Israel angreip sjukehus i Gaza by

1 day ago 12



Rundt midnatt lokal tid angreip den israelske hæren (IDF) Al-Ahli Baptist Hospital etter å ha fått pasientar og helsepersonell til å evakuere ut i mørket.

Ein pasient skal ha døydd under evakueringa, ifølge ein akuttlege på sjukehuset.

Al-Jazeera skriv at tre personar døydde under evakueringa.

Pasientane på sjukehuset var mellom anna skadde etter eit israelsk angrep mot ei bustadblokk tidlegare denne veka.

noen få personer som står i et rom

Inspeksjon av øydeleggingane søndag morgon.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Den israelske hæren (IDF) stadfestar angrepet, og hevdar at sjukehuset var kommandosentral for Hamas-krigarar. Angrepet har vore ein koordinert aksjon frå IDF og etterretningstenesta Shin Bet.

IDF har gjentatte gongar angripe sjukehus i Gaza og forklart dette med at Hamas gøymer seg på sjukehusa. Dei har i få tilfelle lagt fram det dei seier er bevis for dette.

Store øydeleggingar

Al-Ahli Baptist Hospital var ein liten helseklinikk før krigen, men etter at Al-Shifa og fleire andre sjukehus i Gaza by har blitt totalt eller delvis øydelagde, har det blitt hovudsjukehuset i byen.

Al Jazeera-journalist Hani Mahmoud har vore inne på sjukehuset i morgontimane, og skildrar synet som møtte han der.

et rom som har steinsprut i seg

Al-Ahli Baptist Hospital i Gaza by.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

– Sjukehuset er totalt ute av drift. Pasientar i Nord-Gaza som treng helsehjelp har no ingen ordentlege sjukehus å dra til, skriv han.

Også kirurg på sjukehuset, Fadel Naim, skriv på X at store delar av sjukehuset er øydelagd, mellom anna akuttmottaket.

– Dette påverkar meir enn 100 pasientar og fleire helsepersonell, skriv han.

en person som står i en gate full av søppel

Palestinarar som søkte ly i bakgarden til sjukehuset, vender tilbake etter angrepet.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Ut i all hast

Ifølge Naim dei fekk ei åtvaring om angrepet før det trefte.

Videoar frå sosiale medium viser helsepersonell og pasientar som evakuerer ut frå Al-Ahli Baptist Hospital i all hast i mørket, før angrepet treff.

en gruppe mennesker som står rundt en haug med steinsprut

Inspeksjon av skadane kort tid etter angrepet.

Foto: DAWOUD ABU ALKAS / Reuters / NTB

Ein lokal journalist som BBC har snakka med, fortel at hen var på sjukehuset då IDF ringde ein akuttlege og bad dei evakuere sjukehuset i løpet av 20 minutt.

Fleire flykta også frå bakgarden til sjukehuset, der internt fordrivne har søkt ly.

Interessert i utanriksstoff? Høyr vår nyaste episode av Urix:

Publisert 13.04.2025, kl. 10.25

Read Entire Article