– Kan ein vera alkis og eit godt menneske samtidig? Mimir Kristjansson meiner det

1 month ago 24



– Det kan faktisk henda at han var eit godt menneske og alkis samtidig, seier fyllik, periodedrankar og stortingsrepresentant Mimir Kristjansson. Om far sin. Som han har skrive bok om.

– Alt med alkohol kan ein relativisera. Det finst alltid nokon som er verre. For min del er det faktisk litt min eigen far, seier Mimir Kristjansson. Foto: Jon Ingemundsen
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

– Far min var først og fremst ein islending, seier Mimir Kristjansson.

– Som kom flyttande til Stavanger etter å ha møtt mor mi i Kina. Og så var han ein ganske magisk type. Han var utruleg flink til å fortelja historier. Eg veit ikkje om dei var sanne, alle dei historiene, men dei var veldig gode. Han var veldig kjekk å veksa opp med. Men han hadde også eit trøblete forhold til alkohol, og sleit i periodar ganske mykje med det. Og eg har lurt på korleis begge dei tinga kan vera sanne samtidig. Er det noko eg har fortrengt? Eller kan det faktisk vera sant? Og eg meiner vel det, at det faktisk kan vera sant at han var eit godt menneske og alkis samtidig.

– Kvifor har du skrive bok om han?

– Eg har jo tenkt på dette veldig mykje i løpet av livet mitt. Eg tenker nesten ikkje på anna. Så eg gjer det mest for mi eiga skuld, for å få tenkt gjennom tinga skikkeleg, og få eit slags utløp. Og så håpar eg jo at det finst folk som vil kjenna seg igjen i det, eller som vil setja pris på det òg, då.

– Kva er alkohol for deg?

Det er jo – for å seia det med Homer Simpson – det er jo «the cause and solution to all of life’s problems». Eg er jo først og fremst berre veldig, veldig glad i å drikka. Eg skal ikkje lyga og påstå noko anna enn at eg veldig ofte har det gøy når vi drikk. Og eg merka jo berre første gongen eg drakk i livet, at «å, herregud, dette her er jo heilt strålande. Dette skal eg aldri slutta med. Dette er så bra.» Og så har eg jo periodar der det går over stokk og stein.

Foto: Jon Ingemundsen

– Du skriv at familien din har hatt promille i blodet i over 1000 år – og drar det heilt tilbake til Egil Skallagrimsson?

– Ja, og dette er jo litt sånn overdrive, for eg kjenner jo ikkje kvar og ein av desse forfedrane. Men begge besteforeldra mine var også tungt alkoholiserte. Og så las eg den der Egils saga, og det er jo berre ein fyllehistorie, heile greia nesten. Han er utruleg mykje full. Og han spyr og drep folk i fylla og skriv dikt om det etterpå. Og du kan liksom spora slekta di tilbake dit, og så fekk eg ein sånn veldig følelse av eit eller anna skjebnetungt, nærmast genetisk med det. Noko som er komplisert, for på den eine sida er det jo ingen som tvingar meg til å drikka, eller som tvang far min til å drikka. Det er jo eit ansvar ein har sjølv, å halda styr på livet sitt. Det er jo ikkje noko ein kan skulda på Egil Skallagrimsson. Men på den andre sida, så vil nok dei fleste vera einige i at alkoholproblem går i arv i ei eller anna form, det er det ganske ukontroversielt å meina. Det er både skjebne og fri vilje samtidig. Som gjer det litt vanskeleg å forstå seg på, kvifor ein drikk, og kvifor ein har det sånn.

– Samtidig er dei fleste av oss vant til å vera ganske skeptiske når folk som har eit alkoholproblem prøver å forklara det rasjonelt. Det er lett å høyra det som ei slags unnskyldning, som ein grunn til å få lov til å fortsetja?

– Eg merkar jo på eit tidspunkt i den boka at eg er langt inne i ein sånn unnskyldningsspiral. Kven er det eg prøver å lura, liksom. Er det meg sjølv, eller er det dei som les? Alt med alkohol kan ein relativisera. Det finst alltid nokon som er verre. For min del er det faktisk litt min eigen far. Men eg er også opptatt av det rommet som finst der, mellom at du ikkje har hundre prosent kontroll på det, og til det er verkeleg farleg, der det går skikkeleg utforbakke. Det er jo der du har ein slags sjanse til å bremsa, eller stoppa, eller finna ein måte å leva med det på som det går an å overleva. Mens dei aller fleste først innser at dei har problem når det er for seint. Når relasjonar til eigne barn og til andre er øydelagde.

Og det … Eg trur at det som er litt dårleg i samfunnet, eller farleg, det er at vi snakkar veldig lite om dette, for det er så skamfullt å seia at eg er alkoholikar. Eg liker ikkje det ordet. Og eg veit ikkje om det er sant eller usant, heller. Det er så ekstremt stigmatisert. Ein alkoholikar kan i alle fall ikkje vera ein god far, du kan eigentleg ikkje halda på ein jobb, du kan nesten ikkje halda på ei dame, då må ho nesten vera alkoholikar, ho og. Stort sett skal livet ditt vera herpa og øydelagt.

Men dei aller, aller fleste som har alkoholproblem, har jo det i lange tider. Dei fungerer jo på ein eller annan måte i liva sine. Og den gruppa der, den slit vi veldig med å snakka om.

Det er litt det same som når ein skal forklara barn kva det vil seia å vera modig. Det er jo ikkje å aldri vera redd. Det er jo å vera redd og så gjera noko riktig likevel. Sånn er det med det her òg. Det er ikkje å aldri ha eit problem med alkohol. Det er å ha eit problem med alkohol og likevel klara å vera eit godt menneske. Det er jo det som er det vanskelege. Rett og slett.

– Syns du at du klarar det?

– Eg håpar jo det. Eg prøver, i alle fall. Drikking har skapt mange problem for meg, opp gjennom. Og eg trur det finst folk som syns at det har gått utover dei, at eg har drukke for mykje, og at det er ein ganske egoistisk ting å gjera. Altså, ein stenger jo av seg sjølv for å sleppa å ta inn over seg problema som finst, men ofte så går det jo ut over andre, då. Så, ja. Det er mykje eg har å angra på eigentleg.

– Det er ikkje dei som klarar å drikka «passe» du skriv om?

– Nei, og eg er jo veldig provosert over folk som drikk passe. Dei forstår kanskje ikkje kva det kostar for meg å klara å trekkja i den bremsa når vi berre skal sitja ein stad og drikka passe. Då hadde det kanskje vore betre for meg at det ikkje blei drukke i det heile tatt. Når dei skal få lov til å drikka passe, så får eg eit problem. Og det er jo litt dumt å skulda på dei, for det er jo først og fremst mine eigne problem. Men eg trur det er ein av grunnane til at det er lurt at samfunnet framleis skal prøva å halda seg i ein del alkoholfrie soner. At det er litt viktig å prøva å ta vare på.

– Du skriv om far din at problemet ikkje var at han drakk, men at han blei borte for dykk. At du ikkje kunne stola på han. Trur du dine nærmaste kan kjenna på det same, eller er du redd for at dei skal koma til å kjenna på det?

– Ja. Eg er i alle fall veldig redd for det. Og eg trur nok det har vore slik nokre gonger.

– Kva krev det å stå nært nokon som drikk mykje? Viss alkoholen alltid kjem først, så vil dei jo heile tida risikera å bli valde vekk?

– Det er jo veldig vanskeleg. Ein er jo rett og slett ofte nøydd til på ein eller annan måte å tolerera det. Leva med det. At dei har nokon dei elskar, eller er veldig glade i, som dei ser øydeleggja liva sine.

– Korleis håpar du boka di blir lest?

– Først og fremst så håpar eg jo at folk som har problem med alkohol les den. Og at dei set pris på den. Det er eit prosjekt for meg å vera ærleg om desse tinga. Så eg håpar jo det kan vera til hjelp for mange andre, også dei som har levd med det, vakse opp med det. Det handlar jo ganske mykje om far min.

Far til Mimir Kristjansson. Alkoholikar. Og eit godt menneske. Samtidig.

Høyr heile intervjuet i denne vekas episode av Tanken bak her.

Mimir Kristjansson er gjest i podkasten Tanken Bak. Foto: Rune Vandvik

Publisert:

Publisert: 15. august 2024 06:21

Read Entire Article