Julia står på venteliste – eksperten gir råd

1 month ago 34



– Eg var faktisk på trening då eg fekk vite det. Eg tok tre øvingar, før eg sjekka resultatet.

Det fortel Julia Sofie Berg Ørseng.

Etter vidaregåande var ho klar for draumestudiet – sosialt arbeid på Høgskolen i Østfold. Ho hadde rekna på eige poengsnitt, og var sikker på ho skulle kome inn.

Men snittet heldt ikkje. Ho står på venteliste til både første- og andrevalet sitt.

– Eg vart jo så klart veldig skuffa.

– Ikkje mist motet

Julia er på langt nær aleine. Ifølgje Samordna opptak har 56.000 fått tilbod om plass på venteliste. Nokre av desse har truleg tilbod om studieplass, men ikkje på førstevalet sitt.

Tomas Iversen er rådgivar i Karriereveiledning. Han fortel at pågangen frå unge er stor både før, under og etter opptak. Fleire tek kontakt om det same.

– Mange står på venteliste, men har ikkje ein plan b. Andre har fått plass på venteliste, men trivst der dei allereie går.

– Veldig mange kjenner heller ikkje til kva moglegheiter som finnast.

Tomas Iversen, karriereveiledning

Tomas Iversen er karriererettleiar, og ber dei som ikkje har fått tilbod om studieplass om å halde motet oppe.

Foto: Privat

Han har ei klar oppmoding til dei som ikkje kjem inn på studiet dei vil.

– Du kan jo bruke det neste året til å jobbe med noko relevant, gå på folkehøgskule eller reise.

Han seier det slett ikkje er dumt.

– Då lærer du noko nytt om deg sjølv, eigne interesser og eigenskapar. Det kan ha stor verdi seinare.

Les alle tipsa til Tomas nedst i saka.

Kom du inn på drømmestudiet?

Har ein reserveplan

Julia har gått både helse og oppvekst og barn og ungdom på vidaregåande. Etter det venta læretid på barneskule og i barnehage.

– Eg drøymer om å jobbe med menneske. Kanskje ungar. Eg vil hjelpe menneske, seier ho.

Ho kom inn på tredjevalet sitt, men takka nei.

– Eg fekk plass på studie til å bli barnehagelærar. Men sidan eg også har jobba i barnehage, veit eg at eg ikkje vil bruke livet på det. Då er det betre å takke nei.

Ho meiner erfaring også burde telje, og ikkje berre karakterar.

No er ho avhengig av at andre seier ifrå seg plassen sin for at ho skal kome inn. På TikTok oppmoda ho folk som hadde søkt det same som henne om å takke nei.

Men alt håp er ikkje ute, ifølgje Jørgen Ofstad. Han er avdelingsleiar i Samordna opptak.

– No har vi fleire opptak utover sommaren, og listene kjem til å endre seg.

Og Julia held motet oppe.

– Om det ikkje går får eg berre ta opp fag og prøve igjen neste år. Eg må berre vere positiv, seier ho.

Publisert 29.07.2024, kl. 12.59

Read Entire Article