KOMMENTAR: Utanfor hos meg var til og med mange smågater heilt rydda for snø før klokka seks i dag tidleg. Den svarte asfalten gjorde dagen lysare.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Dei sa det kan bli snøkaos seinare i dag. Og dei sa dei er klare. Alle desse som driv og brøyter og ryddar og kanskje til og med ser på snø og glattå som ei ganske kjekk utfordring.
Det gjer ikkje eg. Eg er på ingen måte tøff på glattå. Eg har falt før. Det kosta meg nesten alt.
Svart asfalt
Men i dag? Gatene rundt meg er skrapa bare. Og sikkert salta. Ikkje berre i gatene der bussane går, som alltid blir tatt først, nei, i mange av dei små, smale gatene, der det aldri er langt opp til ei av desse salta bussgatene, og der ein må ha ein ganske liten plog for å koma seg fram mellom parkerte bilar på begge sider av vegen.
Dei hadde nådd over desse minste små også, i natt, eller i dag tidleg, eller i alle fall før klokka blei halvsju. Det var då eg kikka ut.
Fortau ved offentlege bygg, det som er kommunen sitt ansvar? Dei ser også bare ut. Og salta. Oss private? Som har ansvar for fortaua rundt eigne husveggar? Altså, det varierer vel litt. Frå måking utan strøing, til strøing utan måking, til dei som gjer begge delar. Men ikkje verst, det heller.
Turstien også!
Eg har piggsko. Og nye piggdekk. Viss nokon enno skulle tru at det er ein slags vinterentusiast bak tastaturet nå, i uovervinneleg superform, og alltid klar til å stilla i bilkøen opp til Sirdal, segla gjennom den der rundkøyringa dei snakkar om, med bilen full av ski og sånne vintergreier. Niks. Ikkje snakk. Men sidan eg har jobba som avis-kommentator i mange år nå, kjennest det nødvendig å understreka at det ikkje er sånn. Helsts fleire gonger. Sidan det er litt uvant for meg å ikkje retta kritikk mot nokon.
Det tøffaste eg gjer, er å gå på Gamlingen også om vinteren. Utandørs-bassenga til Stavanger kommune. Der kan eg kjenna eit lite glimt av norsk friskus-standard, akkurat i det eg går ute langs kanten, frå dusjen til bassenget. Det er femti steg. Eg har talt.
Det var brøytt utforbi der også. Nei, det var ikkje nå i dag tidleg, det var den der første dagen det var snø. For i Stavanger kommune har turvegen rundt Mosvatnet prioritet 1. Som turvegen rundt Store Stokkavatn og langs Godalen også har det.
Eg syns det er fint. Dei har gjort det så enkelt og trygt som det går an. Før eg, og ein heil del andre skal ut og på jobb og på skule og kanskje til legen og rundt forbi og overalt. Fordi det er måndag, og kvardag, og januar i Stavanger.
Så takk, de som har haldt på. De gjer dagen lysare.
Publisert:
Publisert: 6. januar 2025 11:05