Historisk fangeutveksling: Dette er fangane

1 month ago 20



Torsdag kom det fram at fleire vestlege land har inngått ei historisk fangeutveksling med Russland.

16 menneskerettsaktivistar og journalistar blir bytta mot åtte russarar, kunne utanriksminister Espen Barth Eide kunngjere.

Truleg må vi tilbake til den kalde krigen for å sjå ei liknande fangeutveksling, seier Eide.

Nokre av dei har blitt hylla, og andre har skapt større kontroversar.

Vadim Krasikov

Tyske styresmakter har stadfesta at Vadim Krasikov er ein del av fangeutvekslingsavtalen.

Dei seier at å utveksle den russiske drapsdømde ikkje «ei enkel avgjerd».

Det var i 2021 at Vadim Krasikov blei dømd for drapet på georgiske Zelimkhan Khangoshvili som tidlegare var ein del av det tsjetsjenske forsvaret.

Ein solfylt augustdag i 2019 blei Khangoshvili treft av tre skot i ein park i Berlin.

Photo of Russian Vadim Krasikov

Foto: OBTAINED BY REUTERS / Reuters

Dommaren kalla dette for terrorisme og hevda at oppdraget kom frå Putin sjølv, skriv Reuters.

Han blei arrestert berre minutt etter at han skaut og drap Khangoshvili.

Under rettssaka nekta han straffskuld og heldt på sin falske identitet som Vadim Sokolov, ein handverkar som var på besøk i Berlin.

Om han skal halde fram med å sone dommen i Russland er enda usikkert, og det er hendene til Putin.

Evan Gershkovich

Wall Street Journal-journalisten blei pågripen av russiske styresmakter i april 2013. Han har vore i russisk fengsel sidan då.

Wall Street Journal har stadfesta at Gershkovic er ein del av fangeutvekslinga.

Russland hevda at Gershkovic dreiv spionasje då han var på reportasjetur for Wall Street Journal.

Russia US Reporter

Foto: AP

Aktor Mikhael Ozdojev hevda at journalisten handla på vegner av amerikanske CIA og samla inn hemmeleg informasjon om forsvarsbedrifta Uralvagonzavod i Jekaterinburg.

Wall Street Journal avkrefta dette, og Gershkovic har nekta straffskuld.

I dag blir han utlevert til USA, stadfestar arbeidsgivaren.

Oleg Orlov

Espen Bart Eide stadfestar at fredsprisvinnar Oleg Orlov er ein del av fangeutvekslinga.

Den russiske menneskerettsaktivisten fekk nobels fredspris medan han sat inne i russisk fengsel. Orlov er ein kjend kritikar av det russiske regimet.

Det var Memorial, den no forbodne menneskerettsorganisasjonen som blei tildelt Nobels fredspris i 2022. Orlov var leiar i organisasjonen.

Oleg Orlov

Foto: AP

Han blei pågripen etter at han skreiv ein artikkel der han kritiserte Russland for å ha sokke ned i fascisme under president Vladimir Putin.

Orlov dømd til 2,5 år i fengsel for å ha krenka Russland sine væpna styrkar.

Mikhail Mikusjin

Han er sikta for grov etterretningsverksemd mot Noreg, då han arbeida som gjesteforskar på Universitetet i Tromsø.

Mikusjin blei pågripen av PST på veg til jobb i 2022. Der gjekk han under falsk namn og hevda at han var brasiliansk statsborgar.

Mikhail Valerijevitsj Mikusjin

Mikhail Mikusjin har sjølv innrømt at han brukte falsk identitet i Noreg. No er han på veg til Russland.

Alsu Kurmasheva

Den russisk-amerikanske journalisten er også ein av dei som no skal vere på veg tilbake til USA, ifølgje New York Times.

Ho arbeida for amerikanske Radio Free Europa/Radio Liberty og blei i desember dømt til 6,5 år i fengsel for å ha spreidd falsk informasjon om det russiske forsvaret.

Alsu Kurmasheva, an editor for the U.S. government-funded Radio Free Europe/Radio Liberty's Tatar-Bashkir service, attends a court hearing in Kazan, Russia on Friday, May 31, 2024.

Foto: AP

Dommen var basert på Kurmasheva si bok om 40 russarar som er motstandarar av krigen i Ukraina.

Kurmasheva budde til vanleg i Praha men blei pågripen då ho var på tur til heimbyen sin Kaza i Russland.

USAs president Joe Biden synger bursdagssangen for 13 år gamle Miriam Butorin, Alsu Kurmasheva’s datter.

Publisert 01.08.2024, kl. 19.10 Oppdatert 01.08.2024, kl. 19.23

Read Entire Article