Varsla og levert på raud løpar. Det var berre for Kinas propagandamaskin å smashe inn sigeren.
– Drog Trump faktisk for å ta imot han på flyplassen personleg? Denne oppvisningen viser kven som eigentleg sit med korta.
– Sammenlikn dette med korleis han behandla den japanske statsministeren. Til sjuande og sist respekterer amerikanarane berre rein makt.
Mange i Kina deler også de statskontrollerte TV-kanalanes dekning. Kommentarane heier fram Kina og gir tommel opp.
Foto: Nyhetsrett, NRKDette er nokre av postane som trendar på kinesiske sosiale media som Weibo og Tiktoks kinesiske plattform Douyin, morgonen etter Xi landa i Washington D.C.
– Vår kamerat Trump bygger Kina.
Dette siste sitatet er frå eit halvopent chatrom på Wechat og ein populær tvist på «Make America Great Again». Det sparkar begge vegar. Ein litt frigjerande ironisering med både kinesisk og amerikansk propaganda.
Spinn, baby, spinn
Det er ikkje godt å vite kva dei den første tanken til dei politiske toppane i dei to supermaktene var. Altså då det blei klart at Donald Trump personleg ville ta imot Xi Jinping.
Denne gang er førstedamene med. Donald og Melania Trump ventet nedst ved flytrappa da Xi kom ned med sin kone, den berømte songaren Peng Liyuan.
Foto: ReutersFolka rundt Trump i Det kvite hus tenkte kanskje at Xi kunne bli fornærma om han ikkje får same behandling som Putin fekk i Alaska for eitt år sidan.
Russlands president Vladimir Putin fekk også personleg helsing av Trump då han landa på Joint Base Elmendorf-Richardson 15. august i fjor.
Foto: AFPDei i Beijing som styrer klodens kanskje største og sterkast kontrollerte propagandamaskin tenkte garantert:
«Dette er berre å spinne for alt kva det er verdt.»
Ta igjen forspranget
Det er kinesiske tekgigantar som eig plattformene Xi går viralt i dag. Dette er dei same selskapa Kina sender i frontlinja i det globale KI-kappløpet.
Xi har reist uvanleg mykje. Formålet er å bygge nye globale alliansar. Og å snakke varmt om kinesisk KI.
Samstundes håper han kinesiske tek-selskap skal ta igjen USAs teknologiske forsprang.
Nykomaren Moonshot lanserte i juli Kimi K3 som er den første KI-modellen frå Kina som er på nivå med Open AI, Chat GPT og Anthropic sin Claude.
Men Kimi K3 er veldig mykje billigare.
No håpar Kina, og Xi, at dei kan tilby verda sin rykande ferske teknologi.
Ein sommar for KI-forkynning
I juli lanserte Xi World Artifical Intelligence International Organisation, eller Waico. 29 land er med. Målet er å tette teknologigapet og auke tilgangen til KI i det globale sør.
I september posisjonerte Kina seg som ein rollemodell for KI då Shanghaigruppa møttest i Bishkek i Kirgisistan. Shanghaigruppa blei etablert av Kina med mål om styrke samarbeidet i Sentral-Asia.
Den kinesiske presidenten Xi Jinping var på besøk til Bishkek i Kirgisistan for tre veker sidan.
Foto: Pavel Mikheyev / REUTERS,NTBDerifrå reiste Xi på statsbesøk til Egypt der Kinas kanskje største tekselskap, Huawei, skal bygge store delar av det nye regjeringskomplekset i Kairo.
Frå Kairo bar det til New Delhi og møtet med BRICS. På toppmøtet der foreslo han ei «Open KI-sone» for framveksande økonomiar. Sona skal vere bygd på kinesiske standardar for KI-industrien.
Når Xi Jinping skal snakke KI med Donald Trump i Washington D.C., vil Xi kanskje kjenne han har betre KI-kort på handa no enn då Trump besøkte Beijing i mai.
Xi Jinping har vore på tur for å samle samarbeidspartnarar til kinesisk KI-satsing. Her er han saman med Vladimir Putin og Narendra Modi under BRICS møtet 12. september.
Foto: HANDOUT / Handout,NTBKva med å bremse?
Utviklinga av KI går så raskt at Dario Amodei, som saman med søster si grunnla KI-selskapet Anthropic, i eit essay føreslår å bremse utviklinga.
Om ikkje, kunne KI-system innan eitt år spinne ut av kontroll og påføre menneskeslekta stor skade, åtvara Amodei.
Dario Amodei
Foto: JULIEN DE ROSA / AFP / NTB
Overraskande nok fekk Anthropicsjefen støtte av Elon Musk og Sam Altman i Open AI.
Kanskje var tidspunktet, to veker før toppmøtet mellom Xi og Trump, ikkje heilt tilfeldig.
Amodei ønsker samarbeid mellom demokratiske statar og dialog med ikkje-demokratiske statar som Kina.
Ironien i kappløpet
Det er ein hard KI-konkurranse mellom USA og i Kina. I begge landa konkurrerer KI-selskapa mot kvarandre.
Det handlar om å sikre seg dei største gevinstane når KI-selskapa går på børs. Gevinstane er billionar av kroner.
Problemet er berre at ingen vil bremse før dei andre. Difor kan Amodei sitt initiativ vere dødfødt.
I essayet skriv han at USA må halde fram å nekte Kina tilgang til dei mest avanserte databrikkene.
Ironisk nok blir det laga flest av desse databrikkene på Taiwan som Kina ser på som ein del av Kina. Likevel er det å få tak i desse databrikkene som er den største utfordringa for Kina i tek-racet.
Det hjelper heller ikkje at Trump har lagt Amodei sitt forslag dødt.
– Vi leiar over Kina når det kjem til KI, og for å vere ærleg vil eg halde det slik. Den som vinn KI, vinn, svarte Trump.
Donald Trump brukte talartida hans under toppveka i FN til å snakke varmt om amerikansk KI, som så langt er den mest avanserte i verda.
Foto: ANGELA WEISS / AFP,NTBSaman i ei felles frykt?
Før Xi var på plass i Washington D.C., seier ein diplomat i Beijing til NRK:
– Den viktigaste leveransen er at møtet skjer utan at noko pinleg skjer.
Det same kan bli sagt om KI. Det er låge forventningar om store gjennombrot, men det er viktig at KI står på agendaen.
Det aller viktigaste er kanskje bruk av KI i avanserte våpensystem.
Eit steg vidare kan vere å bli einige om at KI ikkje skal kunne starte angrep eller motangrep på eiga hand.
USAs finansminister Scott Bessent møtte den kinesiske visestatsministeren He Lifeng søndag for å diskutere saker Xi og Trump kunne einas om under besøket. Då han kom ut av møtet, sa han KI-dialogen Trump og Xi blei einig om i Beijing i mai, no er operativ.
Forslaget er å etablere ein open dialog for hendingar der KI kan utgjere nasjonale tryggingstrugslar.
Sist Xi Jinping og Donald Trump stod side om side var i mai i fjor då dei møttest i Beijing.
Foto: Brendan Smialowski / Pool AFP,NTBIfølgje Bessent skal dette jobbast med fram til APEC-møtet, det store toppmøtet for Asia og Stillehavsland. Det skjer i november i Shenzhen i Kina.
Scott Bessent og He Lifeng møttest på hovudkontoret til JPMorgan Chase i New York søndag 20. september.
Foto: Bai Xueqi / Xinhua,NTBDet kan bli det tredje av i alt fire moglege møte mellom Trump og Xi i år.
Om dei klarer å konkurrere samstundes som dei hjelper kvarandre med å hindre KI i å øydelegge for dei begge, og mange andre, står framleis att å sjå.
Publisert 24.09.2026, kl. 07.59

















English (US)