Ingebrigtsen meiner rivalane er kyniske: – Han er jo livredd for å stille opp

1 month ago 19



– Eg trur det var denne vi fekk. Han er jo livredd for å stille opp i løp. Det ser ikkje ut til at det blir nokon duell før Paris, og då er jo eg usakleg mykje betre enn no, seier Ingebrigtsen på Dagbladets spørsmål om kva han tenker om dei kommande duellane mot Josh Kerr.

Han seier det med ein smule glimt i auget, men han ser også på det som ein viktig del av jobben å stille til start også dei gongene han ikkje nødvendigvis er topp førebudd.

– Nokon er jo litt meir selektive enn andre når det gjeld konkurransar. Eg er jo kjent for å vere med på det meste, seier Ingebrigtsen.

Han forklarer at «folk må gjere det dei må». Sjølv trur han ikkje det blir færre konkurransar etter den problematiske vinteren. Programmet til nordmannen dei neste vekene ser fullstappa ut.

Kerr kan droppe EM

Torsdag er det 1500 meter under Bislett Games og den etterfølgande veka EM i Roma. Han har friplass som regjerande meister på 1500 og 5000 meter.

Kerr er den suverent beste briten på 1500 meter om dagen, men det er ikkje utenkeleg at han droppar europameisterskapen – og det meste som følger etterpå.

– Eg har ikkje bestemt meg ennå. Eg skal snakke med trenarane mine og apparatet mitt, så kjem vi til å ta ei avgjerd. Men akkurat nå er vi der vi ønsker å vere, så det er ikkje noko vits å presse på. Nå handlar alt om å få kroppen til å fungere 100 prosent – som han gjer – og fortsette slik å vere konkurransedyktig.

Prefontaine Classic Athletics

UNDERHELDT PUBLIKUM: Josh Kerr showa etter sigeren i Eugene. Når ser vi han igjen? Foreløpig uklart.

Foto: Thomas Boyd / AP

For hans auge er først og fremst retta mot OL om to månader. Kerr veit at dette truleg er den beste moglegheita karrieren har til å ta ein gullmedalje på 1500 meter.

– Eg har tenkt på Paris heile karrieren. Gullet i Budapest gjorde det lettare å tru på det. Etter OL-bronsen i 2021 og VM-gullet i 2023, veit eg at eg kan klare det. Eg må berre få gjort den harde jobben som trengst før det.

– Folk er litt kyniske

Da NRK snakka med Ingebrigtsen dagen sesongopninga, var han tydeleg på at han gjerne såg at rivalane stilte enda litt oftare til start utanfor meisterskapane.

– Per nå er Diamond League det sirkuset med dei beste løparane i friidrett. Da er det rart at ein ikkje skal ha alle dei beste frå start, oftast mogleg. Vi får absolutt satse på at det er det som skjer framover.

– Er det mange som snik seg unna?

– Eg tenker at folk er litt kyniske på kor dei bruker krefter. Ingen vil stille frå start om dei ikkje kjenner seg 100 prosent og heilt førebudde. Det var nokon som ikkje stilte i Diamond League-finalen i fjor. Kva det kjem av, det veit eg ikkje. Men sånne ting er kanskje det som stoppar idretten å gå framover, ved at ein bør få konkurransen og spenninga gong på gong.

To gonger har Jakob Ingebrigtsen blitt slått i VM-finalen på favorittdistansen 1500 m. Nå vil han ta revansj ved å vinne OL-gull.

Tematikken blei følgt opp i intervjusona etter løpet. Nettstaden LetsRun spurde om han antyda at nokon ikkje alltid dukkar opp i Diamond League, og minte han på at Kerr sprang fleire stemne i fjor. Tre totale.

– Kva med sist gong vi var her (i Eugene)? spurde Ingebrigtsen.

– Han var ikkje der.

– Eg antydar ikkje noko. Vi har alle ulike program. Men samtidig er tilnærminga ulik, prioriteringane er veldig ulike. Eg er her for å gjere det eg elskar, som er å springe og konkurrere. Vi prøver alltid å vere på topp i meisterskapane, men alt handlar ikkje om det, forklarer nordmannen på engelsk.

– Eg legg ned mykje krefter i dette løpet, Oslo, Monaco og Lausanne og alle desse stemna. For meg er dette veldig viktig, men for nokon er det ikkje så viktig.

Jakob Ingebrigtsens manager, Daniel Wessfeldt, blir overraska over å sjå NRK inne på stadion i Eugene før sesongstarten for Ingebrigtsen.

Stiller alltid skjerpet

Skotske Kerr har til dagleg base i USA og deler tida mellom Seattle og Albuquerque. Sigeren i Eugene var hans første i Diamond League i hans sjuande stemne totalt.

Han har utmerkt seg som alltid er klar for dei store høva.

– Eg konkurrerer ikkje masse eller for å komme i form, men når du ser meg på startstreken så er eg skjerpa og kroppen er klar til å gi gass. Forhåpentleg triggar det fansen at når dei ser meg, så betyr det at det blir eit bra løp.

PS! Jakob Ingebrigtsens neste løp er allereie torsdag 30. mai. Da stiller han til start på 1500-meteren under Bislett Games. Heile stemnet blir sendt på NRK.

Publisert 28.05.2024, kl. 11.09

Read Entire Article