg det verkeleg? Kjem eg til å bruke det lenge? Vil eg angre visst eg ikkje kjøper det?

Om svaret er «nei», skal du ikkje ha det. Og om du prioriterer å investere i ein god kosegarderobe, treng du færre andre klede. Godt for både lommeboka di og kloden vår!

Tenk som katten: komfort!

Innlegget ble først publisert på innleggsforfatterens Instagramkonto @noys0m, men publiseres i Aftenposten etter avtale.

Read Entire Article