Jordskjelv registrert sørvest for Molde: – Kjende at huset vibrerte litt

1 month ago 22



Jordskjelvet blei registrert klokka 19.15 rundt 20 kilometer sørvest for Molde og rundt 30 kilometer frå Åndalsnes.

Skjelvet hadde ein styrke på rundt 2,2.

– Det har ein slik styrke at menneske kan føle det, men det er truleg ikkje så kraftig at det fører til skader, seier Annie Elisabeth Jerkins ved jordskjelvvakta til Norsar.

– Nokre vil ha merka lett risting. Mange beskriv det som ein buldrelyd, legg ho til.

Figuren viser jordskjelvet registrert på NORSARs stasjoner.

Figuren viser jordskjelvet registrert på Norsar sine stasjonar.

Foto: Norsar

Kjende huset vibrere litt

Randi Røsvik Sørli bur i bygda Måndalen i Rauma. Ho var ein av dei som merka skjelvet.

– Akkurat då var det heilt stille i huset. Eg rakk å tenke om det kunne vere eit jagarfly sidan, dei har kretsa over området i det siste. Men lyden var heilt annleis, seier ho til NRK.

– Det var ei svak buldring og ein kunne kjenne at huset vibrerte litt, Legg Sørli til.

Ho spurde så mannen sin om han hadde merka det same, og han var einig i at det måtte ha vore eit jordskjelv. Dei trur skjelvet varte i rundt ti sekund.

Det klirra litt i glas og glasskap, men utover det var situasjonen ganske udramatisk, fortel Sørli.

Måndalen, Rauma

Måndalen i Rauma var ein av plassane der ein kunne kjenne skjelvet måndag kveld.

Foto: Nils Harald Nikolaisen

Dei to har også tidlegare opplevd jordskjelv. Men den gongen var det sterkare.

– Ein kjenner det på ein heilt anna måte enn om det hadde vore eit jagarfly eller noko liknande. Det kjem liksom frå djupet. Lyden er også heilt annleis. Det er eit spesielt naturfenomen, seier Sørli.

Til info: Randi Røsvik Sørli er i familie med ein annan tilsett i NRK Møre og Romsdal. Denne personen har ikkje vore involvert i denne saka.

Publisert 29.07.2024, kl. 22.03

Read Entire Article