Jonathan har studie­start på golvet i ei kantine: – Mistenkte at det ville gå slik

1 month ago 24



12. august markerer studiestart i heile landet. Dagane før kjem endå ein og annan student inn dørene på Fantoft med flyttelass i trillekoffertar.

Den vesle studentbyen i Bergen skal huse om lag 2000 studentar det neste semesteret.

Òg dei som ikkje har funne sin plass – inntil vidare i alle fall.

Mange studentar rundt om i landet har ikkje fått seg ein plass å bu når studietida startar.

I Bergen har personalkantina på Fantoft blitt rigga om til sovesal også i år.

Bland dei som har slengt ut soveposen sin der er italienske Jonathan Dellago.

– Eg hadde jo ikkje vald dette, men det går greitt, seier han om den mellombelse innkvarteringa.

Sovesal_Fantoft_August2024

Etter ein månad hadde Dellago endå ikkje fått napp på bustadmarknaden. Då blei det sovepose på sovesal

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Dette er status i norske byar

Dellago studerer til vanleg kunst på Universitetet i Wien, men skal vere på utveksling i Bergen denne hausten.

Den siste månaden har han leita etter bustad i vestlandsbyen, både gjennom studentsamskipnaden og på den private marknaden.

– Det var eit slit å skrive til folk og håpe på svar, seier han om bustadjakta.

Og han er ikkje den einaste som har opplevd det som eit slit.

Tilbod om mellombels bustad er naudsynt i fleire studentbyar, stadfestar studentsamskipnadane NRK har vore i kontakt med helga før studiestart:

  • I Oslo er det ikkje personalkantina, men ein lesesal som fungerer som sovesal. Fredag før semesterstart hadde 20 personar reservert dei 17 sengeplassane til ulike tider.
  • I Ås har dei hatt sovesal med kapasitet til om lag 40 personar dei siste 15 åra. Den blir òg tatt i bruk i år.
  • I Stavanger er dei kjende med sovesal-løysinga frå tidlegare år, men dei 27 som har meld interesse får i år mellombels innkvartering på innleigde dublett-rom.
  • I Trondheim får studentane tilbod om billigare overnatting på hostell eller hotell ut august. Liknande tilbod finst òg i Tromsø.

Sovesal_Fantoft_August2024

Studentsamskipnaden på Vestlandet utvida sovesalen i år og tok i bruk dei tilsette sin sovesal.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Mange historier om huskrig

Situasjonen på bustadmarknaden for unge og studentar har prega overskriftene før studiestart i år:

– Eg har forstått det slik at det har vore problem med å busette studentar i Noreg, seier Dellago.

Sjølv var han glad for at han hadde sovesalen i bakhand medan han leita etter bustad.

– Det var godt å ha eit tryggingsnett medan eg leita etter andre ting. Eg mistenkte eigentleg at det blei sovesal frå byrjinga av.

Sovesal_Fantoft_August2024

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Tidleg ute med sovesal

Dei tilsette ved studentsamskipnaden på Vestlandet var godt førebudde på innrykket til sovesalen.

Allereie tidleg i juli hadde dei rigga til eit par-og-tjue sengeplassar i personalkantina, og utvida årets tilbod med to tilstøytande møterom.

– Totalt er det 25 som har meld interesse for sovesalen, seier sal- og marknadssjef Christina Eikeland i Studentsamskipnaden på Vestlandet.

– Nokon har allereie funne seg noko anna og flytta ut, medan andre ikkje har flytta inn endå.

Sovesal_Fantoft_August2024

Dei tilsette har teipa brunt papir på glasveggane for å gje studentane litt privatliv på sovesalen

Foto: Eskil Byrkjeland / Eskil Byrkjeland

– Kjempeflaks

Om naudsynt kan studentar utan bustad bu på sovesalen på Fantoft ut august, fortel områdeleiar på Fantoft, Tord Hatland.

– Erfaringsmessig har dei fleste funne seg noko til dess, anten her hjå oss eller privat, seier han.

Men så lenge har ikkje Dellago tenkt å vere på sovesal.

– Eg hadde kjempeflaks og fann nokon på Facebook som ville framleige ein hybel medan dei var på utveksling. Så snart den er ledig flyttar eg inn der.

Sovesal_Fantoft_August2024

Tord Hatland jobbar med å ta vare på studentbustadane – og studentane, på Fantoft.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Det er fleire på sovesalen som går og ventar på at bustaden deira skal bli klar til innflytting, seier kunststudenten.

– Nokon flyttar inn, og nokon flyttar ut. Ein annan her har funne hybel, men ventar her i ein månad før han kan flytte inn.

At han må dele rom med andre under ei fadderveke med fleire seine kveldar, ser han ikkje veldig mørkt på.

– Det skal nok gå fint. Me er jo greie folk.

Publisert 11.08.2024, kl. 22.01

Read Entire Article