Kaoset i Sør-Korea: Vil arrestere presidenten for å ha leia opprør

5 days ago 10



Yoon blir etterforska for å ha forsøkt å innføre militær unntakstilstand og sette nasjonalforsamlinga til side.

Natt til tysdag norsk tid godkjente ein domstol i Seoul etterforskarane sitt ønske om arrestordrar mot han.

Ei papirmasjedukke av Sør-Koreas president, låst inne i eit blått bur. Rundt står ei stor folkemengde.

Demonstrasjon i Seoul 14. desember.

Foto: ANTHONY WALLACE / AFP

Retten godkjente også ein ransakingsordre på Yoons bustad, ifølge det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Tidlegare har politiet prøvd å ransake presidentkontoret som del av etterforskinga, men presidentens eiga sikkerheitsteneste har blokkert tilgangen deira.

Historisk

Dei sørkoreanske presidentane har immunitet på ei rekke lovbrott, men ikkje for å ha leia eit opprør, som er det Yoon no er skulda for.

Det har aldri skjedd før at ein sittande president får ein slik ordre mot seg.

Yoon Kab-keun, ein av presidentens advokatar, seier at ho er «ulovleg og ugyldig». Han meiner at organet som har bede om arrestordren, CIO, ikkje har autoriteten til å gjere dette.

Han vil be om eit rettsleg pålegg for å hindre arrestordren.

South Korea Martial Law

Demonstrantar som krev riksrett mot Yoon etter at han innførte militær unntakstilstand.

Foto: Lee Jin-man / AP

Nektar å la seg avhøyre

3. desember vakna sørkoreanarane til ein TV-sendt tale frå presidenten sin, der erklærte unntakstilstand for å «gjenoppbygge Sør-Korea» og beskytte mot nordkoreansk innblanding.

Kort tid etter kunngjeringa blei nasjonalforsamlinga blokkert av politifolk og soldatar. Dei ville hindre dei folkevalde i å kome seg inn i bygget og oppheve unntakstilstanden, men dei folkevalde kom seg inn til slutt.

Tusenvis av folk møtte også opp utanfor nasjonalforsamlinga og viste motstand og misnøye mot presidenten.

Opposisjonen krav riksrett mot presidenten, og fekk etter kvart med seg regjeringspartiet.

Etter at eit fleirtal stemde for riksrett, har Yoon nekta å møte til avhøyr.

Politisk kaos

No har Sør-Korea hatt tre presidentar på under ein månad. To av dei er stilte for riksrett.

Karrierebyråkraten Han Duck-soo, leiaren av Yoons parti, fekk oppgåva å ta over styringa då Yoon blei midlertidig avsett.

Men kort tid etter måtte også han gå, og nasjonalforsamlinga vedtok å stille han for riksrett for å ha hindra riksrettssaka mot Yoon.

No er det finansministeren Choi Sang-mok som vikarierer som president.

Publisert 31.12.2024, kl. 06.58 Oppdatert 31.12.2024, kl. 07.04

Read Entire Article