Det var proppfullt i skøytehallen då 1000 meterfinalen for kvinner gjekk av stabelen i Milano måndag kveld.
Blant dei største favorittane var medieprofilen Jutta Leerdam i siste heat, som vann OL gull og sette ny olympisk rekord, like etter at lagvenninna gjorde det same.
Kva betyr det å ha familien din og Jake Paul her?
– Det betyr alt for meg. Dei veit kor hardt eg har jobba, og kor mykje eg har grått. Alt presset eg har lagt på meg sjølv og heile oppladinga til dette augneblinken. Alt eg har lagt ned til denne idretten. Eg kan nesten ikkje tru det.
Det sa ein tydeleg prega og lykkeleg Jutta Leerdam til NRK etter sigeren.
To draumeløp
– Det er to draumeløp. Ho som har lagt det største presset på seg sjølv får sjå lagvenninna sette olympisk rekord og klarar å innfri, seier NRK sin skøyteekspert.
ETTERLENGTA: Leerdam har eit OL-sølv frå før.
Foto: WANG ZHAO / AFP / NTBOL-REKORD: Jutta Leerdam gjekk inn til ny olympisk rekord på øvinga
Foto: WANG ZHAO / AFP / NTBPALLEN: Leerdam vann framfor nederlandske Femke Kok og japanske Miho Takagi.
Foto: Yves Herman / Reuters / NTBGOD KLEM: Leerdam gjekk rett i armane til trenar Kosta Poltavets etter gull-løpet.
Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTBGOD KOK: Det var stappfullt i hallen i Milano.
Foto: WANG ZHAO / AFP / NTB
– Det blir eit spektakulært teater, noko ein ikkje kan bestille på førehand. Det perfekte tusenmeterdramaet.
For Leerdam har dette vore ein draum i lang tid.
– Dette betyr alt. Det er uvirkelig, heilt fantastisk. Eg har jobba heile livet for dette, heilt sidan eg var 11 år gammal. Eg har alltid sagt, heilt frå eg var ei lita jente, at eg ville bli olympisk meister når folk spurde om måla mine.
– Medan dei andre jentene sa ting som « eg har lyst til å kvalifisere meg til NM» så ville eg bli olympisk meister. Og det fungerte – eg er verkeleg lykkeleg.
To olympiske rekordar
Verdscupleiar Femke Kok var først i aksjon.
– Det går styggfort, det er fenomenalt, kjem det frå kommentator Hans Solbakken.
Kok sette standarden med 1.12.59 og ny olympiske rekord.
– Eg trudde ikkje det skulle vere mogleg etter Kok sitt løp, seier skøyteekspert Even Wetten.
SISTE HEAT: I siste heat sette Jutta Leerdam ny olympisk rekord og vann OL gullet.
Foto: APVann når det gjeldt som mest
I siste heat var det Jutta Leerdam mot regjerande olympisk meister Miho Takagi.
Frå starten av såg det lovande ut. Og heile arenaen gav god lyd frå seg etter kvart som Leerdam nærma seg mål.
1.12.31 på Jutta Leerdam, gull og ny olympisk rekord.
PALLEN: Leerdam i midten, Femke Kok tok andreplassen medan Takagi vart nummer tre.
Foto: AP– Heilt utruleg å klare å respondere på den kraftsalven som Femke Kok viste, seier NRK-ekspert Even Wetten.
Femke Kok tok andreplassen medan Takagi vart nummer tre.
Ut i gråt
Det var mykje kjensler etter løpet og løparen brast ut i gråt.
– Eg er så stolt av laget mitt, trenaren min og fysioterapeuten min. Alle har gjort sitt yttarste og hjelpt meg kvar einaste dag, og eg gler meg til å feire saman med dei.
Blant publikum sat kjærasten og internettstjerna Jake Paul. Han var også tydeleg prega etter løpet.
ENDÅ EI STJERNE: Internettstjerna Jake Paul sette på tribunen og var tydeleg prega etter løpet.
Foto: Antonio Calanni / AP / NTBStor fallhøgde og medietrøbbel
Leerdam tok sølv på distansen frå OL i Beijing i 2022.
Den nederlandske stjerna hadde allereie før løpet rokke å få søkelyset på seg under meisterskapen, då ho nekta å snakke med medium frå heimlandet.
Kva skjedde mellom deg og nederlandske medium?
– Eg kan gjere kva som helst og legge det ut på nettet, og så spreiar det seg med ein gang. Det er noko som av og til kan vere vanskeleg for dei tradisjonelle media. Eg forstår det, men samtidig burde dei ha støtta utøverne under OL.
LEERDAM: Mykje kjensler vart slupne fri etter målgang på 1000-meteren i Milano.
Foto: Reuters– Til sjuande og sist, sjølv om eg har hatt i bakhovudet at det alltid vil bli sagt ting om meg, så vet eg at eg kan legge det til side og fokusere på idretten. Det er ikkje noko alle kan sjå, for eg viser det ikkje alltid.
Med over 5 millionar følgarar på Instagram, 2 millionar på TikTok og ein kjærast med namn Jake Paul har ho verkeleg skaffa seg eit namn.
– Ho har gjort seg utilgjengeleg for media, flydd i privatfly. Gjer alt dei kan for å få mest moglg merksemd. og snakka om at det er dette gullet ho skal ta, seier Wetten.
– Det største fenomenet på skøyter, når du tenker på alle faktorar.
Publisert 09.02.2026, kl. 18.44 Oppdatert 09.02.2026, kl. 19.59












English (US)