Hoppa i sjøen etter at det byrja å brenne i båt i Sykkylven

1 month ago 17



Båten er overtent. Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 14.00. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Båten skal ha vore utanfor Ikornes i Sykkylven då det byrja å brenne.

– Vi fekk melding om at det var full fyr i ein liten fritidsbåt. Alle dei fem som var i båten har tatt seg til land, seier Tor André Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han seier vidare at tre av desse var i sjølve båten då den byrja å brenne, medan to personar var i ein såkalla tube bak båten. Alle svømde til land.

– Det er ikkje meldt om personskadar, seier operasjonsleiaren.

Politi på staden er i gang med å ta avhøyr av dei som var om bord i båten.

Uklar brannårsak

Det er så langt uklart kva som var årsaka til brannen.

– Årsaka er usikker, men det blir truleg klarlagt gjennom etterforskinga, seier Gram Franck.

Båten ligg eit godt stykke frå land. Det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg.

Brannvesenet jobbar med å sløkke brannen og å få kontroll på båten.

– Vi har ein eigen båt på staden og har starta sløkkingsarbeidet. Brannen skal ha starta i motoren på båten, seier Kenneth Solvang-Søvik, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Publisert 02.08.2024, kl. 14.17 Oppdatert 02.08.2024, kl. 14.56

Read Entire Article