Er avtalen så viktig at den vil stå over ei framleis negativ utvikling i India?
Publisert: 01.02.2026 23:00
Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør i Aftenposten, fastslår at avtalen EU har inngått med India om frihandel og tryggleik, er «akkurat hva Europa trenger».
EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen hadde landa «mor til alle avtalar». For EU er dette starten på eit samarbeid mellom det von der Leyen kallar «dei største demokratia i verda». Ute av synsfeltet er det faktum at statsminister Narendra Modi og dei hindunasjonalistiske venene hans i meir enn ti år har gjort det dei kan for å undergrava det som var det største demokratiet i verda.
Ein fersk rapport dokumenterer at hatefulle, verbale angrep mot religiøse minoritetar i India nesten er dobla sidan 2023. India Hate Lab-rapporten viser at hatretorikk systematisk vert brukt på politiske møte, religiøse samlingar, protestmarsjar og nasjonalistiske arrangement. Hatet vert organisert frå toppen i Modis parti BJP og hans allierte.
«Opphissande retorikk har gått frå å vera ein spesifikk kampanjetaktikk til å bli ein normalisert og konstant mekanisme i politisk styring», heiter det. Både muslimar og kristne blir skulda for å vera «illojale, antinasjonale, farlege eller demografisk trugande».
Ein handelsavtale mellom Noreg og dei andre Efta-landa og India tok til å gjelda 1. oktober. Då den vart signert, karakteriserte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) avtalen som ein av dei viktigaste handelsavtalane våre etter EØS-avtalen. Han la vekt på at India gledeleg nok – «for første gong har (...) akseptert å innlemme ei tilvising til menneskerettane i ein handelsavtale».
Men er avtalen så viktig at den vil stå over ei framleis negativ utvikling i India? Spørsmålet vert endå viktigare etter at von der Leyen og statsminister Modi løfta hendene over hovudet i jubel for eit historisk samarbeid.
Ein farleg effekt av Trumps autoritære og trugande framferd er at Europa søkjer seg mot stabile autoritære herskarar som ikkje bryr seg om menneskerettar. Aftenposten må gjerne svara på om Europa skal gje opp partnarskap som også kan trygga demokrati og menneskerettar.

3 hours ago
2





English (US)