Jonas Gahr Støre er tilbake på offensiven. I eit innsiktsfullt innsideportrett forklarer Emil André Erstad korleis det var mogleg.
Tom Hetland
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Emil André Erstad:
Fyrsten
Ei innsidehistorie
373 sider
Vigmostad & Bjørke
Jonas Gahr Støre har stått opp frå dei politisk døde.
I løpet av dei første månadene av 2025 har den nederlagsdømde statsministeren og Ap-leiaren gjort ein spektakulær snuoperasjon, og dei siste målingane viser at han nå har gode sjansar til å vinna stortingsvalet i september.
Det var neppe utfallet som Emil André Erstad såg for seg då han begynte å arbeida med boka si om Støres karriere. For mesteparten av forteljinga handlar om ein tornefull veg gjennom kritikk, kriser og nederlag. Både forfattaren og Støre er nok glade for at arbeidet med boka tok lengre tid enn tenkt, slik at den siste utviklinga kom med.
For nært?
Den innsiktsfulle, velskrivne og spennande boka byggjer på ei rekke samtalar med Støre sjølv, forutan med politiske støttespelarar og motstandarar i og utanfor Arbeidarpartiet. Dei aller fleste samtalane har vore anonyme. Det er i utgangspunktet eit problem.
Vonde tunger kan også seia at Erstad har hatt eit nærare forhold til Støre enn godt er for den som skal skriva ein uavhengig og kritisk biografi. I 2018 var Erstad rådgivar for KrF-leiar Knut Arild Hareide og la si sjel i forsøket på å få KrF til å velja venstresida og dermed gjera Støre til statsminister. Som kjent gjekk det ikkje slik. Erstad tok farvel med aktiv politikk, og vart i staden politisk kommentator i Vårt Land.
Likevel synest eg ikkje nærleiken til kjeldene vert for klam. Erstad er open om si eiga rolle, forteljarstemma er tydeleg og uavhengig, og boka ber ikkje preg av at han er i lommen på fløyer i dei politiske kampane. Om forholdet til Støre seier han det har vore «ei reise frå å vere ein av Jonas Gahr Støre sine største beundrarar, til å bli ein kritisk og meir uavhengig observatør». Det verkar truverdig.
Så er også «Fyrsten» også på godt og vondt det boka gir seg ut for: ei innsidehistorie. Det sentrale er ikkje sakene, men Støre sin politiske stil og personlegdom. Framstillinga er prega av livet i den politiske bobla i hovudstaden. Spelet, konfliktane og skandalesakene – store som små - tar stor plass. Når Erstad skildrar eit møte i Stortingets presselosje der det «gjekk opptil fleire gisp gjennom salen» då Støre fortalde at han ikkje hadde nokon spinndoktor, vil nok mange lesarar utanfor bobla finna det ufrivillig morosamt og meina at det tener Støre til ære at han konsentrerer seg om sakene framfor politisk PR-arbeid.
Støre og Machiavelli
Tittelen «Fyrsten» har ei trippel tyding. «Fyrsten» var namnet Hareide-fløya i KrF sette på Støre under partistriden i 2018, og motsett vart Støre stempla som «tåkefyrste» i Høgres forsøk på å forma folks inntrykk av han negativt. Sist, men ikkje minst har Erstad late seg inspirera av Niccolò Machiavellis klassiske – og kyniske - verk med råd om korleis ein politisk leiar skal opptre. For eksempel at det er betre å bli frykta enn elska.
I utgangspunktet syntest eg det var søkt å gripa til Machiavelli, og eg er ennå ikkje overtydd om at parallellane mellom dagens Norge og bystaten Firenze på 1500-talet er så store. Men eg må innrømma at dei mange overraskande visittane til den tidlege italienske statsvitaren er eit spenstig verkemiddel som er med på å gjera Erstads bok lesverdig.
I gjeld til Trump
Kva er så forklaringa på Støres comeback? Oppsummerer eg Erstad med mine ord, er det at Støre har kome i takt med si tid. Skiftande tider krev leiarar med ulike eigenskapar. Og slik sett står Støre i gjeld til det politiske jordskjelvet som heiter Donald Trump.
I kontrast til dei mange dramatiske og kaotiske utspela til den amerikanske presidenten blir det ein god ting å ha ein statsminister som har tolmod og sinnsro. Det som før vart oppfatta som somling, blir nå klokskap. Og det internasjonale kontaktnettet, som Støre tidlegare vart kritisert for å bruka for mykje tid på, blir nå sett på som ein stor ressurs for eit lite land.
Mange års motgang og motstand, som toppa seg ved juletider i fjor, vekte kanskje også til live ei side ved Støre som har vore ukjend for dei fleste. Som barn på Oslo vest var Jonas litt av ei slåstkjempe i skulegarden. Bak den polerte og balanserte fasaden har det vore vanskeleg å sjå at Støre i sin kjerne er ein kampnatur. Emil André Erstad viser oss at den i høgaste grad lever ennå.
Publisert:
Publisert: 30. april 2025 07:01