I dag får dei IS-tiltalte Bærum-søstrene dommen

1 week ago 12



Som 16 og 19 år gamle rømte dei to søstrene frå Bærum til Syria. Kvifor dei reiste dit, er ikkje påtalemakta og dei sjølve einige i.

I ein stappfull rettssal i Oslo tingrett blir dommen i dag lest opp.

Rettssak to søstre

Foto: Ane Hem / NTB

Slik har dei forklart seg

I løpet av sju veker har dei i haust gitt si forklaring til retten. Mange vitne har vore i vitneboksen, og omfattande elektronisk materiale har blitt lagt fram.

Mange kjenner til søstrene frå Åsne Seierstads bok «To søstre». Då den eldste søstera starta si forklaring i Oslo tingrett i haust, sa ho at ho såg fram til å kunne fortelje si eiga historie.

To søstre fra Bærum

Foto: Privat

Dei to søstrene som no er 31 og 27 år gamle, forklarte at dei reiste til Syria for å drive hjelpearbeid, og at dei ikkje hadde moglegheit til å komme seg ut av Syria når dei først hadde kome seg over grensa.

At dei sverja truskap til IS, ytra seg positivt om kalifatet, og snakka med andre kvinner i Noreg om at dei også burde kome til Syria, var noko som var forventa av dei, har dei forklart.

Dei gifta seg og fekk born med to framandkrigarar. Det var tryggare slik, har dei forklart retten.

Dei to søstrene har heile tida nekta straffskuld, og forsvararane la ned påstand om full frifinning.

Påtalemakta meiner at søstrene reiste til Syria for å slutte seg til terrororganisasjonen IS. Dei bad om 4 og 2 års fengsel for søstrene.

– Tvert imot var ho ein sterkt ideologisk motivert støttespelar frå ho kom til Syria og fram til den siste IS-skansen blei nedkjempa. Og det stoppa ikkje der, sa statsadvokat Marit Formo i si prosedyre om den eldste søstera.

Begge gifta seg med framandkrigarar

Dei to søstrene er tiltalt for noko ulike handlingar. Den yngste var også 16 år då ho reiste ned til Syria.

Påtalemakta meiner søstrene har utført fleire handlingar som er straffbar deltaking i IS:

  • Dei har begge gifta seg med ein framandkrigar
  • Den yngste søstera skal ha førebudd seg til å starta ein militær treningsleir for IS-kvinner.
  • Ho skal ha sverja truskap til IS og deltatt på shariakurs.
  • Begge søstrene skal ha forsøkt å fått andre norske kvinner til å knytte seg til IS.
  • Den eldste søstera skal ha deltatt på shariakurs, koranskule, og språkopplæring i IS, samt undervist i engelsk.
  • Den eldste skal ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi.

Publisert 24.01.2025, kl. 09.41 Oppdatert 24.01.2025, kl. 09.58

Read Entire Article