Idretten er tap og vinn, men også minne om rørande samhald under kampar og sommarkveldar i Hjørring

3 hours ago 2



GJESTEKOMMENTAR: Forskarar meiner den sosiale eigenverdien av at unge er med på sport, vert overdriven. Bør vi fotballfolk, til dømes, jekke oss ned litt?

Laga må difor finne den rette balansen mellom sportsleg satsing og sosial inkludering. Det er viktig å erkjenne at dette er lettare sagt enn gjort. Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Aftenbladet omtalte nyleg ein ny forskingsartikkel som er sjeldsynt både ved at han er svært relevant, og dessutan ved at han kan rokke ved etablerte oppfatningar. 12 forskarar, leia av Marlene Folkestad Persson og Ingunn Marie Eriksen ved NOVA, intervjua 70 unge tre gonger i perioden frå dei var 13 til dei var 19 år.

Kva betydde det for dei unge å delta i sport? Kvifor slutta nokon medan andre heldt fram?

Den store sportsmyten

Det sentrale funnet til forskarane er at når barn og unge går på handball, fotball, symjing og så vidare, skaper det i regelen ikkje nye, sterke sosiale band. Idretten speglar oftast det som alt er der. Annan forsking har peika i den same retninga. Somme forskarar snakkar jamvel om påstandane om samfunnsvinsten og det sosiale i idretten som den store sportsmyten.

Først las eg studien med ein viss skepsis, men etter grundig lesing vart mange av funna godt attkjennelege. Ein eg testa artikkelfunna på, sa det treffande: «Altså, på treninga går du jo bort til dei du klikkar med elles».

Idretten er tap og vinn, men også minne om rørande samhald under kampar og sommarkveldar i Hjørring.

Samstundes meiner eg noko manglar: Meistringsoppleving som motivasjonsfaktor kunne fått meir merksemd. Eg vil difor først, basert på studien, men kombinert med eigne erfaringar etter mange år i fotballen, sjølv konstruere fem hovudtypar for å illustrere ulike situasjonar som unge står i.

Fem hovudtypar

Dei fem hovudtypane eg lagar, viser korleis unge stiller seg i møte med idretten. Kvart av namna karakteriserer erfaringar delte av fleire i ein likearta situasjon.

1. Vidar Vanskeleg. Oppveksten er krevjande – mykje bråk heime og få venner. Han prøvde seg i symjing, men slutta fort. Idretten vart aldri noko reelt alternativ – kvardagen var utfordrande nok. I studien til Persson og Eriksen stod 21 av dei 70 utanfor organisert idrett, fleire (ikkje alle) likna på Vidar Vanskeleg.

2. Morten Moglegheit. Han var vane med å vere litt utanfor på skulen. Men i fotballen fekk han anerkjenning – dei andre såg han var god. Fotballen gav han eit sosialt fellesskap – det gjorde sporten viktig. Denne kategorien har eg føya til sjølv.

3. Hanna Har-alt. Ho likar fotball og er sånn passe god, viktigast er det sosiale. Ho har alt mange venner og kunne slutta utan at det kosta så mykje. Men ho trivst jo med dei andre – så kvifor slutte?

I studien som følgde unge i ungdomstida, var 29 unge med heile tida medan 19 av dei 70 slutta i løpet av perioden. Eg illustrerer dette med Hanna Har-alt her og så Sanna Samma-det i den neste kategorien. Dei er ganske like, sjølv om ei heldt fram og ei slutta.

4. Sanna Samma-det. God i handball, men mista motivasjonen då bestevenninna slutta. No vil ho heller prioritere skulen. Meistring åleine var ikkje nok utan fellesskapet.

5. Kjetil Kjempegod. Toppnivå og store ambisjonar. Han har bytta klubb for å satse og ofrar mykje for draumen om å bli profesjonell. I studien var det 5 av dei 70 som hadde sterke sportslege ambisjonar og som kunne prioritere dette framfor det sosiale livet med dei tidlegare vennene.

5000 i klubbavgift

Dei aller fleste i barne- og ungdomsidretten er ikkje Kjetil Kjempegod. At slike som han vert godt følgde opp, er viktig for alle. Men å legge opp all ungdomsidrett i ein klubb med han som mal, er likevel å gjere dei andre gruppene ei bjørneteneste.

Til dømes er det forunderleg å lese i Aftenbladet om prisauken for dei over 14 år i Hinna handball. Dei skal måtte betale obligatorisk trenaravgift i tillegg til medlemskontingenten, og det blir 5000 kroner i året berre i klubbavgift. Eit anna døme er frå Tysvær. Fotballkretsen nektar å legge til rette for ein ny klubb som nettopp legg vekt på det sosiale – med stor suksess. Alle er jo ikkje Kjetil Kjempegod.

Ein enkel formel for at unge held fram, er å dyrke «godkjensla» – at ein går heim frå treninga med ei god kjensle og har opplevd denne under treninga også. Då er to ting viktige: meistring og sosial inkludering. Nokon opplever begge delar, andre knappast den eine.

Medvitet om det sosiale aukar etter som dei unge vert eldre. Samstundes må ein kjenne utvikling for å trivast. Laga må difor finne den rette balansen mellom sportsleg satsing og sosial inkludering. Det er viktig å erkjenne at dette er lettare sagt enn gjort.

Alt i alt, ja, nokre påstandar om gevinstane ved sport kan vere overdrivne. Men om idretten ikkje er uvurderleg sosialt, rommar deltaking like fullt ein god kombinasjon for mange: Halde seg i form, oppleve ibuande glede i sportsutøving – i tillegg til å treffe venner.

Den gode gjengen

Danacup, eg skal levere noko der som spelarane er, og parkerer ved ein skule i Hjørring. Då ser eg ei klynge av «våre» gå nedover fortauet, dei er på veg ut frå skuleområdet. Eg blir glad av å sjå på dei, det er noko med fellesskapet og forventningane.

Om nokre år kan det godt vere dei fleste får mindre med kvarandre å gjere. Dei vil då likevel bere i seg eit kjensleminne av samhaldet som var, om det er vagt, under kampar og sommarkveldar i Hjørring. Det tel også med i reknestykket om kva idretten gir.

Publisert:

Publisert: 19. mai 2025 20:41

Read Entire Article