Joe Biden oppsummerer tida som president

4 hours ago 1



Same dag som intensivt diplomati frå USA, Egypt og Qatar bidrog til ein våpenkvile- og gisselavtale mellom Israel og Hamas, oppsummerer Joe Biden sine fire år som USAs president.

Pandemi, krig og kongresstorming

Biden fekk ein dramatisk start som president. Donald Trump ville ikkje godta at han hadde tapt presidentvalkampen, og då Senatet skulle godkjenne valresultatet, blei Kongressen storma.

Han tok over som president midt i koronapandemien.

Biden Medal of Honor

USAs 46. president med ei ansiktsmaske på seg. Bildet er tatt i 2023.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Utanrikspolitisk trekte han amerikanske soldatar frå Afghanistan, som førte til at Taliban på nytt kunne ta over styret i landet.

Men Bidens USA har også støtta Ukraina både økonomisk og med våpen i krigen mot Russland.

Donald Trump trekte USA frå Paris-avtalen. Dette var noko av det som blei reversert då Biden tok over i Det kvite hus. Kampen mot klimaendringar var ei av dei sakene han gjekk til val på, og sette av milliardar av dollar til tiltak mot klimaendringane.

Ville ha fire nye år

Biden hadde eit ønske om fire nye år som president. Men etter den første debatten mellom Biden og Trump i juni, var det fleire Demokratar som bad Biden om å trekke seg fordi han gjorde ein dårleg figur.

Men først i slutten av juli trekte han seg som presidentkandidat, og visepresident Kamala Harris blei ny kandidat.

Kamala Harris og Joe Biden, med Doug Emhoff i bakgrunnen

Også for Kamala Harris nærmar det seg slutten på si visepresident-periode.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Etter at Trump blei valt i november, var det fleire som gav Biden skulda fordi han venta for lenge med å trekke seg. Harris fekk for kort tid til å etablere seg som kandidat. Blant dei var Nancy Pelosi, som i fleire periodar var leiaren for Representanthuset i Kongressen.

Publisert 16.01.2025, kl. 01.49

Read Entire Article