Kikhostetala dobla seg over sommaren: Tre av fire har ikkje tatt oppfriskingsdose

1 month ago 24



Det begynner som ei forkjøling med litt hoste.

Så kjem pipande innpust og kraftige hosteanfall, gjerne med brekkingar og oppkast.

Slik kan eit tilfelle av kikhoste, eller hundredagarshoste som det òg kallast, gå føre seg.

I år er eit såkalla utbrotsår for sjukdommen, seier Fredrik Skår i Folkehelseinstituttet.

– Dette er ein sjukdom som kjem igjen kvart år, nokon år med fleire tilfelle enn andre. Det ser me i Noreg og andre europeiske land i år.

Her til lands har registrerte tilfelle dobla seg over sommaren.

Ved utgangen av mai var det registrert 2102 tilfelle av kikhoste i Noreg. Per veke 32 har talet stige til 4037, viser tal frå FHI.

Bør friskast opp kvart tiande år

På Universitetet i Bergen er det ikkje mange som på ståande fot kan svare på om dei eigentleg er beskytta mot kikhoste.

– Eg veit at eg har blitt vaksinert ein gong, men kor lenge det er sidan veit eg ikkje.

24 år gamle Elena Grøtta Giske må skrolle seg gjennom journalen på helsenorge.no.

– Ja, den har eg jo fått fem gonger, den!

Elena Grøtta Giske

Elena Grøtte Giske (24) pleier ikkje å sjekke om ho trenger å friske opp vaksinane sine, med mindre ho skal ut og reise.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Som Giske har dei aller fleste av oss allereie fått ein kombinasjonsvaksine mot kikhoste, polio, difteri og stivkrampe gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Men visste du at den bør friskast opp med ein ny dose kvart tiande år?

– Me har fått denne vaksinen fleire gonger frå spedbarnsalder og gjennom ungdomsskulealder. Men den varar ikkje like lenge som andre vaksinar. Så me anbefaler alle vaksne å ta ein oppfriskingsdose kvart tiande år, seier Skår i FHI.

Tre av fire vaksne er ikkje beskytta

Sidan 2013 har alle tiandeklassingar fått tilbod om kombinasjonsvaksinen mot dei fire sjukdommane.

Det takka 24 år gamle Giske ja til for åtte år sidan, kom det fram etter litt skrolling på helsenorge.no.

Men om to år er ho altså så dårleg beskytta at FHI anbefaler ein oppfriskingsdose.

Dei siste ti åra har berre 25 prosent av den vaksne befolkninga følgt den anbefalinga, viser tal frå Nasjonalt vaksineregister SYSVAK.

– Me ønskjer at vaksne vaksinerer seg for å hindre alvorleg sjukdom hjå den enkelte, men òg for å beskytte dei som har høgare risiko, som pasientar med immunsvikt og born under eitt år, seier Skår.

– Går i gløymeboka

Tilbake på UiB må òg Linea Klokk sjekke journalen for å finne ut om ho framleis er beskytta mot kikhoste.

Ho trur folk gløymer å vaksinere seg etter at dei er ute av barnevaksinasjonsprogrammet.

– Plutseleg er ein vaksen, og det er ingen som seier at ein skal gjere det. Då går det kanskje i gløymeboka, då, seier studenten.

Linea Klokk

Vaksinar kostar pengar, seier studenten Linea Klokk (24). Då blir det fort sånn at ho berre tar dei ho absolutt må ha.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Sjølv fekk ho tatt ein runde med vaksinar i samband med ei reise til Tanzania.

– Eg veit ikkje heilt om eg hadde tatt det visst eg ikkje måtte gjere det for å reise.

Det er ho ikkje åleine om, trur Skår.

– Me veit at det er mange som tar denne vaksinen når dei skal ut og reise, noko mange gjer i 20-åra, så nokon vil ha fått ei oppfrisking i samband med det, seier han.

Har du ei anbefaling til dei som ikkje har vore på backpacking og fått sjekka status på vaksinane sine?

Me anbefaler alle å vaksinerast kvart tiande år. Den beskyttar jo mot andre sjukdommar enn kikhoste òg, så her er det mange gode grunnar til å vaksinerast.

Publisert 21.08.2024, kl. 21.18

Read Entire Article