– Eg er veldig for KI i musikkproduksjon. Eg ser ikkje ulempene i det heile, seier Jimmy Iovine til The New York Times.
Han er plateprodusent og har jobba saman med hiphop-stjerna Dr. Dre heilt sidan 1990-talet.
Lars Vaular har vore ein av dei fremste representantane for norskspråkleg rap i ei årrekkje.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Ja, eg brukar det som eit verktøy for å sjå kva det kan gjere med det eg nettopp har laga, seier Dr. Dre.
Saman har Iovine og Dr. Dre oppdaga og signert artistar som Eminem, 50 Cent og Kendrick Lamar.
Nokre dagar før intervjuet hadde Dr. Dre snakka med kjenningar som var imot KI-musikk.
– Og eg sa: «Du høyrest ut som den personen som ville vore imot trommemaskina da den kom ut.» Eller synthesizerar. Det er eit nytt verktøy for kreativitet. Nokon er redde for å lære nye ting.
Jaimie Trueblood / United International Pictures
Hiphop-pioner
Dr. Dre slo igjennom på 80-talet med N. W. A og forma vestkysts-rap og «G-funk».
Chris Pizzello / AP / NTB
Produsent og rappar
Står bak suksessar som Still D. R. E, The Next Episode og Nuthin' but a "G" Thang.
FRANK MICELOTTA / AFP / NTB
Stjernejeger
Oppdaga og signerte gigantar som Snoop Dogg, Eminem, 50 Cent og Kendrick Lamar.
ELSA / AFP / NTB
Milliardær
Medgründer av Beats by Dre som blei selt til Apple i 2014. Han produserer framleis ny musikk og har nyleg lansert drikkevaremerket Gin & Juice saman med Snoop Dogg.
Vaular: – Sjølvgjort er velgjort
Lars Vaular har bana veg for norskspråkleg hiphop på bergensdialekt og er ein av dei mest markante norske rapparane.
– Eg tenkjer at frå eit perspektiv der du skal tene mest mogleg pengar på minst mogleg innsats, så er det kanskje sant at KI fungerer.
– Men frå mitt perspektiv, der eg leiter etter musikk som gir meg noko og ikkje reproduserer ting som er gjort før, så blir KI berre ein assistent som kan hjelpe i skissestadiet.
– Synthesizerar erstatta berre instrument, ikkje utøvarar og komponistar, seier Lars Vaular.
Foto: Benjamin René Dyrdal / NRKMusikk handlar om identitet, meiner han. Og om å fortelje noko om den menneskelege opplevinga.
– Og ingen gjer det betre enn mennesket sjølv. Eg er veldig av den oppfatninga at sjølvgjort er velgjort.
– Kva tenkjer du om samanlikninga mellom då trommemaskina og synthesizerar kom på marknaden, og kunstig intelligens?
– Eg drit litt i kva Dr. Dre synest. Han er 60 år gammal og prøver å produsere ting med minst mogeleg innsats.
KI-artisten Ida Andrea har i dag 23 400 lyttarar månadleg på Spotify.
Foto: Egil Trones Christiansen / NRKNordmenn kritiske til KI-musikk
Nordmenn blir meir og meir kritiske til KI-musikk, viser ei ny undersøking frå Nordic Digital Music Survey 2026.
- 74 prosent av oss meiner at KI-generert musikk bør kunne bli filtrert vekk frå spelelister.
- 1,2 millionar av oss er villige til å betale ekstra for ei strøymeteneste som stenger KI-musikk ute.
– Og det skal ganske mykje til før folk seier at de er villige til å betale meir for ei teneste, seier Willy Martinsen i Tono.
Sånn kan det sjå ut når ein lagar KI-musikk i KI-tenesta Suno.
Foto: Robert F. Bukaty / AP,NTBTono forvaltar norske musikarar sine opphavsrettar, og dei har bestilt undersøkinga saman med søsterselskapa i Sverige og Danmark.
– Vi ser at sidan førre gong vi gjorde undersøkinga er det stadig fleire som krev merking av KI-musikk i strøymetenestene. Her har det vore ei stor auke på to år.
Dessutan vil 75 prosent at låtskrivarar skal få bestemme sjølv om musikken deira kan bli brukt som øvingsdata for kunstig intelligens.
Lars Vaular meiner at det er dette kritikken mot Dr. Dre eigentleg handlar om.
– Det verkar som han ikkje ser det prinsipielle problemet i at KI stjel frå åndsverka til ekte menneske.
Willy Martinsen er kommunikasjonsdirektør i Tono.
Foto: Agnete Brun / TonoTono: – Eit menneskeleg språk
Den franske strøymetenesta Deezer oppgir at 44 prosent av all musikk som blir lasta opp der er KI-generert.
Deezer har også ei teneste som finn og filtrerer vekk KI-musikk for lyttaren.
Nettopp slike tenester ønsker folk meir av, ifølgje undersøkinga til Tono.
– Musikk er eit menneskeleg språk. Og viss det treffer deg i hjarterota, så vil du vite om dette er ekte eller ikkje, seier Martinsen.
Han trur ikkje folk er så opptekne av om fire linjer i ein song kjem som ein idé frå ei KI-teneste.
– Men det må vere det aktive, at det er eit menneske som har noko å formidle, seier Martinsen.
Ifølgje Tonos regelverk har ikkje reine KI-genererte låtar opphavsrett. Dermed kan ingen få utbetalt pengar når slike låtar blir spelte.
Vaular trur augneblikkskunsten vil bli viktigare.
Foto: NRKTrur livemusikk blir viktigare
KI-musikken følgjer samfunnsutviklinga generelt, og truleg blir det meir KI-musikk framover.
Vaular trur det kjem til å gjere at musikk som blir spelt av ekte menneske på ei scene får ei større rolle.
– Eg trur at livemusikken og augneblikkskunsten kjem til å bli viktigare og viktigare, seier han.
Dei kunstnarane som greier å skape augneblikk, trur han at det alltid finst ein marknad for.
– Og det er jævlig mykje enklare med KI, men det er ikkje alltid at det som er enkelt og som går fort gir så mykje djupn, seier Vaular.
Publisert 19.09.2026, kl. 10.45















English (US)