Politiet frigir namna på dei to kvinnene som omkom i trafikkulykka på E10 i Tjeldsund kommune tysdag.
Publisert 29.01.2026 08:47 Sist oppdatert 4 minutter siden
Inghild Ursin Reed (78) og Elin Marit Ursin (70) omkom i trafikkulykka på E10 i Tjeldsund kommune tysdag denne veka.
Dei pårørande er orientert om at politiet frigir namna.
To bilar og til saman sju personar var involvert i ulykka. Ein tredje person, som sat i same bil som dei to omkomne, blei frakta til UNN Harstad.
Det var fire personar i den andre bilen, som politiet har skildra som eit utanlandsk reisefølge. Ein mann i 50-åra, som var sjåfør i denne bilen, er sikta for uforsvarleg køyring og aktlaust drap, opplyste politiet onsdag.
– Han er sterkt prega av ulykka, sa Stein Nilsen, som er mannens forsvarar, onsdag.
Politiet meiner at den sikta sjåføren mista kontrollen på bilen.
– Undersøkingsgruppa vil derfor kartlegge om han ikkje køyrte etter forholda. Det vil dei finne ut av gjennom tekniske undersøkingar, sa politistasjonssjef Ronny Kristoffersen onsdag.






English (US)