Interpellasjon nr. 17 (2025-2026)
Helsepersonell og pasientar ropar varsku om måten nye norske sjukehus vert bygde på. «Nedover de trange sykehuskorridorene ligger pasientene strødd. Pasienter i en sårbar situasjon med akutte skader og sykdommer», ifølgje Dagbladet 9. februar 2026. Dette er eit av sitata som kjem fram om nye Drammen sjukehus. I det heilt nye sjukehuset i Stavanger er korridorpasientar normalen, sjukefråværet går opp og aktiviteten ned, det er stor mangel på pauserom, garderobar og kontorarbeidsplassar, og ein har begynt å rive ned veggar. Dette er ikkje historia om nedslitne, gamle sjukehus i Noreg, men situasjonen på splitter nye sjukehus. Statsråden har vore vag på om dette er noko regjeringa vil endre på slik at det ikkje skjer andre plassar, som til dømes på det nye Mjøssjukehuset eller nye Oslo universitetssykehus.
Vil regjeringa setje i verk tiltak for å sikre nok areal og god nok kapasitet for både pasientar og helsepersonell på nye sjukehus?
Oversendt regjeringen: 10.02.2026
Til behandling

Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Helsepersonell og pasientar ropar varsku om måten nye norske sjukehus vert bygde på. «Nedover de trange sykehuskorridorene ligger pasientene strødd. Pasienter i en sårbar situasjon med akutte skader og sykdommer», ifølgje Dagbladet 9. februar 2026. Dette er eit av sitata som kjem fram om nye Drammen sjukehus. I det heilt nye sjukehuset i Stavanger er korridorpasientar normalen, sjukefråværet går opp og aktiviteten ned, det er stor mangel på pauserom, garderobar og kontorarbeidsplassar, og ein har begynt å rive ned veggar. Dette er ikkje historia om nedslitne, gamle sjukehus i Noreg, men situasjonen på splitter nye sjukehus. Statsråden har vore vag på om dette er noko regjeringa vil endre på slik at det ikkje skjer andre plassar, som til dømes på det nye Mjøssjukehuset eller nye Oslo universitetssykehus.
Vil regjeringa setje i verk tiltak for å sikre nok areal og god nok kapasitet for både pasientar og helsepersonell på nye sjukehus?








English (US)