– På ein veldig god dag, så trur eg finale skal vere mogleg, seier 26-åringen.
Aron Åkre Rysstad frå Valle har tidlegare konkurrert tre gonger i verdscupen, der hans beste resultat så langt er ein 30.-plass.
– Det er ikkje så mykje betre enn ein kvartfinale, seier sprintaren.
Aron Åkre Rysstad har fokus på å halde seg frisk før Ruka. – Eg heng ikkje på butikken eller på treningssenter. Eg er ikkje så mykje ute blant folk, seier 26-åringen.
Foto: Terje Pedersen / NTBDenne gongen er han meir optimistisk. Etter fjerdeplassen på Beitostølen, er målet ein finaleplass.
– Om eg gjer det same som på Beitostølen, så skal det vere ganske bra.
Trenaren har trua
Åkre Rysstad er ikkje ein del av landslaget. Han går for Team Elon Sørvest, saman med sørlendingane Thomas Mollestad, Mathias Holbæk, Daniel Omfjord og Sondre Østervold.
Trenar Eivind Arne Bjaaland seier framgangen kjem på grunn av kontinuitet i treninga.
– Tidlegare har han vore plaga med avbrekk i form av skadar og sjukdom. I år har han ikkje hatt det sidan juli, seier Bjaaland.
Håpar å gå i Trondheim også
Trenaren seier 26-åringen har dei beste åra føre seg.
– Om han klarer å gjenta dei prestasjonane som han har gjort no, så kan han bli kjempegod. Då har han alle moglegheiter.
– Målet har ikkje vore OL. Draumen har vore å vere med i kampen om plassane, seier Aron Åkre Rysstad. Laurdag går han klassisk sprint i finske Ruka.
Foto: Terje Pedersen / NTBEtter sprinten i Ruka, er det ny verdscupsprint i Trondheim helga etter. Åkre Rysstad håpar på ei ny moglegheit der, sidan tolv nordmenn får plass på grunn av nasjonal kvote.
– Eg håpar at resultatet på Beito er godt nok til å komme med, og at eg ikkje drit meg ut i Ruka. Då er det i tilfelle to verdscuphelgar på rad, seier sprintaren.
– Må vinne med 15 meter
I februar neste år er det OL i Italia. Åkre Rysstad har lita tru på at han kan bli aktuell for ein plass i OL-troppen.
– Å komme utanfor landslaget og slå seg inn i ein OL-tropp som spesialsprintar, er frykteleg vanskeleg. Då må eg vinne med 15 meter både i Ruka og i Trondheim, seier han og humrar.
– Tek du sjansen og grip han når du har moglegheita, så er alt mogleg. Men det blir ein veldig positiv bonus om det skulle skje, seier Bjaaland.
Eivind Arne Bjaaland er trenar for Team Elon Sørvest, der Aron Åkre Rysstad er ein av fem sørlendingar på laget.
Foto: Norges skiforbundTrenaren beskriv Åkre Rysstad som ein person som liker å legge press på seg sjølv. Og at han trivst godt med det.
– Det er berre nokre få år han har høve til å bli verdas beste. Så han må gripe sjansane no, og det ser det ut som han gjer, seier Bjaaland.
Publisert 25.11.2025, kl. 11.21 Oppdatert 25.11.2025, kl. 12.30


















English (US)