Juletall vekker uro: – Sjølsagt er det bekymringsfullt

2 hours ago 1



Mange er samtidig klar over at enkle tiltak kan fikse problemet.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
HØG PULS: Kundane er på full fart mellom butikkane i innspurten til jula. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Publisert 23.12.2025 12:27

Saka oppsummert

  • Julestress påverkar ein av tre nordmenn, ifølgje ei undersøking frå forsikringsselskapet If.
  • Økonomi og tidsmangel er dei største stressfaktorane i høgtida.
  • Enkle tiltak som meir søvn, lågare forventningar, frisk luft og fysisk aktivitet kan redusere stress.
  • Einsemd er også ein stor stressfaktor, særleg blant yngre aldersgrupper.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI

Juledagane nærmar seg med stormskritt, og for mange stig pulsen i høgtida. 

Ein av tre nordmenn kjenner på stress rundt jul, ifølgje ei undersøking frå forsikringsselskapet If.

– Det er sjølvsagt bekymringsfullt at så mange er urolege, seier Kristina Ström Olsson, nordisk helsestrateg i If.

Dette stressar oss mest

På spørsmålet «Føler du på stress eller bekymring for juletida?», svarer 4 prosent mykje, 9 prosent ganske mykje, og 20 prosent til ei viss grad

Økonomi og mangel på tid er dei største stressfaktorane. 

– Mange av oss har for høge forventningar. Ingen av oss rekk over alt, og det veit vi eigentleg, seier Olsson. 

Ho forstår at det er lett å bli dratt inn i «stresshjulet», men ber om at folk tar seg tid til å tenke over kva ein faktisk treng. 

– Ingenting må vere perfekt. Viss vi fjernar nokre av tinga vi trur vi må ha, kan vi slappe av og glede oss meir. Hugs å be om hjelp og kom deg ut i frisk luft.

Vanskeleg å få svar

Når TV 2 er innom eit av kjøpesentera i Bergen midt i julerushet, er det ingen tvil om at stressnivået er høgt. 

Folk hastar forbi, men nokre få tar seg tid til å svare. 

– Er de stressa inn mot jul? 

 Agnieszka Iwanska / TV 2
INNSPURT: Heidi Ringen og Åsmund Oma tar seg tid til ein kjapp prat i julerushet. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

– Ja, eigentleg. No er vi i innspurten og prøver å få unna dei siste gåvene, seier Heidi Ringen (33). 

Ho og Åsmund Oma (34) fortel at dei har mange punkt på hugselista.

– Det er mykje ein tenkjer må bli gjort før jul, både julegåver, vasking og rydding. I tillegg har vi flytta, så det blir litt mykje. 

 Agnieszka Iwanska / TV 2
STRESS: Eddie Mikael Strandos Svendsen og Iris Marie Pedersen stressar med alt dei skal kome i mål med før jul. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

Ringen og Oma er midt i aldersgruppa 30-39, som ifølgje undersøkinga kjenner aller mest på julestresset. Like bak på statistikken kjem den yngste gruppa på 18-29 år.

– Eg kjenner veldig på det. No strikkar eg ein genser som skal vere julegåve, og har så langt to ermar, fortel Iris Marie Pedersen (23).

– Det er noko med at ein skal få tid til alt ved sidan av jobb, trening og tid med vener, seier Eddie Mikael Strandos Svendsen (24).

Råd for å senke stressnivået

Sjølv om mange er stressa, minner If om at fleirtalet ikkje lar seg påverke like mykje. 

Blant dei med låg puls, er Lina Frønsdal (31) og Haytham Noa (29), som TV 2 møter på kjøpesenteret. 

 Agnieszka Iwanska / TV 2
ROLEG: Haytham Noa og Lina Frønsdal tar juleinnspurten med knusande ro. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

– Eg har ikkje begynt på julegåvene enno, så eg kjem kanskje til å kjenne på det etter kvart, seier Frønsdal. 

– No er ikkje vi dei beste representantane, for andre har større familiar enn oss, men ikkje ta jula for seriøst og stress ned, seier Noa.

I undersøkinga blir det også spurt kva som kan senke stressnivået. 43 prosent svarer «meir søvn og avslapping»

Lågare forventningar, økonomisk hjelp, frisk luft og fysisk aktivitet kjem også høgt på lista.

– Kan vi ikkje berre gjere meir av dette og mindre av julestresset? 

– Ja, tenk om det hadde vore så enkelt. Mange er klar over kva dei treng, men dei må også lytte til eigne signal, seier helsestrateg Olsson i If.

Frykt for å vere åleine

I tillegg til forventningar og lange «to do»-lister, er mange uroa for å vere einsame i jula. 18 prosent nemner einsemd som stressfaktor. 

– Her er det mykje ein kan gjere. Det enklaste er kanskje å ta kontakt med ein ven. Ein kort telefonsamtale kan gjere ein stor forskjell. Våg å be om støtte og råd dersom du er einsam, seier Olsson.

 Agnieszka Iwanska / TV 2
FORSTÅR: Gunnar Karlsen stressar ikkje til jul, men forstår at einsemd kan uroe mange. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

Også på dette punktet stressar dei yngste aldersgruppene mest. Det overraskar helsestrategen i If, som seier dei på førehand trudde einsemd ville vere eit større problem blant eldre.

I ei undersøking frå Kirkens Bymisjon tidlegare denne månaden, svarte ein av fire at dei har vore einsame i jula. 

Dei TV 2 møter på kjøpesenteret, forstår at einsemd kjem høgt på lista.

– Viss du allereie er litt einsam, blir du kanskje meir påverka i denne tida. Eg skjøner at folk kan bli stressa av det, seier Gunnar Karlsen (26).

– Det er veldig fint med dei som har ein ekstra stol rundt bordet i jula. Hugs på kvarandre og send ei melding. Det kan vere alt nokon treng, seier Iris Marie Pedersen.

Read Entire Article