Jenny har omfamna januar

2 hours ago 2



– Gå berrbeint ut på plenen kvar morgon og ta nokre magedrag. Ein toler å bli litt kald.

Jenny Midbjer har ikkje alltid vore ven med januar.

Men for nokre år sidan bestemte ho seg for å endre tankesett.

– Det kom til eit punkt der eg tenkte at nei, nå må eg berre omfamne vinteren.

Nå går det knapt ein dag utan at ho badar i sjøen.

Er du ein av dei som synest januar er vel seig, så finn du gode råd lenger nede. 👇

Jenny Midbjer fra Haugesund helårsbader i Kvalsvik.

Vottar, sokkar og lue er viktige for heilårsbadaren.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

På andre sida av byen skrur Siri O. Vikse på plantelyset for å komme seg heilskinna gjennom den eviglange vintermånaden.

Hageplanlegging og såing av frø har blitt redninga i januar.

– Eg er eit ekte sommarbarn. Eg elskar sommar, fargar og varme, også har eg bursdag i juli.

– Bur du på feil plass?

– Ja, eg gjer det.

Siri O. Vikse er sommerbarn og biblioteksjef på Haugesund folkebibliotek.

Siri O. Vikse tar med kaffikoppen ut i hagerommet og gler seg til sommaren når alle frøa blir til spirande planter i hagen.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Helseundersøkinga i Hordaland, HUSK, spurte deltakarane om humør, søvn, appetitt, sosial aktivitet, vekt og energinivå blei påverka av årstidene, var det berre 9 prosent som svarte at dei ikkje merka noko.

Men kvifor er årets første månad så kjip?

Og ennå viktigare, korleis kan vi få det betre?

Ekspertane får ordet:

Sjå lyset

Sola har snudd, men det er framleis mørkt i januar. Og lyset er livsviktig.

– Vi burde eigentleg hatt ferie i januar og komme oss sørover, seier Kolbjørn Kallesten Brønnick.

Han er professor i psykologi på Universitetet i Stavanger og skal til Kanariøyane i januar.

Men ein luftetur midt i arbeidsdagen er også til god hjelp.

– Dagslys er kjempeviktig og ein tur er kjempelurt. Du får betre merksemd når du kjem tilbake på jobb, føler deg meir opplagt og ikkje minst får du lys, seier psykologiprofessoren.

Kva synest du om januar?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Lag ein januarplan

Vintermånadene kan vere seige. Har du ein plan er det lettare å komme seg ut, meiner førsteamanuensis i mindfulness og positiv psykologi på NTNU, Gunvor Marie Dyrdal.

På planen kan det for eksempel stå vennebesøk, bading eller skitur.

– Då slepp du stoppe opp ein dag det kanskje kjennest litt ekstra tungt og trist. Men planlegg noko som gir deg glede, seier Dyrdal.

Bli heilårsbadar (eller berre bruk naturen)

Jenny Midbjer slår eit slag for vinterbading etterfølgt av ein kopp te.

Men det viktigaste er å komme seg ut.

Jenny Midbjer i Haugesund helårsbader i Kvalsvik

Varm poncho og ein kopp te høyrer med etter badet i Kvalsvik i Haugesund.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Ikkje sit inne og tenk på at du har brukt alle pengane dine i jula. Bruk naturen rundt deg. Gå til ein ny topp kvar dag. Last ned turappar og ha konkurranse mot andre i nabolaget om kven som har gått flest gonger til topps. Nyt årstidene. Dei er unike, seier ho.

Distraher deg sjølv

Eit godt råd frå Brønnick er å tenke på noko anna.

– Januar kan minne litt om då eg hadde sommarjobb på slakteri. Ferievikarane jobba ofte overtid, og å gå på jobb var omtrent som å gå inn i januar; eg visste det kom til å vare lenge og at det kom til å gjere vondt.

Løysinga blei å distrahere seg sjølv.

– Viss du fokuserer på det negative med januar, så varer han i alle fall lenge. Litt som viss du har vondt ein stad og sit og kjenner etter.

Finn noko å sjå fram til

Midt i Haugesund kler Siri O. Vikse seg i varme klede. Så går ho ut i hagen og inn i det vesle skuret.

– Kor mange dagar er det i januar?

– Å herregud, det er 5000!

Redninga blir jord, frø og plantelys.

– Hagearbeid er eit slags mental helsearbeid. I januar byrjar eg å planlegge neste sesong i hagen. Eg sår, lager lister og kosar meg.

Siri O. Vikse er sommerbarn og biblioteksjef på Haugesund folkebibliotek.Siri O. Vikse er sommerbarn og biblioteksjef på Haugesund folkebibliotek.

Siri O. Vikse sår dei første frøa i januar. Alt ho sår blir hengt på tavla i skuret. I 2025 blei det mange blomar.

Marthe Synnøve Johannessen/NRK

Ikkje tenk på det

Så lenge vi bur i Noreg får vi ikkje gjort så mykje med vêret, påpeiker Dyrdal.

– Vi kan velje å reise bort også handlar det litt om innstillinga vår og korleis vi møter at det er mørkare og tristare. Kan vi gjere det hyggeleg rundt oss?

Brønnick er einig.

– Det er nokre ting med januar som objektivt påverkar oss. Til dømes mangel på lys, regulering av døgnrytme og d-vitamin. Men når det gjeld kva du tenker om januar, så meiner eg faktisk at det er noko du kan forme sjølv, seier Brønnick og veit at nå beveger han seg ut på tynn is.

– Fordi det er ganske mykje kraft i tankane våre?

– Det er jo nokon som blir provosert viss eg seier: «berre ikkje tenk på det så blir det betre.» Men det er jo sant.

Kva er dine tips for at januar skal bli fin? Del dei her:

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 01.01.2026, kl. 17.27

Read Entire Article