Knekt racket set fyr på kinesiske konspirasjonar

1 month ago 26



– Det blir diskutert over heile landet, seier fotograf Jun Qian til NRK

Bordtennis har enorm status i Kina, så då Nord-Korea blei slått i finalen i parbordtennis blei det rørande jubelscener for Chuqin Wang og Yingsha Sun.

Det første bordtennisgullet til leikane var i boks, og duoen poserte stolt med det kinesiske flagget.

Fotografane flokka seg rundt kinesarane for å forevige den gylne augeblinken.

Plutseleg stivna Chuqin Wang til. Gullsmilet var borte. Han stirte tomt ut på mengda av kameralinser.

Table Tennis - Mixed Doubles Gold Medal Match

LAMSLÅTT: Wang (til høgre med gult hovudband) har nettopp fått auge på kva som har skjedd.

Foto: Stephanie Lecocq / Reuters

– Eg mista kontrollen

I jubel-rabalderet var gull-racketen knekt.

Det såg nesten ut som tårene trilla. Først ønskte han ei forklaring på korleis i alle dagar noko slikt kunne skje. Ifølge Expressen skal kinesaren ha spurt:

Kor kan eg melde han!?

Eg mista kontrollen på kjenslene mine, sa kinesiske Wang på pressekonferansen etterpå.

Trenaren prøvde å roe han ned, men det verka ikkje å hjelpe noko særleg på humøret.

Eg forstår ikkje kvifor fotografane gjorde det. Det var sikkert ikkje med vilje, og det er ikkje noko eg kan gjere med det nå, seier Wang.

Her ødelegges racketen

ØYEBLIKKET: Den kinesiske treneren (i blått) forsøker å skjerme Wangs racket mens gullvinnerne avbildes med det kinesiske flagget.

Foto: SKJERMDUMP FRA MAX
Wang forsøker å forstå hva som har skjedd

Den kinesiske treneren forsøker å forklare Wang hva som har skjedd. Den nybakte gullvinneren er helt tom.

Foto: BILDER FRA MAX
fortvilet wang

KNEKT: Chuqin Wang innser at racketens siste jobb var å ta OL-gull.

Dei nye «bevisa»

Fredag publiserte kinesiske Phoenix TV ein ny video av hendinga. Der spekulerer dei i om nokon har gjort det med vilje. Det har ført til ein vidare ryktestorm i sosiale medium om kven som kan stå bak med skjermdumpar frå arenaen.

Skjermbilde av X-kontoen til kinesiske Phoenix TV News

Faksimile: X.COM/ProenixTV_NEWS

Jun Qian jobbar som fotograf for kinesiske medium, og stod på ei anna side enn der racketen blei knekt. Han har fått med seg debatten i sosiale medium, og fortel at det er tre spørsmål som blir stilte.

  1. Kvifor la dei racketen der i feiringa?
  2. Kvifor blei fotografane så ivrige?
  3. Har han ikkje ein annan racket?

– Det er mange som vil finne ut kven det er som trakka på racketen. Fleire fotografar som har vore bekymra; det er mange som har grave i privatlivet deira etter hendinga, fortel Qian til NRK.

Jun Qian

FOTOGRAF: Jun Qian var til stades då racketen vart øydelagd.

Foto: Privat

Han fortel at dei mange bordtennistilhengarane i landet særleg vil ha svar på kven som gjorde det. Britiske Telegraph skriv at nokon reknar dette som eit angrep frå ein rivaliserande nasjon.

Wang er rangert som den beste mannlege bordtennisspelaren i verda, men i herreklassen måtte han dermed spele kvartfinale med ny racket.

Der blei det eit sjokktap mot svenske Truls Möregårdh, og gulldraumen glapp for Chuqin Wang med reserveracketen.

Truls Moregard har nettopp tatt seg til semifinale på bekostning av kinas verdensener i bordtennis

SVENSK SKRELL: Truls Möregårdh trur knapt sjølv at han har slått Chuqin Wang og reserveracketen hans.

Foto: JUNG YEON-JE / AFP

Paris Olympics Table Tennis

KNUST KINESAR: Wang innser at OL-turneringa i herreklassen er over.

Foto: Petros Giannakouris / AP

Trur ikkje på det

I Sverige har dei lite tru på dei kinesiske bildebevisa.

– Eg har kikka litt på bilda, og eg trur ikkje på det, fortel Ulf Carlsson til NRK.

Han er ekspertkommentator for Sveriges Radio under OL og har ei stilling som norsk landslagssjef i bordtennis.

– Det er ein av dei største idrettane i Kina, og veldig mange fans følgjer spelarane verda rundt. Kinesarane blir veldig heite «heite» og akkurat no blei det veldig stor oppstandelse, seier Carlsson til NRK.

Publisert 04.08.2024, kl. 14.06

Read Entire Article