Her står rundt 100 bubilar fast i ferjekø på populær turistveg – utan mobildekning

1 month ago 42



– Det er kanskje ikkje så mange som tar denne turen langs kystriksvegen igjen, som er den vakraste turistvegen i verda.

Det seier ein oppgitt ordførar i Rødøy kommune, Inger Monsen.

Hittil i sommar har sola skine og mange har tatt turen nordover. Det har skapt mykje trafikk på fylkesveg 17, og dermed trafikkork på ferjekaiene Jektvik og Kilboghavn nord på Helgeland.

Tidlegare i år stramma Sjøfartsdirektoratet inn reglane for kviletid. Dette har ført til ruteendringar på fleire samband, noko ein òg merkar i Rødøy.

– Vi har eit problem med at ekstraferja har ein pause midt på dagen, som gjer at det hopar seg opp med bilar på begge stader, seier Monsen.

Dette eskalerte veldig på torsdag. Då var det 500–600 meter med kø oppover fylkesvegen, ifølge ho. Køen strekte seg langt opp i 80-sona.

– Det er ganske trafikkfarleg.

Dette førte også til at rundt 100 bubilar blei ståande igjen på ferjekaia Jektvik etter at siste ferje hadde gått for dagen.

Det var eit ganske trist syn, seier ordføraren som kom med siste ferja.

Ifølge ho har det vore mykje kø og ufrivillig kai-overnatting i det siste.

– Det er heilt ekstremt.

Det var Rana Blad som skreiv om dette først.

Ikkje dekning heller

På nettsida til fylkeskommunen står det informasjon om at reisande må belage seg på lang ventetid på sambandet Jektvik – Kilboghavn for å kome seg vidare med ferjene.

Men det får ikkje turistane med seg når dei står igjen på kaia, fordi der er det nemleg ikkje mobildekning.

Det er veldig trist at det ikkje er mobildekning på ferjekaia. Det gjer det vanskeleg for reisande å både få informasjon og sjekke rutetidene, seier Monsen.

Men det verste er at dette gjer det vanskeleg å få tak i naudetatane, meiner ho.

Det står ganske mykje folk der når køen er på det verste. Så det er ei utfordring vi har tatt opp med fylkeskommunen og Telenor.

Fjellformasjonene Dønna-mannen og Syv søstre på Helgeland fra en ferje.

Man kan også sjå fjellformasjonane Dønna-mannen og Sju søstrer på Helgeland.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Er ikkje bra reklame

Ordføraren er redd dette kan føre til mindre turisme.

– Det er ikkje bra reklame for å få fleire besøkande og fleire turistar.

Men det er ikkje berre turistane trafikkorken på ferjekaia går utover.

– Vi er nokon fastbuande som også treng å reise. Vi må også stå i timevis i kø og rekne med å ikkje kome med heller. Det er tungvint, rett og slett.

Ho seier det er innanfor at ein må stå over ein tur med ferja, men når du har stått der ein halv dag eller gjerne eit døgn, då er det ikkje så OK lenger.

Torghatten

Frå kystriksvegen kan ein blant anna sjå Torghatten.

Foto: Bjorn Henrik Ormo

Ordføraren trur løysinga er å fjerne pauseopphaldet til den eine ferja midt på dagen.

– Det er dette med å auke kapasiteten og få fleire avgangar. Det kan også godt hende at trafikken kunne ha flote bra, viss det ikkje hadde vore opphald på den eine ferja midt på dagen.

Men skal ikkje ferje-personellet få pausen sin?

– Sjølvsagt. Eg veit ikkje korleis det er med kviletidsreglar, men tidlegare år har ein ikkje hatt den pausen midt på dagen.

Fleire besøkande enn før

– Eg synest det er flott at så mange ønskjer å legge ferien sin til Nordland. Men det er frykteleg kjedeleg at ein har så lang kø. Eg forstår frustrasjonen.

Det seier fylkesråd for samferdsel i Nordland, Marianne Dobak Kvensjø (H), og legg til;

– Men i sommar har vi hatt mange besøkande, fleire enn vi har hatt tidlegare.

Vidare seier ho at dei jobbar med å betre situasjonen og gjer tiltak fortløpande.

– Vi har allereie gjort mange tiltak før sommaren, seier Kvensjø.

Dei har blant anna sett inn ekstra ferjer og har fleire avgangar på mange av ferjesambanda. Inkludert dette.

Fylkesråd for samferdsel Marianne Dobak Kvensjø fra Høyre.

Fylkesråd for samferdsel Marianne Dobak Kvensjø frå Høgre seier dei snakkar med operatøren for å finne ei løysing.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Vi har også sett av ekstra midlar i år til informasjonsarbeid sånn at både innbyggarar og næringslivet, men sjølvsagt også turistane våre, skal få god informasjon om både køar og tiltak vi gjer.

Men hjelper det når det ikkje er mobildekning på ferjekaia på Jektvik?

– Nei, akkurat der har vi ei utfordring som vi har tatt opp med Telenor. Vi har vore i dialog med kommunen om at dette må på plass.

Når det gjeld pausen midt på dagen, er fylkesråden i dialog med reiarlaget for å sjå på situasjonen.

– Det blei innskjerping frå Sjøfartsdirektoratet litt tidlegare i år, som gjer det litt utfordrande for oss å få alt til å gå opp. Så no er vi i dialog med operatøren for å sjå på korleis vi kan løyse dette annleis, avsluttar Kvensjø.

Publisert 21.07.2024, kl. 09.21 Oppdatert 21.07.2024, kl. 10.18

Read Entire Article