Her står barnefamilien rett under isbreen: – Klimaendringane gjer breane enno farlegare

1 month ago 26



Denne veka vandra ein gruppe forskarar opp mot ei flate på Engabreen, ein brearm av Svartisen i Nordland.

Dei skulle sjå kor mykje is og snø som hadde smelta vekk denne sommaren.

Men på vegen opp såg dei eit for dei skremmande syn: Familiar med barn gjekk tett på brearmane.

– Breen er heile tida i rørsle. Når du er langs ein brekant som er høg og bratt er risikoen der heile tida.

Engabreen ved Svartisen i Meløy.

Isbreforskar Hallgeir Elvehøy er særleg uroa for at turistar kan få dei digre isblokkane som fell ned frå isbreen i hovudet. Det er umogleg å vite når det vil skje for ein turist.

Foto: Hallgeir Elvehøy

Det seier isbreforskar Hallgeir Elvehøy frå NVE.

Det får Den Norske Turistforening til å reagere. Dei meiner folk ikkje forstår risikoen.

– Vi veit at det diverre er folk som tar sjansen og går lengre ut enn dei skal. Det er eit fenomen vi ikkje berre ser på Svartisen, seier leiar for DNT i Bodø og omegn, Berit Irgens.

Første gong all vintersnøen har smelta

I år har det vore ein spesielt varm sommar i nord.

For dei fleste nordlendingar har sommarvarmen vore ei glede, men for Engabreen har sommaren hatt alvorlege konsekvensar.

Hallgeir Elvehøy i NVE på Hamar

Forskar Hallgeir Elvehøy var på Engabreen for første gong i 1992. Dette er første gong han har opplevd noko som dette.

Foto: Anne Næsheim / NRK

På berre tre månadar har isbreen smelta 8 meter. For første gong har all vintersnøen smelte vekk i år.

– Det er eit av dei aller dårlegaste årene for breen nokon gong, fortel Elvehøy.

Berre sidan tusenårsskiftet er tjukkleiken på Svartisen, som Engabreen er del av, halvert.

Svartisen ligg midt mellom Mo i Rana og Bodø, og strekk seg over seks kommunar. Breen er eigentleg delt i to. Dei to delane blir kalla østbreen og vestbreen.

Funna frå den siste synfaringa seier det same som Elvehøy sine britiske kollegaer har konkludert med: Breane smeltar vekk enno raskare enn før.

– Engabreen har vore ein av breane i Noreg som har klart seg best. Det har som regel låge igjen snø der etter vinteren. Så dette er ikkje ei positiv utvikling, seier Elvehøy.

Isbreane blir farlegare

Smeltinga gjer at isbreen er i stadig rørsle. Det gjer også breen farlegare, og det kan rase oftare.

– Det ramlar mange isklumpar frå breen heile tida og isen heng ut over. Heldigvis skjedde det ikkje i går ettermiddag, men det veit ein berre etterpå, seier isbreforskaren.

Før turistane kom fram til isbreen måtte dei forbi tre skilt med åtvaringar, ifølge forskaren. Dei ber folk halde 100 meter avstand til brekanten.

Skilt som varsler om fare ved Engabreen i Meløy.

Skilt som dette møter turistar og lokale turgåarar opp Engabreen ved Svartisen.

Foto: Hallgeir Elvehøy

Forskarane forsøkte å rope ned til turistane at det var farleg. Men utan nytte.

Elvehøy forstår at turistar som har reist langt kan føle at åtvaringane er overdrivne. Dersom nokon beveger seg forbi åtvaringane, meiner han det er lettare for andre å gjere det same.

– Ein må ha vore fleire gongar ved ein bre for å forstå at han forandrar seg. For ein vanleg turist kan det sjå ut som ein del av fjellet.

Isbreguide: Ser same problem mange stader

Og det er ikkje berre ved Engabreen fagfolk ser turistar freiste skjebnen. Også på Nigardsbreen, Bøyabreen og Supphellebreen, som er del av Jostedalsbreen, er dette eit kjent problem.

Heller ikkje her har det fungert med åtvaringar på skilt.

Tindvegleiar Halvor Dannevig som leiar turistar på brevandring i området fortel at det har vore fleire dødsfall dei siste åra fordi turistar utan guide har fått isblokkar i hovudet eller blitt ramma av flaum frå brearmane.

Engabreen

Dei siste 20 åra har 28 brear med samanhengande målingar i snitt trekt seg 391 meter tilbake, informerer Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Her frå Svartisen.

Foto: Jarle Elverhøy

Om du går brevandring med ein guide kan du kome heilt nære breen. Trur du det gjer at turistar utan guide ikkje forstår risikoen?

Det kan vere. Men ein guide veit kor ein skal gå og kor det ikkje rasar is for å ta med turistar på ein trygg måte. I tillegg har dei med sikkerheitsutstyr som stegjern og tau, seier Dannevig.

I brearmane til Jostedalsbreen har løysinga vore fysiske vaktar. Det har også blitt løysinga ved Trolltunga og på Besseggen i Noreg og i Alpane.

Svartisen, Engenbreen og Brestua i Meløy.

Namnet Svartisen kjem frå den gamle nemninga «Svartis», som beskriv den karakteristiske djupe blåfargen i isen, med kontrast til den kvite snøen.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Klimaendringane gjer breane enno farlegare for turistar som ikkje veit kva dei gjer, seier Dannevig er òg klima og miljøforskar ved Vestlandsforskning i Sogndal.

Årsaka er at morenane der breane har trekt seg tilbake er ustabile og det kan ramle stein frå dei. Dammar som ligg att etter breane kan sprekke opp slik at det blir flaum, og om det smelter i bratt terreng kan det bli israsfare der det ikkje har vore før.

– Dessverre folk som tar sjansar

Berit Irgens i DNT i Bodø og omegn meiner turistar ikkje alltid forstår risikoen det medfører i naturen på kort sikt.

– Dei er veldig opptatt av å få den opplevinga og vere nært breen, seier ho.

Berit Irgens

Berit Irgens i Bodø og Omegn turistforeining har hatt fleire turistar innom i sommar som ber om råd før de besøker Svartisen. Ho opplever at dei som spør høyrer på dei.

Foto: Bodø og Omegns Turistforening

– Nokon turistar har mindre respekt for naturen fordi dei ikkje er tett på han til vanleg. Då er det lett å oversjå gode råd.

Irgens meiner skiltinga ved Engabreen er tilstrekkeleg, men seier at farane kunne vore informert om betre på engelsk på nettsider som turistane bruker.

Publisert 14.08.2024, kl. 13.21

Read Entire Article