Det stormar kring årets svenske Eurovision-håp, Felicia, etter at ho i helga vann Melodifestivalen med låten «System».
Bakgrunnen for bråket er utsegner artisten har kome med til fleire medium, der ho opent kritiserer at Israel får lov til å delta i songtevlinga.
– Tykkjer ikkje dei burde vere der
Til Dagens Nyheter uttalte Felicia at ho er kritisk til Israels deltaking på grunn av den pågåande krigføringa.
– Eg tykkjer faktisk ikkje at dei burde vere der. Det er mykje drap som går føre seg, så eg tykkjer ikkje det er rett, sa ho til avisa.
Ho har også uttalt at ho vurderte om ho i det heile skulle delta, men at ho valde å stille for å «sørgje for at dei ikkje vinn».
Israel reagerer kraftig
Utsegnene har fått den israelske kringkastaren KAN til å reagere. Dei har no klaga saka inn for den europeiske kringkastingsunionen EBU, som arrangerer Eurovision Song Contest.
KAN meiner utsegnene bryt med reglane om at tevlinga skal vere upolitisk, og at artistar må følgje etiske retningslinjer.
Dersom EBU konkluderer med at regelverket er brote, kan det i ytste konsekvens føre til sanksjonar.
Sverige skal etter planen konkurrere i den første semifinalen i Wien den 12. mai.
Diskusjonen om Israels deltaking har prega førebuingane til årets meisterskap, og fleire land har allereie trekt seg i protest.
Publisert 09.03.2026, kl. 10.33 Oppdatert 09.03.2026, kl. 10.38












English (US)