Kamp om å selje Noreg nye krigsskip: Skal jage russiske ubåtar

5 hours ago 4



Norske styresmakter er i ferd med å gjere det som kan bli den største offentlege investeringa nokon gong, med ein prislapp på rundt 125 milliardar kroner.

Noreg skal ha fem til seks nye fregattar, og skifte ut dei fire søsterskipa til KNM «Helge Ingstad», som mange fekk eit forhold til etter den kolliderte og sokk i 2018.

Dei nye krigsskipa skal brukast til å overvake og patruljere havområda langs norskekysten. Hovudoppgåva er å følge med på russiske ubåtar og anna aktivitet.

Tore O Sandvik

BRITISK: Fire land kjemper om éin kontrakt.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Den svimlande summen er ein ting. Men dette har brått blitt noko langt større enn kjøp av nokre skip, etter forsvarssignala USA har sendt sine europeiske allierte den siste tida.

Trump har skapt uro i Europa om USA står ved forpliktingane sine.

– I rute

No er det fregattane til fire nære allierte, blant dei nettopp USA, det står om.

– No skal Europa ta eit større ansvar for eiga sikkerheit, og då må vi greie å arbeide meir bilateralt og multilateralt i Europa, for å få ned kostnadane, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap).

– Vi stiller tøffe krav, seier han.

Denne veka vart han floge i helikopter til ein lynvisitt på den britiske fregatten HMS St. Albans. Fregatten besøker Oslofjorden, etter å ha delteke på Nato-øvinga Dynamic Mongoose i nordområda.

– Når skal avgjerda takast?

– Den skal takast av denne regjeringa, det er utgangspunktet. Prosessen er i rute, og den går godt, seier Sandvik til NRK.

Om ikkje Arbeidarpartiet skulle vinne fram i stortingsvalet til hausten, vil det bety at ei avgjerd ikkje kan vere veldig langt unna.

Norske styresmakter skal ha fregattar som i hovudsak skal kjempe mot ubåtar, som kan bli levert frå 2029 og sikre at avtalen kjem norsk næringsliv til gode.

Tore O Sandvik

KRIGSSKIP: – Den skal takast av denne regjeringa, det er utgangspunktet. Prosessen er i rute, og den går godt, seier Sandvik til NRK.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Peiker tydlegare på levering og pris

Sjølv om forsvarsministeren er tydeleg på at det er snakk om ei heilskapsvurdering, så er han kanskje hakket meir oppteken av å framheve at både leveransetidspunktet og prislappen er viktig.

– Leveransetidspunkt er vesentleg for å få erstatta fregattane vi har, og så er levetidskostnadane og det strategiske samarbeidet viktig. Korleis vi kan operere saman, og halde kostnadane nede, seier Sandvik.

NRK har snakka med alle dei fire som kjempar om storkontrakten, og dei skil seg på dei ulike krava til regjeringa.

Alle jobbar intenst for å gjere seg lekre og overtyde norske styresmakter.

Storbritannia

Britane ønskjer å selje Noreg Type 26-fregatten frå britiske BAE Systems.

  •  I produksjon for Royal Navy; også bestilt av Canada og Australia.

    BAE Systems

    Salsargument

    Fregatten er spesialisert på å oppdage og kjempe mot ubåtar. Både Storbritannia (8stk), Australia (9stk) og Canada (15) skal ha den same fregatten. Det set fart i bygginga, og vil kunne presse ned prisane og gjere det enklare med vedlikehald.

  • Logoen til Kongsberg gruppa på et bygg i Oslo sentrum.

    Frederik Ringnes

    Industrisamarbeid

    Vil samarbeide med Kongsberg Gruppen, Nammo og Umoe Mandal om utrusting av fregatten, og norske verft om vedlikehald. Det vil i tilfelle kunne gjelde alle dei potensielt 37–38 fregattane, om Noreg vel den britiske.

  • ein person som holder ein presentasjon for et publikum

    NRK

    Industrisamarbeid

    Blir det britisk fregatt, vil Umoe Mandal inngå kontrakt om å bygge 26 mindre stridsbåtar til det britiske forsvaret

  • et stort skip på vatnet

    John Linton / BAE Systems

    Levering

    Vil kunne levere første fregatt til Noreg innan 2029.

  • Ein gruppe menn som går mot et militærskip

    Paul S. Amundsen / NTB

    Interesser

    Storbritannia og Noreg har sterke felles interesser i nord, og styrkane har trent saman i arktis i over 50 år. Den britiske fregatten er rusta for å takle vêrforholda i farvatnet den skal operere i.

Vedlikehaldsnøtt: Den britiske marinen har i lengre tid slite med å halde fleire fartøyklassar operativt tilgjengelege, grunna tekniske problem, vedlikehaldssvikt, mangel på reservedelar og ein organisasjon utan naudsynt kapasitet, ifølgje orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.

Han peiker særleg på jagarklassen Type 45, der fartøya ofte har vore ute av drift og bundne til dokk.

Etter å ha slite mykje med akkurat dette på Noreg sine noverande spanske fregattar, er norske styresmakter truleg lite interesserte i å setje seg i meir vedlikehaldstrøbbel.

– Når vi får fregattane, så må vi vere i stand til å segle og ha dei operative. Det går på korleis vi nyttar mannskap og driv vedlikehald undervegs, seier forsvarsminister Sandvik.

Helikopternøtt: Britane ønskjer at Noreg også kjøper deira AgustaWestland-helikopter i same slengen. Type 26 er utrusta for å huse dette helikopteret, og det er det britane skal bruke.

Men Noreg har allereie inngått kontrakt om å kjøpe seks amerikanske Seahawk-helikopter. Dei skal i utgangspunktet brukast av Kystvakta, men dei er også utrusta for å jakte og kjempe mot ubåtar.

Så spørsmålet er kor mange ulike helikoptertypar Forsvaret skal ha kompetanse til å drifte og halde ved like?

Britane kan justere fregatten til å kunne huse Seahawk i staden. Det skal dei gjere også for Australia, men med eit prispåslag. Men britane er flinke å minne om at den Noreg allereie har det britiske helikopteret i redningstenesta (Sar Queen), og får gode skottsmål.

Frankrike

Franskmennene tilbyr Noreg FDI-fregatten, frå franske Naval Group.

  •  Naval Group har indikert at de kan levere n fregatt per år, med første levering i 2029.

    Naval Group

    Salsargument

    Fregatten er på havet, og snart klar for teneste for den franske marinen. Difor er dette alternativet nærast hyllevare, og franskmennene seier dei kan levere første fregatt i 2029 og dei resterande fire skipa innan 2035.

  • Nikos Dendias, Sbastien Lecornu poserer for et bilde

    LOIC VENANCE / AFP / NTB

    Vedlikehald

    Både Frankrike (5stk), Hellas (3stk) og Emiratane (2stk) skal ha den same fregatten, noko som kan setje eventuelle norske fregattar inn i eit større vedlikehaldssystem. Den franske marinen har i stor grad hatt suksess og klart å halde store delar av sine fartøy operative.

  • Stein Berg Oshaug, adm. dir. i Oshaug Metall i Molde

    Øyvind Sandnes

    Industrisamarbeid

    Den franske leverandøren, Naval Group, har allereie samarbeid om propell-kjøp frå Molde-bedrifta Oshaug Metall til dei franske og greske fregattane. Franskmennene er også i dialog med norske bedrifter om eventuelt vedlikehald av fregattane. Naval Group har også signert intensjonsavtalar om forsking og utvikling med dei norske forskingsinstitutta Norce og Sintef.

  • En båt i vatnet med snødekte fjell i bakgrunnen

    ETAT-MAJOR DES ARMEES / FRANCE

    Pris

    Den franske fregatten er den minste, og blir omtalt som det rimelegaste alternativet.

Storleiksnøtt: Fleire har stilt spørsmål ved om den franske fregatten, som er den minste av dei fire alternativa, vil vere rusta for å takle vêr og vind i farvatnet den skal operere i.

Orlogskaptein Strømmen åtvarar mot dei fysiske avgrensingane, nettopp grunna storleiken og designen med den inverterte baugen. Dette kan påverke farta og bruken av våpensystem.

Samstundes trekkjer han fram fordelar som stillegåing og høg energieffektivitet under meir moderat sjø.

General Gwyn Jenkins frå konkurrenten Storbritannia har sagt til DN at den franske fregatten ikkje er eigna.

Det fnyser den franske forsvarsattacheen Sébastien Chatelain over:

Tyskland

Det tyske alternativet er F127-fregatten, frå det tyske industrikonsernet ThyssenKrupp.

  •  Under utvikling; første levering forventa tidlegast i 2034.

    Thyssenkrupp Marine Systems

    Salsargument

    Noreg og Tyskland har allereie eit nært samarbeid om utvikling, utrusting og kjøp av ubåtar. Dei tyske og norske ubåtane skal bli haldne ved like ved Haakonsvern. Tyskarane inviterer til eit liknande fregatt-samarbeid.

  • Forsvarsminister Bjørn Arild Gram signerte ein avtale om tettare forsvars- og sikkerheitssamarbeid med sin tyske motpart Boris Pistorius.

    Forsvarsdepartementet

    Samhandling

    Fregatten vil kunne samhandle godt med ubåten, og vil bruke det amerikanske våpenkontrollsystemet Aegis. Aegis er allereie i bruk i det norske Sjøforsvaret.

  • Ulstein verft i Ulsteinvik. Til høgre i bildet ligg dokkhallen. I bakgrunnen ser vi Green Yard Kleven. Sol og blå himmel.

    Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

    Industrisamarbeid

    Fregatten vil bli utrusta med missilsystem frå Kongsberg Gruppen. Deler av skipet vil kunne bli utrusta ved Ulstein verft i Ulsteinvik.

  • Tysk F127-fregatt

    ThyssenKrupp Marine Systems

    Multi-rolle

    Fregatten er rigga både for å kjempe mot ubåtar, men også for kamp i lufta. Sidan den enda ikkje er bygd enda, kan Noreg framleis ta aktiv del i utforminga av fregatten.

Leveringsnøtt: Den tyske fregatten er den einaste av alternativa som enda ikkje er under konstruksjon. Difor er det tvil knytt til om dei vil kunne klare å levere den første fregatten til Noreg innan 2029 eller 2030, og tyskarane kan ikkje setje nokon eksakt leveringsdato.

en person som holder et nettbrett

Politisk direktør Jasper Wieck i det tyske forsvarsdepartementet og ein større delegasjon var på friarferd i Oslo for nokre veker sidan.

Foto: NRK

– Eg kan berre seie at det er ei enorm fart i produksjonen av forsvarsmateriell i Tyskland og Europa no, så eg er optimistisk med tanke på at fregattane vil bli levert tidsnok for å dekke Noreg sine behov, seier Jasper Wieck, politisk direktør i det tyske forsvarsdepartementet til NRK.

USAnøtt: Den tyske fregatten har det amerikanske våpensystemet Aegis, som er kjent for den norske marinen. Men det er no ei viss uro kring om USA vil dele programvareoppdateringar med land som kjøper deira våpensystem.

USA

Amerikanarane ønskjer å selje Noreg Constellation-fregatten, frå italienske Fincantieri.

Den amerikanske marinen skriv følgjande til NRK:

– Constellation-fregatten vil oppfylle eller overgå Noreg sine krav.

  •  Produksjonen er forsinket, og det er usikkerhet rundt USAs langsiktige forpliktelser overfor europeiske allierte.

    Fincantieri Marinette Marine

    Salsargument

    USA er blant Noreg sine aller næraste allierte, og den amerikanske marinen understrekar at dei har dei same strategiske interessene og måla i Arktis som Noreg. Fregatten har våpensystemet Aegis, som er godt kjent for den norske marinen.

  • en båt som ligger til kai ved en brygge

    Tore Ellingseter / NRK

    Industrisamarbeid

    Fregatten kan bli bygd på det norske verftet Vard på Sunnmøre, då Vard og verftet som bygger den amerikanske fregatten, har same eigar, den italienske verftsgiganten Fincantieri. USA opnar også for vedlikehald av både amerikanske og norske fregattar på norske verft.

  • to menn som håndhilser

    Cornelius Poppe / NTB

    Vedlikehald

    USA har sjølv bestilt minst 20 fregattar. Amerikanarane argumenterer med at Noreg difor kan dra nytte av deira utstyrsoppgraderingsprogram, store lager av reservedelar og stor teknisk ekspertise som kan oppgradere alle system. Dette kan også presse ned kostnadane.

Pris- og politikknøtt: Amerikanarane starta å bygge fregatten før designprosessen var heilt ferdig. Det har gjort bygginga forseinka og fregatten langt dyrare, ifølgje Amund Lundesgaard, førsteamanuensis ved Forsvarets høgskule.

Også Lundesgaard trekk fram usikkerheita kring om ein kan stole på at ein får programvareoppdateringar dersom det blir krise og konflikt.

– Reint politisk er dette noko ein må tenke mykje meir på no, seier Lundesgaard. Sjølv meiner han at det «politisk vil vere ein stor gamble» å gå for den amerikanske fregatten, og han er ikkje aleine.

– Trur du Trump kan straffe Noreg dersom det ikkje blir amerikansk fregatt?

– Blir det for eksempel blåst opp i media, kan det bli ei sak for Trump også. Men det er vanskeleg å seie, eg har blitt overraska mange gonger av det som har skjedd i Det kvite hus, seier Lundesgaard.

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg møter Trump

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte president Donald Trump i Det kvite hus for eit par veker sidan. Fregatt-kjøpet kom ikkje på tale under møtet, ifølgje Støre.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

NRK stilte forsvarsministeren spørsmålet: er det då naturleg å vende seg mot ein europeisk leverandør denne gongen?

– Storbritannia er vår næraste allierte i Europa, Tyskland og Frankrike har vi tett samarbeid med. Amerikanarane er vår største og viktigaste allierte. Det er ei heilskapsvurdering, seier Sandvik.

Publisert 10.05.2025, kl. 11.14

Read Entire Article