– Eg fekk ein støkk. Det er ei utruleg trist nyheit å få. Heilt forferdeleg, seier Therese Johaug til NRK.
Johaug og Marthe Katrine Myhre gjekk to verdscuprenn i langrenn saman, i 2008 og 2009. Etter dette satsa Myhre likevel på springing og triatlon, og ho tok fleire gjæve medaljar: NM-gull i halvmaraton, fem NM-gull i maraton og NM-gull i vintertriatlon.
Det var broren Anders Myhre som søndag fortalde at søstera har gått bort. Ifølge broren bekrefta legen at ho døydde av naturlege årsaker.
– Forferdeleg trist
Sjølv om Myhre presterte på høgt nivå i idretten, var livet hennar sterkt prega av spiseforstyrringar, noko ho blant anna fortalde om i eit intervju med NRK i 2016.
– Det er forferdeleg trist. Eg har visst at ho har hatt utfordringane sine med helsa, men at det stod så dårleg til, var eg ikkje klar over. Det var eit sjokk, seier langrennsløpar Pål Golberg.
– Kroppen er jo skjør og seier frå. Det er sjølvsagt veldig ekstreme konsekvensar, det her, seier Golberg.
Fekk støtte av Myhre
Langdistanseløpar Hanne Andersen Maridal blei kjent med Myhre i 2013. På den tida var Maridal ny i friidrettsmiljøet og hadde sjølv kjempa med spiseforstyrringar.
Myhre blei ein viktig støttespelar for ho.
– Ho har vore ein sparringpartnar for meg på det området der. Eg var så heldig at eg kom meg ut av det, men ho sat framleis i det. Sjølv om prestasjonane hennar har vore veldig bra, så er eg heilt sikker på at ho hadde gjort det enda betre om det ikkje hadde vore for sjukdommen, seier Maridal – og fortset:
– Det er frykteleg tragisk, og ein skrekk og ei åtvaring om kor ille det kan gå.
Ho beskriv Myhre som ekstra god til å sjå andre.
– Eg har alltid fått ei melding av Marthe Katrine, enten om eg har sprunge dårleg eller bra. Ho fekk liksom alt med seg, sjølv om ho sjølv ikkje kunne vere med på alt, seier ho.
Johaug rosar openheita
Therese Johaug har sjølv vore open om vektproblem tidleg i karrieren. I tillegg har langrennsstjerner som Ingvild Flugstad Østberg og Jessica Diggins vore open om sine problem knytt til vekt og mat.
Johaug rosar openheita familien og Myhre har vist rundt spiseforstyrringa.
– Eg synest det er utruleg bra at dei har hatt den openheita, og at Marthe Katrine har vore så open om sjukdommen sin. Det er eit utruleg viktig tema å belyse for yngre jenter som kjem opp, at konsekvensane i verste fall kan føre til det som skjedde med Marthe Katrine. Det er utruleg, utruleg trist, seier Johaug.
Meiner idretten er på rett veg
Pål Golberg seier Myhres bortgang er «ei påminning om å sjå og snakke med andre».
– Ser ein nokon ein trur slit, så er det mykje viktigare å ta den praten enn å tenke at det ikkje er rolla di å gjere det.
Han meiner spiseforstyrringar først og fremst er eit samfunnsproblem, men at det også er eit viktig tema i idretten. Det er snart ti år sidan Noregs skiforbund innførte helseattesten – som skal avdekke om utøvarane er friske nok til å konkurrere.
– Eg føler at vi er på rett veg, og at det er meir openheit rundt det i samfunnet og idretten, men dette er dessverre eit eksempel på kor ille det kan gå.
Publisert 09.12.2024, kl. 16.17