Hunden Zavannah (6) var nær ved å drukne - redda av brør på fisketur

1 month ago 18



Utan brørne Holmlund kunne rømlingseventyret til Zavannah (6) enda tragisk.

Idet brørne rodde ut på Alvsjøen på Dovrefjell laurdag, fekk dei auge på ein mann på land som veiva frenetisk med armane.

Dei klarte ikkje å høyre ropet hans, men forstod at dei måtte skunde seg rundt ei øy i vatnet.

– Kroppsspråket var tydeleg. Det stod om liv og død, seier John Arne.

– Slapp ikkje blikket

Då brørne rodde rundt øya, fekk dei auge på henne.

Ein liten hund på rundt ti kilo som kava i ring.

– Ho var openbert heilt utsliten, og i ferd med å drukne. Det var berre toppen av hovudet på bikkja som var synleg over vatnet.

Men da redningsmennene nærma seg, må det ha gitt hunden fornya styrke. For ho byrja å svømme mot dei, fortel John Arne.

Vel om bord blei den vesle hunden inntulla i ein genser og trygt plassert på fanget til Per Christian.

– Ho hadde heftige frostrier, og såg godt på bror min. Ho slapp ikkje blikket hans, fortel John Arne.

John Arne Holmlung på Avsjøen

Per Christian Holmlund i robåten på Avsjøen, der han og broren John Arne til vanleg koplar av med aurefiske.

Foto: Privat

På rømmen i ti dagar

Det viste seg at hunden, ein seks år gammal Shetland sheepdog kalla Zavannah, hadde vore på rømmen i ti dagar.

Ho forsvann frå Hageseter på Dovrefjell i slutten av juli, ei forsvinning som i starten skapte stort engasjement med søk med frivillige og dronar.

Johans Nomeland er innehavar av overnattingsstaden Dovregubbens Hall. Han fortel at det var forbikøyrande på E6 som hadde oppdaga Zavannah, og prøvd å fange henne utan hell.

Slik hamna Zavannah i vatnet.

– Ei solskinshistorie

Johans skunda seg ut da han fekk høyre om hunden.

Ved vatnet fekk han auge på brørne, og fekk gaula til dei at dei måtte snu og redde hunden.

– Ho hadde blitt mager etter ti dagar på rømmen, men var ved godt mot, seier Johans om augeblinken dei fekk henne på land.

– Det er jo ei solskinshistorie, for ho sprang jo på E6 og kunne like godt blitt ihjelkjørt, og ho kunne ha drukna i vatnet. Men heldigvis var desse to fiskarane der ute, så alt klaffa for at denne hunden skulle bli redda.

Det har så langt ikkje lykkast NRK å få tak i hundeeigaren.

Ho har likevel delt på Facebook at Zavannah har vore hos dyrlege og har gått ned cirka ein kilo. Ho har slitne, såre potar og skrubbsår her og der, men er elles i god form.

Publisert 05.08.2024, kl. 11.25

Read Entire Article