Innsynsbråk i Bergen – no tek byrådsleiaren til orde for lovendring

10 hours ago 2



Ifølge lova må hovudverneombodet i Bergen kommune utlevere sin dialog med pressa om ei varslingssak i kommunen.

Det slår kommuneadvokaten fast onsdag føremiddag.

Varslinga gjaldt byrådsavdelinga for barnevern, sosiale teneste og mangfald.

Fleire reagerte då den same avdelinga bad om å få oversendt verneombodet og pressa sin dialog om saka.

Det heile har resultert i at Raudt Bergen vil stille mistillitsforslag mot byrådsleiar Christine Meyer (H).

No ber Meyer regjeringa om å vurdere ei lovendring, for å sikra alle verneombod sin rett til å ha fortruleg kontakt med media.

Men korleis gjekk dette til?

For å forstå det må vi tilbake til saka som verneombod May Britt Kindem varsla om i fjor sommar.

«Ofra» seksjonssjef etter datalekkasje om barn på krisesenter

Etter at Bergens Tidende omtalte ei varslingssak i Bergen kommune, har ein anonym person bedt om innsyn i verneombodet og BT sin dialog om saka.

Utgangspunktet var ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar, som vart publisert på kommunen sine nettsider i fjor sommar. Då det vart oppdaga at planen inneheldt tausheitsbelagde opplysingar, måtte nokon ta konsekvensane.

Seksjonssjef Mads Hagebø, som hadde ansvar for seksjonen som lagde handlingsplanen, vart brått omplassert.

Hovudverneombod May Britt Kindem reagerte sterkt på at kommunaldirektør Belèn Birkenes hadde informert arvtakaren til Hagebø om ny stilling, før Hagebø sjølv vart informert.

Kindem leverte difor eit varsel på Birkenes si handtering av saka.

I tillegg skal Birkenes ha sagt at «det var naudsynt å be seksjonssjefen om å trekke seg frå stillinga, for elles måtte byråden og Birkenes gå».

Bildet viser flere personer som sitter i en rekke med stoler i et rom med formell innredning. Den sentrale personen har på seg en blå jakke og et skjerf i flere farger. Omgivelsene inkluderer en lys vegg med detaljer i gull og vinduer med gardiner. Det er en generell atmosfære som tyder på et offentlig møte eller en høring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

I bystyremøtet onsdag vart haustens andre mistillitsforslag mot Spurkeland nedstemt. Kommunaldirektør Birkenes har også stått i hardt vêr.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Birkenes avviser at Hagebø måtte gå av for å «redde byrådet».

Det resulterte i at SV fremma mistillitsforslag mot sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H), same dag som eit anna mistillitsforslag mot byråden vart nedstemt.

I bystyremøtet onsdag ettermiddag vart også det mistillitsforslaget nedstemt.

Byrådsavdelinga bad om dialogen mellom verneombod og presse

Etter at BT omtalte varslingssaka bad ein anonym innbyggar om å få sjå dialogen mellom hovudverneombod Kindem og avisa.

Saka gjaldt byrådsavdeling for barnevern, sosiale tenester og mangfald, der Spurkeland er byråd og Birkenes er kommunaldirektør.

For å avgjere om innsynet skulle innvilgast, bad saksbehandlar i avdelinga om å få oversendt dokumenta. Dette er ifølgje byrådet ein del av den ordinære saksbehandlinga av innsynskrav.

Men i denne saka har det ført til sterke reaksjonar.

May Britt Kindem

Hovudverneombod i byrådsavdeling for barnevern, sosiale tenester og mangfald vil ikkje utlevere sin dialog med pressa.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen

Kindem meiner det gjer jobben hennar umogleg, dersom ho skal utlevere informasjonen.

– Eg blir bedt om å levere frå meg SMS og e-postar slik at arbeidsgivar kan gå gjennom. Det synest eg er veldig spesielt. For då vil jo folk vegre seg for å ta kontakt med meg.

Gruppeleiar i Raudt Bergen, Mailiss Solheim-Åkerblom, meiner kravet øydelegg funksjonen eit verneombod har.

– Viss verneombodet ikkje kan gjere jobben sin utan å vere redd for å at kommunen skal krevje informasjon om det ein jobbar med, då har ein eit stort problem.

I førre veke kom haustens tredje mistillitsforslag i kommunen. Denne gongen frå Raudt, mot byrådsleiar Christine Meyer (H), for hennar handtering av saka.

– Eg har aldri sjølv vore ein pådrivar for at informasjonen skal utleverast, sa Meyer til NRK.

Kommuneadvokaten slår fast at innbyggjaren skal få innsyn

– Eg kjem uansett ikkje til å levere frå meg noko papir i denne saka, sa verneombod Kindem og bad om ei juridisk vurdering frå kommuneadvokaten.

Det er administrasjonen som har bede om ei vurdering frå kommuneadvokaten, med støtte frå byrådsleiar.

Onsdag føremiddag konkluderte kommuneadvokat Helge Strand med at innbyggaren ifølge lova skal få innsyn i dialogen mellom Kindem og pressa.

Med det vurderte han også at kommunen si behandling av saka var i tråd med lova.

– Kommuneadvokaten konkluderer med at det ikkje finst heimel for å unnta denne dialogen frå offentlegheita, og Bergen kommune er sjølvsagt pålagt å følge den, skriv Meyer til NRK.

Men kommuneadvokaten påpeika også at eit innsynskrav retta mot dialog mellom ein offentleg tilsett og pressa ikkje har vore behandla tidlegare.

Byrådsleiar Meyer ber regjeringa vurdere ei lovendring

I lys av debatten som har vore rundt saka, tek byrådsleiar Meyer til orde for verneombodet sin rett til å ha ein konfidensiell dialog med pressa.

– Eg meiner det er viktig at verneomboda kjenner seg trygge på at dei kan kommunisere med media når det er naudsynt, særleg i saker som omhandlar varslingar, seier byrådsleiaren.

Christine Meyer

Meyer vurderer om det burde vore eit unntak i offentlegheitslova for verneomboda sin konfidensielle dialog med media.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Meyer set spørsmålsteikn ved om det burde vore gjort eit unntak i offentlegheitslova for verneombodet sin konfidensielle dialog med media.

– Eg vil difor sende eit brev til arbeidsministeren og justisministeren der eg ber dei vurdere om det i lys av denne saka bør gjerast endringar i lovverket, skriv Meyer til NRK.

Inntil saka er avklart vil verken den anonyme innbyggaren eller byrådsavdelinga få tilgang til dialogen mellom verneombod Kindem og pressa.

Publisert 17.12.2025, kl. 21.33 Oppdatert 17.12.2025, kl. 21.47

Read Entire Article