KOMMENTAR: Mange kjenner på snøsorg no. Og mot den sorga hjelper det ikkje å snakka om snøen som fall i fjor. For «i fjor» begynner å bli faretruande lenge sidan.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det kan bli langt mellom dei kvite julene for barnebarna og oldebarna våre. Ekte vintrar finst no snart bare i julesongane, dei inneheld til gjengjeld ufattelege mengder snø, det er som dei vil gni det inn, der eg køyrer i pøsregn og ser billyktene lysa opp våte og nakne brøytestikker, innsvøpt i tonane til: Min barndoms hvite jul, Paint Christmas white, Engler i snø, Når snøen smelter, La det snø!, Snømannen Kalle og Vinter og sne.
Nei, trur ikkje det.
Det skurrar både i auge og i øyra og det verker i hjarta.
Snø og fjørpenn, snart det same?
Brøytestikkene ventar og me ventar, for det er jo snart jul! Men det skal halda hardt å få ønsket om julesnø oppfylt i år.
Mine juler på ein fjellgard i Suldal på 70- og 80- talet var nesten alltid kvite. Snøen kunne pakka oss inn så tidleg som i oktober då eg var lita. Vintrane og julene var stappfulle av snø og kulde.
Å sjå fargerik julepynt spegla seg i endelause regnpyttar gjer meg trist. Det ser berre grelt, grimt og glorete ut.
Mange av oss lever i to verder, ei gammal og ei ny. Også dei som sjeldan er vande med kvit jul, koplar jul med snø, fordi det er ei førestilling som er rissa djupt inn i oss, frå julepynt, julekort, julepapir og barneprogram produserte i meir snørike strok i Norge. Å kopla jul til snø blir snart som å kopla pennen til skribenten, sjølv om det snart er ein mannsalder sidan skrivande menneske faktisk brukte ein fysisk penn til å skriva med.
Snø må jo høyra jula til for snø er magi og nostalgi og meteorologi. Snø er så mykje. Snø får sansane våre til å eksplodera. Lukta av han, stilla han skaper, lyser han ber i seg.
Eg lengtar tilbake til tida då eg kunne vassa til livet i snø og trekka inn den kalde, klare og skarpe lufta av snø gjennom nasen, gjerne krydra med litt vedfyrt røyk frå skorsteinen.
Den velsigna vinteren
Det finst ikkje noko fredelegare enn snø, å sjå snøflaka falla mot jorda. Det dumpe drønnet av snø som fell frå taket. Lyden av rislande snøkorn på skare.
Lyden av ein snøball du klemmer på inni votten. Den glitrande kalde kjensla du får i ansiktet når du ser opp på snøen i lyset om kvelden og føler du flyg rett til himmels. Å kjenna eit stort og mjukt flak legga seg på nasen eller i augevippene, alle desse snøflaka som er perfekte kunstverk med sine krystallar, det var til å svimla av.
Å eta snø og smaka fuktig ull i jafset. Å rulla seg i snø og laga snøenglar, å renna fort på ski eller kjelke og kjenna suget i magen og la seg falla ned i kvitt pudder som tek deg imot, så kaldt og mjukt. Kor stille skogen blir når alle tre er snøtunge. Snøen rundar av kvasse kantar, pakkar inn kvar grein og stein slik at alt ser mjukt ut. Snøen gir oss ein ny start, han symboliserer noko reint og nytt, eit dekke over det brune visne graset og sorpa frå i fjor.
Han gir kjærleik og fred.
Jon Fosse seier det slik i diktet Snøsong:
Snøsong
det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjartet blir roleg
og snøen på eit fjell
løfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi
Tenk! Snø var eit heft som me hadde luksusen av å irritera oss over, og som avfødde følgande djupe visdomsord:
Dersom du vel å ikkje gleda deg over snøen, vil du ha mindre glede i livet, men same mengde snø.
No er det regn og slaps me må venna oss til å tola store mengder av.
Me får dei vintrane me fortener
Arbeidet med å måka snø, rydda både tun og hjerne og gav viktig mosjon. No står snøbretta stille bak garasjen. For snøen er på veg ut døra. Han forlet oss.
Anne Grete Preus sin definisjon på snøfall som korrekturlakk over feilstava sommar, må vel vera Norges beste metafor?
Men nå er også vintrane våre er feilstava. Heile klimasystemet vårt er på skakke, no skrik barna av glede berre det er snøpudder som så vidt dekkjer brunt haustgras, dei renn på ruglete is eller i grå sørpe fordi dei veit dei må nytta dei få timane det er vinter rundt husa kvart år.
Me får vel dei vintrane me fortener med våre store klimautslepp som får kloden til å sveitta.
Hans Olav Hygen er forfattar og forskar ved Meteorologisk institutt skriv i Aftenposten at klimahistoria vår er skriven for lang tid framover. Utslippskutt får ikkje verknad på klimaet før om 30 år.
Mindre snø og mykje meir regn
Nedbøren vil difor framover komma i form av meir skadeleg regn enn fredeleg snø. Alt no har vinterlandet Norge ifølge Hygen ei stadig større stripe langs kysten kor vinter ikkje er noko ein kan forventa. Han siterer Norsk klimaservicesenters rapport «Klima i Norge» som viser ei klar oppvarming av Norge og at vinteren er den delen av året som raskast blir varmare.
Hygen har saman med journalist Ole Mathismoen gitt ut boka «Slik blir det nye norske været». Arbeidet gav han sjokk, for han fann ut at i framtida vil vinteren mangla langs heile kysten langs Norge, heilt opp til den tidlegare arktiske byen Vardø.
Barna må nyta den vesle snøen som enno er igjen mens dei kan, er oppmodinga frå værprofessor Asgeir Sorteberg. Kvar grad oppvarming av jorda tar frå oss ein god månad med skidagar.
Snøen ligg på sotteseng, mange av oss må ta farvel med han, og berre håpa at vintrane kjem tilbake på ekte om vel 30 års tid eller så, som ei etterlengta julegåve til framtidige barnebarn, oldebarn og tippoldebarn. Elles må dei synga, Min barndoms våte jul, Når regnet faller og Regnmannen Kalle!
God fuktig jul!
Publisert:
Publisert: 22. desember 2025 07:47

2 hours ago
2












English (US)