Marcus Kabelo Møll Mosele, betre kjent som Kamelen, er sikta for kroppsskade etter ei hending under ein konsert på den populære afterskistaden Stavkroa i Hemsedal i mars 2024.
Politiadvokat Jan Eirik Arvesen stadfestar at ein artist er sikta for brot på straffelova §273 etter stagedive på ein konsert på afterski i Hemsedal.
Bergensrapparen skal ha hoppa frå nær tre meters høgd.
– Vi meiner ikkje at artisten har hatt ynskje om å skade nokon. Det som gjer at vi ser alvorleg på hendinga er særskilt at det vart hoppa frå 2. etasje i lokalet, seier han.
Brot i nakken
Kamelen var onsdag i avhøyr med politiet om saka. Dette fortalde han sjølv om i sosiale medium, og det blir stadfesta av advokaten hans, Jørgen Riple.
– Det var eit uhell i samband med stagediving, seier Riple til NRK.
Ifølgje Riple skal ein kroppsdel frå Kamelen – eller eventuelt ein annan person – ha treft ein publikumar under stagedivinga.
Kamelen sende snapp frå avhøyret han var i onsdag.
Foto: Skjermdump / SlimkamelPersonen skal ha fått eit brot i eit bein i nakken, men skal no vere fullt rehabilitert.
– Kamelen har forklart seg for politiet. Han er lei seg for det som skjedde. Dette er noko han har gjort mange hundre gonger før, utan at det har oppstått problem, seier Riple.
– Eit hendeleg uhell
Politiet målte avstanden frå golvet til der Kamelen hoppa frå, til 288,5 centimeter.
Riple presiserer at den reelle avstanden blir langt mindre når publikum står med armane i vêret og ventar.
Advokaten seier at Kamelen ikkje har skadd nokon med vilje, og at det ikkje var aktløyse.
– Dette er første gong eg høyrer om at noko slikt har skjedd i ein konsertsituasjon. Den skadde skal ha stått med ryggen til og ikkje fått med seg at det vart gjort førebuingar til stagediving. Vi meiner det var eit hendeleg uhell, seier Riple.
Han trur at saka blir lagt vekk.
Kamelen skal ha hoppa frå etasjen/plattforma over bardisken.
Foto: PolitietHar sikra video
Det var den fornærma i saka som sjølv gjekk til politiet. Vedkomande har førebels ikkje fått bistandsadvokat.
– Vi ynskjer ikkje å gå i detalj i spørsmål om helsa til den fornærma, utover at det etter omstenda går ganske greitt i dag, seier politiadvokat Arvesen.
Saka er meir eller mindre ferdig etterforska og politiet skal no avgjere om den blir lagt vekk eller ikkje.
– Eg ynskjer ikkje per no å kommentere når eller kva som blir resultatet av dette, seier politiadvokaten.
– Kva har de gjort til no i saka?
– Politiet har etterforska saka på vanleg måte ved mellom anna å sikre video, dokumentere skadane, åstadundersøking, avhøyr av partar og vitneavhøyr.
Kvinne skadd i 2023
Det er ikkje første gang at Kamelen sine scenestunt får medieomtale.
Under Idyllfestivalen i Fredrikstad i 2023 trefte rapparen tre kvinner på rygg/hovud då han stagediva frå scena.
Ifølgje Fredriksstad Blad vart ei av kvinnene skadd.
Dette sjølv om festivalen forbyr artistane å stagedive frå scena og ned i publikum.
Advokat Riple seier han ikkje kjenner til at nokon vart skadde i hendinga i Fredrikstad, og at den ikkje vart meld til politiet.
Stavkroa er ein populær afterskistad i tilknyting til skianlegget i Hemsedal.
Foto: Torstein Bøe / NTBPublisert 15.05.2025, kl. 15.32 Oppdatert 15.05.2025, kl. 15.52