To personar er pågripne, mistenkte for drapsplanar mot Yasin, skriv Aftonbladet.
Yasin Mahamoud er ein av Sveriges mest kontroversielle, men også mest innverknadsrike rapparar.
Han er tidlegare dømt til fengsel for å planlegge bortføring og grove brot på våpenlova.
Fredag ettermiddag la festivalen Brannbollsyran ut på Instagram at konserten med Yasin var avlyst.
Politiet skal ha komme over drapsplanane da dei gjekk gjennom ein beslaglagd telefon.
Fredag kveld skulle han spele sin første konsert aleine i Sverige på ni år. Det skulle skje i Umeå i Västerbotten, men konserten er avlyst etter nyheita.
To unge personar skal vere pågripne for planlegging av drapet, men svensk politi har ikkje ønskt å kommentere saka foreløpig.
Yasin er sjølv straffedømt. Her frå ei rettssak i 2021.
Foto: JOHAN HALLNÄS / TT / / TT / / NTBPublisert 30.05.2025, kl. 16.40 Oppdatert 30.05.2025, kl. 16.52