– Herr Trump, gamblaren: du kan vere den som starta denne krigen, men vi vil vere dei som gjer slutt på den.
Det seier Ebrahim Zolfaqari, talsperson for det iranske militæret sine hovudkvarter i Khatam al-Anbiya, i ein video måndag.
Beskjeden til USA blei formidla på engelsk.
Slik ser Fordow-anlegget i Iran ut etter det amerikanske angrepet natt til søndag.
Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS / NTBMåndag truar landet med «alvorlege konsekvensar» etter det amerikanske angrepet mot fleire iranske atomanlegg.
Zolfaqari seier angrepet har utvida Iran si liste over militære mål.
– Islams soldatar vil påføre dykk alvorlege, uføreseielege konsekvensar med mektige, målretta militære operasjonar, legger han til.
Viseutanriksminister: Held fram med oppriking
Viseutanriksminister Majid Takht-Ravanchi seier at Iran vil fram med opprikinga trass i angrepet, melder det delvis statleg eigde Tasnim News.
– Så lenge vi handlar innanfor det lovlege rammeverket, kan ingen fortelje oss kva vi skal gjere, seier han vidare.
Søndag kveld sa ein av rådgivarane til Irans øvste leiar at landet framleis har opprika materiale på lager.
– Sjølv om atomanlegg er øydelagde er det ikkje game over, seier rådgivaren, Ali Shamkhani i eit innlegg på X.
Trur Iran er usikker på vegen vidare
Det at Iran ikkje har teke eit stort grep i løpet av det siste døgnet, kan tyde på at dei slit med å utvikle planen sin vidare.
Det seier Kristian Berg Harpviken er direktør for Noregs Nobelinstitutt.
– Dersom vi skal ta det litt grovt, har Iran tre moglegheiter. Den eine vil vere, avhengig av kva kapasitet dei har, eit kraftfullt angrep på amerikanske mål i Midtausten, seier han.
Kristian Berg Harpviken er direktør for Noregs Nobelinstitutt.
Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRKUSAs territorium er for langt vekke til at eit direkte angrep er aktuelt, men landet har mange mål og militært personell i Midtausten som no er utsette, meiner Harpviken.
Ei anna moglegheit er å ikkje gjere noko, legger han til.
– For Iran er det framleis eit viktig utgangspunkt for at regimet skal overleve, at Iran ikkje endar opp i ei direkte konflikt med USA, seier han.
– Kostnaden her er at det vil få regimet, som allereie no truleg vaklar, til å sjå veldig svakt ut opp mot sitt eige folk.
Den tredje moglegheita er at Iran prøvar å ramme USA indirekte, seier han.
– Det kan vere ved å bruke det som er igjen av Irans gamle proxy-styrkar, altså dei forskjellige styrkane i Midtausten.
– Houthiane er i stand til å råke internasjonale mål, for eksempel ved å stenge Hormuz-sundet for skipstrafikk. Då vil andre land kunne legge press på USA.
Trump hintar til regjeringsskifte
Seinast søndag sa USAs forsvarsminister Pete Hegseth at målet med angrepa mot Irans atomanlegg ikkje handla om eit regimeskifte, men å øydelegge landet sitt atomprogram.
Det same sa visepresident J.D. Vance i eit intervju med NBC News.
Folk samla seg i Los Angeles søndag for å demonstrere mot det amerikanske angrepet. «Krig? Verkeleg?» står det på eitt av skilta.
Foto: MARIO TAMA / AFP / NTBDifor vakte det stor oppsikt då president Trump skreiv dette på Truth Social få timar seinare:
– Dersom det noverande iranske regimet ikkje klarar å GJERE IRAN STORT IGJEN, kvifor skulle det ikkje bli eit regimeskifte??? MIGA!!!
Dette skal truleg bety «Make Iran Great Again».
Trump skal møte sitt nasjonale tryggingsteam klokka 19 norsk tid for å diskutere resultata av angrepet, melder Axios.
Det var også demonstrasjon mot krigen i New York søndag.
Foto: Olga Fedorova / AP / NTBNye israelske angrep måndag
Måndag morgon seier det israelske militæret (IDF) at det har gått til angrep på seks iranske flyplassar.
Dei seier også at dei har angripe militær infrastruktur i Kermanshah vest i landet.
Opplysingane er ikkje kommenterte av Iran, eller bekrefta av uavhengige kjelder.
Den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi, er måndag på besøk i Moskva.
Der skal han ha samtalar med president Vladimir Putin, melder det russiske nyheitsbyrået Interfax.
Temaet er korleis dei to landa skal behandle eskaleringa i krigen, skriv TASS måndag morgon.
Publisert 23.06.2025, kl. 08.23 Oppdatert 23.06.2025, kl. 08.56