Ida tar imot nyfødde medan bombene haglar i Rafah

1 month ago 15



– Å ta imot små barn som blir fødd i denne settinga er spesielt.

Det seier Ida McFadzean. Ho jobbar som fødselslege på Røde Kors sitt feltsjukehus i Rafah.

Midt i krigshandlingar og luftangrep tar ho imot nyfødde barn.

– Me er med på operasjonar der me må fjerne kroppsdelar, lappe saman så godt det går og plukke vekk bitar frå metall som har skore seg inn i kroppen. Men då kjenner eg på at det er ein truleg fantastisk ting å vere fødselslege og ta i mot eit nytt liv.

For første gong har israelske stridsvogner rykka inn i sentrum av Rafah, melder nyheitsbyråa Rauters og Al Jazeera. I ettermiddag held sikkerheitsrådet krisemøte.

Samstundes melder dei at luftangrep mot Rafah held fram, to dagar etter luftangrepet på søndag.

– Skadar som vil påverke dei resten av livet

Søndag blei minst 45 menneske blei drepne i eit israelsk luftangrepet mot teltleiren for internt fordriven i Rafah. Minst 65 er såra.

– Det finst ingen trygge stader i Gaza, dette gruvsame må stoppe, skriv Generalsekretær António Guterres på sosiale medium etter angrepet.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 28.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Angrepet skjedde to dagar etter at Den internasjonale domstolen (ICJ) beordra ein stans i angrepa mot Rafah.

– Den typen skade som blir påført uskuldige menneske er vondt å vere vitne til. Samstundes er det fint å vere her for å kunne bidra med heilt nødvendig helsehjelp, seier den norske fødselslegen.

I tillegg til å jobbe som fødselslege jobbar McFadzean saman med lokale helsearbeidarar for å redde dei som blir skadd i dei valdelege angrepa.

– Eg sit naturleg nok igjen med ein del inntrykk av krigens brutalitet. Kor lite menneskekroppen har å stille opp med når han møter krefter som er så utruleg overdimensjonert, seier McFadzean.

Då bombene small utanfor jobba fødselslegen og kollegaane i teltsjukehuset heile natta og behandla dei skadde.

– Noko av det som gjer inntrykk på meg er når me får såra ungar og tenåringar inn med alvorlege skadar som vil påverke dei resten av livet. Viss dei klarer å overleve dette.

Minst 45 personar er drepen i et luftangrep mot eit senter for internt fordriven i Rafah, søndag kveld.

Livsgneiste midt i det tunge

Angrepa har kome nærmare og nærmare der McFadzean jobbar på det nyopna feltsjukehuset i Rafah.

– Det er auka aktivitet med høgare lyd frå eksplosjonane som bombene dei slepp ned medfører, forklarar fødselslegen.

Nyfødt barn i Rafah

– Dette er mitt tredje barn. Eg har gjeve han namnet Sanad som betyr «støtte». Me håpar han kan vere støtta vår.

Reem Abo Mousa

nybakt mor i Rafah

Det har vore hyppigare lydar frå eksplosjonar og meir høglydt enn tidlegare. Men eg må seie at det er ganske lite klaging. Dei klagar lite over dei prøvelsane dei må halde ut.

For sjølv med hyppigare eksplosjonar og større skadar held folk på håpet om at det skal ta slutt.

– Det vitnar likevel om ein sånn livsgneiste midt oppe i det tunge og vanskelege, at dei framleis vil at livet skal gå framover. Og det gjer det også, det går på ein måte vidare.

Minst 40 personar er drepen i et luftangrep mot eit senter for internt fordriven i Rafah i går kveld. Det melder nyheitsbyrået AFP og viser til sivilforsvaret i Gaza.

Jobbar i ein krigsturnus

Det er Noregs Røde Kors som skal koordinere drifta av feltsjukehuset med bidrag frå Røde Kors i ti andre land samt Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC).

Sjukehuset har 60 senger og kan gje helsehjelp til om lag 200 menneske om dagen i poliklinikken.

Og saman med 13 norske helsearbeidarar jobbar lokale palestinarar.

– Det jordmødrer, sjukepleiarar og legar som me jobbar saman med. Dei jobbar gjerne skift på 24 timar på sjukehusa sine. Det er ein krigsturnus dei går i.

Og når dei skal heim for å sove etter å ha jobba i eit døgn er det i eit varmt telt med lite privatliv.

– Eg er veldig imponert over innsatsen som dei lokale helsearbeidarane legg inn

Publisert 28.05.2024, kl. 15.32

Read Entire Article