Kontroversar, dårlege billettsal og ei rekke anklagar om «woke-hysteri» har gjort at mottakinga av den nye Snehvit-filmen er alt anna enn eit eventyr.

Publisert 25.03.2025 19:23
Spelefilmen «Snehvit» går på for fullt på kinoar over heile verda. Men nyinnspillinga av klassikaren frå 1937 har vore full av kontroversar.

Israel-Palestina, «woke-hysteri», dårlege billettsal og delte meiningar om det i heile tatt er verdt å sjå, er noko av det som pregar den elles så lystige filmen.
På opningshelga tente filmen 914 millionar kroner globalt.
Budsjettet derimot var på svimlande 2,8 milliardar, som gjer at det er ein av dei dyraste filmane som nokon gong er laga.
Halvtomme salar
Tilbakemeldingane frå kritikarane har heller ikkje vore spesielt heldig. I Noreg har det blitt trilla frå to til fire på terningen. Britiske The Times er ekstra krasse i kritikken, og ber kinogjengarane ta med seg spypose.
Men på den brukarstyrte nettsida International Movie Database (IMDB) ligg scoren på 1,9 av 10. Kor mange av desse som er ærlege anmeldelsar, eller «reviewbombing», er vanskeleg å slå fast.
I Noreg var det litt over 13.000 som såg filmen i opningshelga, ifølge tal frå Kinotoppen. Det er 5000 mindre enn opningshelga til Spermageddon, og 27.000 mindre enn Kaptein Sabeltann og Grevinnen av Gral.
Eit kjapt blikk på Odeon sine visningar for filmen viser at det er plass til fleire i salane.
Mange endringar
For å passa betre inn i 2025 har Disney endra på fleire av delane i filmen, sjølv om dei i grove trekk fortel same historie.
Snehvit ventar ikkje på draumeprinsen, ho drøymer om å bli ein rettferdig leiar.
Ho har fått namnet sitt på grunn av snøstormen som herja i landet då ho blei fødd. I den animerte filmen var det fordi «huda hennar var kvit som snø».
Snehvit let vera å rydda og vaska i hytta til dvergane. I originalfilmen gjorde ho dette for å få lov til å bli verande der.
I filmen er det skodespelarar i alle roller, med sju unntak. Dvergane er dataanimerte, og det er ikkje casta sju kortvokste til å spela desse rollene.
Fjernar kommentarar
Filmen har skapt stort engasjement.
På Facebook-sidene til Bergen Kino har innlegg om filmen blitt vist over 100.000 gonger, og fått over 300 kommentarar.
Administererande direktør i Bergen Kino, Jeanette Heggland, seier at dei måtte skjula eit fåtall av dei.
– Vi set pris på engasjement og gode diskusjonar, og vi ønskjer debatt velkomen - men debatten må føregå innanfor visse retningslinjer, seier Heggland.
Av dei 300 kommentarane, har dei fjerna ti kommentarar grunna støytande innhald.
– Som bedrift må me sørge for at diskusjonar om film held seg sakleg, understrekar ho.
– Risikerer at kunsten blir dårleg
Ein av dei som meiner filmen er for woke er, kanskje ikkje overraskande, redaktør i Subjekt, Danby Choi.
Han har riktignok ikkje sett filmen, men meiner debatten rundt viser at filmskaparane har gjort det dei kan for å blidgjera mange, men ikkje tilfredsstilt nokon.

Choi meiner hudfargen på skodespelaren som speler Snehvit ikkje er så relevant, sidan dette er ei fiktiv forteljing.
Men han reagerer på andre aspekt av filmen, som val av skodespelarane.
Rachel Zegler som speler Snehvit, har uttalt støtte til Palestina etter krigen mellom Israel og Hamas. Gal Gadot, som speler den onde stemora, er israelsk skodespelar, og har tidlegare vore soldat i IDF.
– Dette har for mange blitt tolka som å ta historia frå utsida av verda, slik vestlege medier har framstilt konflikten, på ein måte som er usmakleg og ein måte å politisera tema på, seier Choi til Nyhetskompaniet på TV 2.

Gadot og Zegler har òg blitt bedt om å ikkje uttala seg om dette tema, og pressa var nekta å stilla spørsmål om politiske haldningar på raud løpar.
Choi fryktar at denne typen politisering av film der mangfald og likestilling er viktigaste målestokk kan gå utover kvaliteten.
– Med ein gong ein dreg dette som det primære oppdraget i ein film eller kunst, risikerer ein at kunsten blir dårleg.
Han trur ikkje dette er siste filmen som møter same type kritikk i tida framover.
– Ein har heile tida tenkt at «no har det toppa seg», men det gjer seg aldri. Så eg tør ikkje seie at det er over. Det kjem sikkert ein, to og tre filmar til som får same kritikk i tida som kjem.