Kappløp mot klokka: Rekk ikkje sikre knuste bygningar før nytt uvêr brakar laus

19 hours ago 7



– Du kjenner avmakt. Du kan ikkje stille opp med noko ting. Du må berre vere vitne til galskapen.

Det fortel bonde Leif Kåre Sandaa i Neverdal i Meløy.

Tredje juledag kom uvêret som herja i Nordland og sør-Troms.

Vindkast oppe i 35–44 meter i sekundet førte til knuste vindauge, øydelagde tak, og mange tusen kundar utan straum.

Til og med vindmålarane på Leknes lufthamn knakk.

Hos bonden i Meløy blåste eit stort takparti på silobygget og fôrsentralen av garde.

– Vi vakna av eit stort brak utanfor husveggane. Eg stod i senga då det høyrdest ut som eit kraftig toresmell.

Silotaket hadde floge gjennom lufta og treft taket på fjøsen, ifølge Sandaa.

En fjøs med snø på bakken. Taket på fjøsen til Leif Kåre i Neverdal vart øydelagt under romjulsstormen 2025

Slik ser det ut inne i fjøsen til bonden Leif Kare Sandaa.

Foto: Ola Helness / NRK

– Skjønte du kva det var som hadde skjedd?

– Nei, eg gjorde ikkje det. Strømmen var gått, så det var jo stupmørkt. Med hovudlykt kledde eg på meg og gjekk eg ut. Det var sterk vind. Eg høyrde at material trefte bygningar rundt om.

Vidare prøvde han å ringe etter hjelp. Han kom nemleg ikkje inn til dyra sine på grunn av takplatene.

kyr i et fjøs (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sandaa visste ikkje korleis det stod til med kyrne hans mens det storma rundt fjøset. Han kom seg heller ikkje inn til dei.

Foto: Ola Helness / NRK

– Det var jo ei utfordring i seg sjølv, i og med at telefonnettet var nede. Vi hadde også verken 4G eller Wifi.

Det var først etter at han fekk kontakt med nødsentralen og fekk hjelp frå brannvesenet, at han fekk kome inn i bygninga og sjå korleis det stod til med dyra.

– Det såg ut som eit bombenedslag.

No må han førebu seg på meir.

Sikre lause gjenstandar

Torsdag ettermiddag til fredag kjem det meir vind, og Meteorologane har sendt ut gult farevarsel i deler av Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten og Ofoten.

– Det er venta lokalt kraftige vindkast på 25 til 27 meter i sekundet, og opp lokalt opp i 30 meter i sekund søraust. Middelvinden vil ligge på sterk kuling, lokalt liten storm på kysten, skriv dei i farevarselet.

Vindkast torsdag ettermiddag til fredag

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for vind.

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologane anbefaler å sikre lause gjenstandar, og seier snøfokk kan gi stengte vegar.

På Neverdal i Meløy har bonden så vidt rekt å byrje på oppryddingsarbeidet etter førre uvêr.

No set han tunge maskiner på lause takdelar, og ankrar dei fast med stroppar.

Bonde Leif Kåre Sandaa i Neverdal fikk blåst av takplater i storm

Utan tak på siloen, førebur bonde Leif Kåre Sandaa i Neverdal seg på vinden torsdag ettermiddag.

Foto: Ola Helness / NRK

– Veggene og taket er framleis ope. Får vinden tak i resten, så tar han jo meir. Men vi må berre håpe på det beste, seier Sandaa.

Som om ikkje dette var nok, slit bonden også med eit anna problem.

Fryst fast

Minusgrader og kulde pregar heile landet i desse dagar.

Til dømes i Finnmark og indre strøk av Trøndelag har det vore kaldare enn 30 minusgrader.

Hos bonden har det vore -12 grader i det siste, og utan ordentleg tak og veggar, så frys vatnet og fôret.

– Varmen går oppover. Når du ikkje har tettbygg, så greier du ikkje å halde temperaturen, seier han.

Alt av maskiner og utstyr som han brukar å kutte fôret med, står også under open himmel. Dette er også fryst fast.

– Det var litt motelaust her ei stund, innrøm bonden.

NTB skriv også at ein kan vente lågare temperaturar inn mot helga.

en mann som ser på en ku i et fjøs (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Leif Kåre Sandaa gler seg ikkje til neste storm og seier det er krevjande å sørge for at garden har tolelege temperaturar med låge temperaturar og mykje vind.

Foto: Ola Helness / NRK

– Korleis er det å vere bonde i alt dette?

– Det er krevjande.

Han innrøm også at somme dagar ønskje han at eigde ei lita leilegheit i betong, og ikkje 2000 mål.

– Eg har i tillegg til bygningsbase, ein stor granskog, som har lagt seg over på grunn av denne kraftige vinden.

Et bånd og noen stolper med refleks gjerder inn rester av snødekte vegger og tak som blåste av fjøset i stormen.

Bonden på Meløy i Nordland har sete tunge maskinar på lause deler av tak som han ikkje har rekt å setje i stand enno.

Foto: Ola Helness / NRK

Trass i alt som har skjedd dei siste vekene, har ikkje Sandaa mista motivasjonen til å halde fram som bonde.

– Alt går. Alt løyser seg. Det er ingen dyr som er skadd. Ingen menneske er skadde. Det er materielle skadar, og det lèt seg reparere, seier han og legg til:

– Ein må berre fokusere på at alt går. Det går dette over. Om ti år så er det vel ei god historie, og om hundre år er alt gløymt, avsluttar han.

Publisert 08.01.2026, kl. 17.26

Read Entire Article