Kan Nato stoppe USA frå å ta Grønland?

1 day ago 1



– Ingen kjem til å kjempe mot USA militært om framtida til Grønland.

Det sa president Donald Trumps sjefstrateg Stephen Miller i eit intervju med CNN måndag. To dagar tidlegare publiserte kona hans eit bilete på X av Grønland sveipt i det amerikanske flagget.

Spenninga er stor etter at USA natt til laurdag bomba fleire militære mål i Venezuela og tok president Nicolás Maduro til fange.

Like etter gjentok Trump ønsket om å overta Grønland frå Danmark.

Donald Trump fortel pressa at USA «må ha» Grønland om bord i Air Force One.

Danmarks statsminister ber USA om å slutte med truslane, men er dette berre byrjinga?

I denne saka svarer ekspertane på:

Kor realistisk er det at USA tar Grønland?

Presset og trusselen mot Grønland aukar heile tida, ifølgje Rasmus Bertelsen. Han er professor i nordområdestudium ved Universitetet i Tromsø.

Bertelsen forklarer at Trumps ønske om å annektere Grønland lenge har blitt oppfatta meir som ein «fiks idé», men at ønsket no må oppfattast som ein reell trussel.

– Det er tydeleg at dette er veldig, veldig seriøs politikk.

– Eg ser føre meg at vi vil halde fram med å sjå press og provokasjon frå amerikansk side. Dette vil berre halde fram, det vil ikkje gå over, legg Bertelsen til.

  • Rasmuss Bertelsen professor i Nordområdestudie ved UIT Norges arktiske universitet.

    Rasmus Bertelsen

    • professor i nordområdestudium ved Universitetet i Tromsø

Det er ekstremt usannsynleg at USA vil bruke militær makt for å sikre seg Grønland, meiner Andreas Østhagen.

– Eg trur ikkje at Trump er villig til å ta det steget. Og eg trur faktisk heller ikkje at USA vil tillate det.

Østhagen er forskingsleiar for hav og Arktis ved Fridtjof Nansens Institutt.

– Det eg trur er aller mest sannsynleg, er at denne saka held fram å ulme. At det ikkje blir ytterlegare eskalert enn retorikken vi ser frå Trump nå. Men det er heller ikkje heilt usannsynleg at Trump held fram med presset.

  • En blond mann med skjegg i blå skjorte

    Andreas Østhagen

    • forskingsleiar for hav og Arktis ved Fridtjof Nansens Institutt

Søndag, i kjølvatnet av USAs angrep på Venezuela, sa Trump at «vi kan snakke om Grønland om 20 dagar».

– Vi får sjå om han byrjar å gjenta truslane. Men at han ønskjer seg ei form for avtale som han òg kan innkassere som siger, det ser ganske openbert ut, seier Østhagen.

Visestabssjef i Det kvite hus, Stephen Miller, ville ikkje svare på spørsmål frå CNN om USA utelukka bruk av militær makt på Grønland.

Kan Nato stoppe USA?

Nato-traktaten seier at medlemslanda skal stå saman mot den som angrip, påpeikar Marianne Riddervold.

Ho er seniorforskar ved Arena senter for europaforsking ved UiO og ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), og forskar mellom anna på sikkerheit og forsvar.

Både USA og Danmark er medlemmer av forsvarsalliansen.

– Situasjonen blir veldig komplisert når det er eit Nato-land som angrip eit anna. USA kan for eksempel leggje ned veto mot bruk av Natos felles kommandostruktur, forklarer Riddervold.

  • Forsker Marianne Riddervold utenfor NRK.

    Marianne Riddervold

    • seniorforskar ved Arena, senter for europaforsking ved UiO, og Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi)

I praksis får ikkje Nato-landa gjort mykje. Europa har heller ikkje moglegheit til å forsvare seg militært mot USA, om det skulle bli nødvendig.

– Skulle USA prøve å ta Grønland, så vil ikkje Europa svare militært på det. Vi er heilt underlegne. Interessekonfliktar må altså løysast på fredelege måtar, med diplomati, seier Riddervold.

Den danske statsministeren Mette Frederiksen har fleire gonger bede Donald Trump om å slutte å true dei. Verken Danmark eller Grønland ønskjer å overgi Grønland til USA.

Kva tener USA på å ta Grønland?

USA argumenterer for at dei treng Grønland av «nasjonale sikkerheitsomsyn».

Donald Trumps ambisjonar om amerikansk overherredømme på det vestlege kontinentet har blitt omtalt som «Donroe-doktrinen».

Fire personer er samlet ute på en snødekt lokalitet. To av dem er iført militære uniformer, mens de andre har på seg vinterklær. Den ene med militæruniform peker med hånden mot en annen person, som lytter. Bakgrunnen viser snødekte landskap og is, med klart vær.

Visepresidenten i USA, J.D. Vance, og kona besøkte USA sin militærbase på øya i mars i fjor.

Foto: JIM WATSON / Reuters / NTB

Grønland har tre sentrale aspekt ved seg: ei viktig strategisk plassering, stor militær betydning, og øya har viktige mineral som USA treng.

– Viss vi legg til grunn at USA annekterer Grønland: Kva vil dei vinne på det?

– Dei vil ikkje vinne noko som helst. Dei kan eventuelt setje i verk litt meir mineralverksemd i nokre gruver, men dei ville fått ei befolkning som vil gjere opprør. Nato vil vere dødt, altså kollapse, seier forskingsleiar Andreas Østhagen.

Noreg og veldig mange andre europeiske land vil òg hamne i ei sikkerheitspolitisk krise, tydeleggjer Østhagen.

– Sjølv ikkje Trump har noko å vinne på det. Dei økonomiske gevinstane er minimale samanlikna med dei politiske og økonomiske kostnadene ved ei slik handling.

Nyttar det å kritisere USA og Trump?

Europeiske land er klare på at dei er veldig bekymra for og sterkt kritiske til Trumps utsegner om Grønland.

Men europeiske leiarar har ikkje maktmiddel å setje bak uttalane, ifølgje Kåre Aas, som er tidlegare diplomat og ambassadør til USA, Israel og Afghanistan.

– Det vi alle veit, er at det er ein president i Det kvite hus som er veldig følsam for kritikk, og som ikkje liker å bli utsett for kritiske kommentarar.

  • en mann som ser på en annen mann

    Kåre Aas

    • tidlegare diplomat og ambassadør til USA, Israel og Afghanistan

Det er likevel viktig at ein frå europeisk side faktisk meiner det ein seier, og at det som skjedde i Venezuela er eit brot på folkeretten, seier Aas.

– President Trump er i stand til å gjere nesten kva som helst. Viss kritikken blir for sterk og fordømminga blir for hard, så kan det skje at han seier: «Vi gidd ikkje å vere medlem av Nato lenger. Vi bryr oss ikkje om Europa lenger».

Og i den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa i dag, er det viktig å behalde USA som medlem, påpeikar Aas.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonen sin nyaste podkast-episode:

Publisert 06.01.2026, kl. 18.51

Read Entire Article