Kan vi lære noko av statsministeren i Canada?

1 hour ago 1



Sist veke var media dominert av det som skjedde på World Economic Forum i Sveits. Som forventa var det mykje støy kring Donald Trump og hans planar om å overta Grønland. Men det var også ein annan statsleiar som fekk mykje merksemd.

Statsministeren i Canada, Mark Carney, framførte ei historisk tale der han tok eit kraftig oppgjer med stormaktspolitikk utan å nemne USA og Trump direkte, skriv Alf Holmelid. Foto: Sean Kilpatrick / AP

Statsministeren i Canada, Mark Carney, framførte ei historisk tale der han tok eit kraftig oppgjer med stormaktspolitikk utan å nemne USA og Trump direkte.

Statsministeren snakka om ei brutal verd der det ikkje er grenser for kva stormaktene kan tillate seg. Vi har lenge visst at fortellinga om ein regelbasert verdsorden er delvis falsk, sa han. Dei sterkaste ser bort ifrå reglane når det passar dei. Handelsreglar blir praktisert asymmetrisk, og internasjonal lov blir brukt ulikt avhengig av identiteten til dei involverte. Stormaktene brukar økonomi, økonomisk integrasjon og infrastruktur som maktmiddel.

Samtidig ser vi at multilaterale organisasjonar som FN, Verdas helseorganisasjon og FNs klimakonferanse blir svekka. Stormaktene prøver ikkje ein gang å gi inntrykk av at dei bryr seg om ein internasjonal rettsorden. Vi opplever eit brot med den geopolitiske situasjonen som vi er vant til, og som vi til dels har dratt nytte av.

For eigen del vil eg legge til at dette ikkje er nokon ny kritikk. Stemmer på venstresida har lenge kritisert bruken av doble standardar når vi viser til ein regelbasert verdsorden. Det nye er at med Trump og Putin så får også land i vår del av verda kjenne dei negative konsekvensane av dette systemet. Ukraina blir invadert, Danmark og Canada blir truga, og tollkrigen slår inn over mange land.

Trass i den dystre analysen, så er Carneys tale også optimistisk. Han konstaterer at den komfortable trua på at geografi og alliansemedlemskap automatisk gir velstand og tryggleik, ikkje lenger er gyldig. Men mellomstore og små land er ikkje makteslause. Dei har kapasitet til å skape ein ny verdsorden som bygger på verdiar som respekt for menneskerettar, berekraftig utvikling, solidaritet, suverenitet og statar sin territoriale integritet. Han snakkar om ein allsidig samarbeidsstrategi basert på verdibasert realisme.

Den siste delen av talen handla om kva Canada gjer for å tilpasse seg den nye geopolitiske situasjonen. Her er det mange tiltak som det kan vere ulike meiningar om, og ein del av dei er eg usamd i. Men eg vil trekke frem den omfattande satsinga på internasjonale avtaler for handel og tryggleik. Dei siste seks månadene har Canada signert avtaler på fire kontinent inklusive avtaler med Mercosur, ASEAN, Kina og India. Canada engasjerer seg breitt i verda slik den er. Dei ventar ikkje på at verda skal bli slik dei skulle ønskje, seier Carney.

Vi bør lytte til Carneys kritiske analyse og la oss inspirere av Canadas breie nettverksbygging for å møte den nye geopolitiske situasjonen.

Denne omfattande alliansebygginga er eit strategisk val for å få fleire bein å stå på og gjere Canada mindre avhengig av stormakter. Dei satsar på eit breitt spekter av samarbeidsrelasjonar for å posisjonere seg og redusere risiko i den nye usikre situasjonen som små og mellomstore land står i. Samtidig har Carney ein visjon om at denne strategien kan bidra til ein ny verdsorden der små og mellomstore land blir mindre avhengige av supermakter og deira eigeninteresser og luner.

Strategien med ei brei satsing på økonomisk og politisk samarbeid bør vere interessant for Noreg som har mange fellestrekk med Canada. Men her i landet er debatten om korleis vi skal sikre oss i den nye turbulente situasjonen, konsentrert om EU. Det kan føre til at vi forsømmer å utvikle eit mangfald av samarbeidsrelasjonar som kan styrke oss i ein krevande situasjon.

Vi bør lytte til Carneys kritiske analyse og la oss inspirere av Canadas breie nettverksbygging for å møte den nye geopolitiske situasjonen.

Read Entire Article